Forprosjekter til by- og bygdebøker

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 14. jan. 2020 kl. 15:14 av Marianne Wiig (samtale | bidrag) (mal)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Forprosjekter blir i dag stadig vanligere å lage før man setter i gang med større lokalhistoriske prosjekter. Både oppdragsgiver og forfatter kan ha nytte av et forprosjekt. Gjennom forprosjektet kan man få en primær oversikt over de økonomiske utgiftene og de administrative omkostningene knyttet til prosjektet, noe som vil være av vital betydning for oppdragsgivere, enten det er kommuner eller andre instanser som står bak. Dessuten er det både ønskelig og mulig å bruke forprosjektet til å formulere faglige målsetninger eller standarder for by- eller bygdeboka som forfatteren kan ha som rettesnor for arbeidet. Forprosjektet bør videre ta sikte på å finne fram til allerede foreliggende litteratur om et lokalsamfunn. Hvis mulig bør man også ta sikte på å drøfte kort hvordan den allerede foreliggende litteraturen kan utnyttes. Endelig bør man gjennom forprosjektet få en primær oversikt over kildematerialet og hvor det befinner seg.

Norsk lokalhistorisk institutt har vært med på å lage forprosjekter i samarbeid en rekke kommuner. Et konkret eksempel på dette er forprosjektet til Skedsmos historie. Instituttet har også deltatt i åpne diskusjonsprosesser som har ledet fram til forprosjekter, slik tilfellet har vært i kommunene Nedre og Øvre Eiker – der vi blant annet bidro med innspill på et folkemøte, da utkastet til forprosjekt ble lagt fram.

Et fellestrekk ved disse to prosjektene er at de har prøvd å kombinere bygdebok i papirutgave med bygdebok i nettutgave. Tanken bak denne kombinasjonen er å kunne utnytte de sterke sidene til begge medier. Både de involverte kommunene og Norsk lokalhistorisk institutt ønsker å skape diskusjon om framtiden for de store lokalhistoriske

Kva skal eit forprosjekt innehalde?

Forslag til evt. inndeling i enkeltband

  • For generell historie: kronologisk inndeling, evt. fordeling av enkeltartiklar.
  • For gards- og slektshistorie: geografisk inndeling.

Disposisjon

  • For generell historie: dersom påtenkt forfattar er med på forprosjektet, bør ein forvente ein godt gjennomarbeidd disposisjon. I motsett fall blir dette punktet meir identisk med pkt. 1 ovanfor.
  • For gards- og slektshistorie: ei skisse til oppsett for eit gardsnummer. Kor gjennomarbeidd og fastlåst dette mønsteret skal vere, må også gjerast avhengig av om påtenkt forfattar er involvert eller ikkje.

Litteratur- og kjeldeplan

  • Føreliggjande litteratur om området (derunder aviser og artikkelstoff).
  • Arkivmateriale i offentlege institusjonar og hjå private. Lokal dekningsgrad i viktige kjeldeseriar bør konstaterast. Kor mykje er evt. registrert, avskrive, elektronisk behandla?
  • Kulturminne (faste kulturminne og gjenstandsmateriale). Føreliggjande registreringsrapportar/katalogar frå museum og andre instansar etc. bør innhentast.
  • Biletsamlingar.
  • Kartmateriale.
  • Andre registreringar og samlingar (stadnamn, tradisjonsmateriale m.m.)
  • Desse oppslaga på lokalhistorie.no kan vere til nytte i dette arbeidet:
    • Oversyn over kulturvernsektoren
    • NLI si rettleiande kjeldeliste
    • NLI sitt oversyn over institusjonar og nettstader til hjelp for lokalhistorikarar
  • Innsamlingsstrategi:
    • Forslag til kopiering, registrering og innsamling, med særleg vekt på slikt som kan gjerast uavhengig av forfattar. (Jf. punktet om dugnadsoppgåver.)

Tekniske hjelpemiddel. IT-verktøy

  • Behovet for datamaskinelt utstyr (PC, skanner...), leseapparat (for mikrofilm og -kort), opptaksutstyr til intervjuing m.m. bør vurderast. Særleg med omsyn til gards- og slektshistorie bør forprosjektet tilrå val av programvare for elektronisk databehandling.

lllustrasjonsplan

  • Utgreiing om kva typar kart, skisser, diagram, og andre "tekniske" illustrasjonar som trengst, og korleis slikt kan skaffast til vegar.
  • Vurdering av behovet for illustrasjonsteikningar elles og ny fotografering (jf. fotosamlingar under kjeldeplanen ovanfor). NB! Det faktiske utvalet av illustrasjonar må kome undervegs i sjølve bygdebokarbeidet, evt. under leiing av ein biletredaktør.

Forfattar og medhjelparar

  • Forprosjektet bør uttale seg om ønskelege kvalifikasjonar hjå forfattar(ar) til dei einskilde delar av verket, og om behovet for medhjelparar og faglege konsulenttenester.

Finansieringsplan og budsjett

  • Forprosjektet må utarbeide ein mest mogleg realistisk finansieringsplan (offentlege fullfinansiering? sponsorar?...) og setje opp budsjettforslag.

Framdriftsplan og prosjektorganisering

  • Stipulere samla tidsbruk for prosjektet og setje opp ein plan med delmål undervegs.
  • Fastsetje arbeidsfordeling og ansvarsforhold mellom boknemnd, forfattar(ar), redaktør, biletredaktør.
  • Fastsetje rapporteringsrutinar.

Marknadsføring

  • Framlegg til distribusjons- og salsstrategi.

Om forprosjekt spesielt for gards- og slektshistorie, viser vi til Arnfinn Kjellands forprosjektrapportar (pdf) for Busetnadssoga for Stryn (2004) og ajourføring av Herøyboka (2006), samt kommentarar til og kalkyler over dei viktigaste arbeidsoperasjonane i samband med Busetnadssoga for Haram (2006) og Busetnadssoga for Stryn (2007). Sjå også Kjellands artikkel Heim og ætt for nye generasjonar. Frå gards- til småsamfunnshistorie? (2001).

Se også

Eksterne lenker