Forsandlandsbyen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Det rekonstruerte bronsealderhuset i fortidslandsbyen på Forsandmoen. Huset har leirklinte, doble flettverksvegger og stråtak. Leirkliningen er ei blanding av blåleire, sand, finhakka malm og kumøk. Huset er bygd av rundtømmer som er hogd i Forsand og nabokommunane, og utan bruk av spiker.
Foto: Knut Rage (2013)

Forsandlandsbyen var ei busetjing på Forsandmoen i Forsand kommune i bronsealder og eldre jernalder. Dette er den første førhistoriske landsbyen som er undersøkt i Noreg. Studiar av stadnamna i området indikerer at namnet Landa blei nytta om busetjinga her. Fleire hus er rekonstruerte, og publikum kan besøka fortidslandsbyen Landa for å få inntrykk av korleis folk budde og skaffa seg det dei trong.

Flateavdekking

Arkeologisk museum i Stavanger undersøkte i 1980 ei gravrøys på Forsandmoen. Det kom då for dagen busetjingsspor, noko som blei innleiinga til eit prosjekt som pågjekk fram til 1990 under leiing av arkeologen Trond Løken. For første gong blei flateavdekking nytta i stor skala ved arkeologiske granskingar her til lands. Metoden går ut på å fjerna dyrkingslaget med maskin for å kunna finna spor etter busetjing i undergrunnen. Særleg når det gjaldt å påvisa bygningar, viste flateavdekkingsmetoden seg å ha eit stort potensiale. Hol etter nedgravne stolpar teikna seg klart i undergrunnen etter at matjorda var fjerna. Flateavdekkinga resulterte også i funn av mange kokegroper til utandørs matlaging. I alt vart eit areal på om lag 100 mål avdekka på Forsandmoen i 1980-åra. Seinare har det vore fleire mindre arkeologiske undersøkingar på moen. Det er per 2007 dokumentrert spor etter 254 bygningar.

Bronsealder (1800-500 f.Kr.)

I perioden 1500-1300 f.Kr. vart det nordaustlege området på moen busett, der fortidslandsbyen Landa ligg i dag. Under lida her var det lunt og mykje sol. Husa var opptil 23 meter lange og 8 meter breie. Det dreidde seg om treskipa bygningar, det vil seia at to parallelle stolperekkjer litt innanfor ytterveggane bar taket. Dermed fekk ein eit midtfelt og to sidefelt. Husa hadde leirklinte flettverksveggar og strå- eller sivtak. Om folk og fe heldt til under same tak i denne eldste fasen, er usikkert. Om lag 1000 f.Kr. blei husa mindre og skilde i ein bustaddel og ein fjøsdel. På denne tida kom det også busetjing på vestlege delen av moen. Trond Løken meiner at bygningane kan ha gitt husrom for kjernefamiliar på 5-7 personar og 8-12 storfe. Det dreier seg om 3-5 samtidige gardseiningar.

Førromersk jernalder (500 f.Kr.-0)

Funn av slagg frå jernproduksjon og jerngjenstandar daterte til førromersk jernalder vitnar om at det nye metallet var teke i bruk på Forsandmoen. Reiskap av jern gjorde mange arbeidsoperasjonar lettare og bidrog nok til ekspansjon av busetjinga. Her fanst no i alt 6-8 gardar, som kan ha romma 40-60 personar og 60-90 storfe. Hus og tun blei flytta ein del rundt innan kvart gardsområde.

Eldre romartid (0-200 e.Kr.)

Rundt byrjinga av vår tidsrekning kom ein ny ekspansjonsfase. Talet på gardseiningar auka til rundt ti. Det skjedde fleire endringar i byggeskikken. For det første blei husa lengre. Vanleg lengde var rundt 30 meter, men det lengste huset er på kring 50 meter. Det blei dessuten slutt på at menneske og dyr hadde felles inngang midt på langveggen. I staden fekk menneska inngang i vestenden. Her fanst også lagerrom for korn. I austenden hadde dyra sin inngang til fjøset, og attmed låg lagerrom for høy. For å unngå råteskader på veggane kom syllstokkar på bakken i bruk. Ein reknar med at husa no fekk tak av never og torv eller av plankar i staden for av strå eller siv som tidlegare. I motsetning til det som var vanleg mange andre stader på Sørvestlandet, hadde husa på Forsandmoen ikkje ytre leveggar av stein. Forutan det store huset, var det vanleg at kvar gardseining også hadde eit mindre hus. Denne bygningen kan ha fungert som verkstad og lager.

Den store auken i husareal opnar for ein sterk folkevekst i perioden, men det er sjølvsagt også mogeleg at andre behov låg bak, som til dømes ønskje om auka lagerplass og større areal til dyr og menneske. Pollenanalyser vitnar om meir intensiv beiting og åkerbruk frå rundt Kristi fødsel. Immaterielle behov kan også ha medverka til at husa blei større. Løken ser for seg ei auka sosial stratifisering i eldre romartid, der enkelte slekter sikra seg ein maktdominans. Dette manifesterer seg i at dei største husa får eit stort opent rom i midten, ein hall, der det kan ha føregått festar og samankomstar av kultisk karakter, politiske drøftingar etc.

Yngre romartid (200-400 e.Kr.) og folkevandringstid (400-550 e.Kr.)

Frå om lag 200 e.Kr. blir det bygd nye hus om lag på same tomtene som før. No får busetjinga ein klar landsbystruktur ved at bygningane ligg på fire rekkjer orientert aust-vest. Det dreier seg om opptil 13 gardar. To vegfâr mellom rekkjene fører til åker, eng og utmark. I tillegg kom ei busetjing av tre gardar som låg for seg sjølv. Løken ser for seg at 200-240 menneske og 350-400 storfe hadde tilhald på moen. Geil (fegate) frå hus til utmark eller murt gjerde mot utmarka er ikkje påvist. Truleg har ein i staden nytta gjerde av flettverk. Det er påvist tre striper med høgt fosfatinnhald frå husa i landsbyen mot ein bekk som rann sørover moen. Truleg var det her geilene gjekk.

Lengst vest i landsbyen låg ein gard som merkte seg ut med tre store hus og eit stort tun. Det eine huset, som målte 30 x 9 meter, er tolka som ein hall. Det vitnar om kvar den leiande familien på Forsandmoen heldt til. Dei øvrige gardane har alle to langhus. Storleik på buareal og tun gjer at desse resterande gardane kan plasserast i to grupper. Dersom ein legg desse kriteria til grunn, tyder det på ei sosial inndeling beståande av ein herskarfamilie, samt to nivå bondefamiliar lengre nede på rangstigen. Det er påvist kring 50 graver i området frå perioden 300 til 600. Dermed har berre eit fåtal av innbyggjarane på Forsandmoen i desse århundra fått synleg gravminne. Det kan ha vore eit jordeigande skikt bønder som fekk haugleggja sine døde, medan leiglendingar, frigitte trellar og andre som dreiv dei minste og kanskje undergjevne gardseiningane, måtte nøya seg utan slik markering.

Busetjinga opphøyrer

Om lag 600-650 e.Kr., i første del av merovingertid, opphøyrde busetjinga på Forsandmoen. Dette fenomenet skjer også andre stader. Øydegardar pregar Sørvestlandet i denne tida. Kva kan ha forårsaka ei slik utvikling? Mange teoriar er blitt framsette, utan at ein har kome fram til noko eintydig svar. Mellom anna er klimaforverring, erosjon og overforbruk av naturressursar, samt pest (den justinianske byllepesten som ein veit herja lenger sør i Europa) nemnt som mogelege årsaker. I seinare tid har dessutan arkeologane i større grad vektlagt sosiale og politiske tilhøve. Eit nytt og mektig leiarskikt kan såleis ha vore sterkt nok til å igangsetja ei omstrukturering av busetjinga.

Litteratur

  • Bakkevig, Sverre: Funn av forhistorisk korn på Forsandmoen. I: AmS Småtrykk. Nr 24. 1991
  • Bakkevig, Sverre, Jochen Komber, Trond Løken: Landa - fortidslandsbyen på Forsand. Arkeologisk museum i Stavanger, 1999. Serien AmS-småtrykk, nr 45
  • Dahl, Barbro I.: Forsandmoen - et arkeologisk eldorado. I: Frá haug ok heiðni. Nr 1. 2008
  • Hemdorff, Olle H.: Folkevandringstidsgård ved Forsand kirke. I: Frá haug og heiðni. Nr 4. 1991
  • Løken, Trond: En ny type gårdsanlegg fra Forsand i Rogaland. I: Hus, gård och bebyggelse. Føredrag från det XVI nordiska arkeologmøtet, Island 1982. Redigert av G. Olafsson. Þjóðminjasafn Íslands, 1983
  • Løken, Trond: Langhus fra yngre bronsealder på Forsandmoen. I: Frá haug ok heiðni. Nr 3. 1986
  • Løken, Trond: The settlement at Forsandmoen - an Iron Age village in Rogaland, SW Norway. I: Studien zur Sachsenforschung. Nr 6. 1987
  • Løken, Trond: Forsandmoen - et samfunn i blomstring og krise gjennom folkevandringstid. I: Folkevandringstiden i Norden. En krisetid mellom ældre og yngre jernalder. Redigert av U. Näsman og J. Lund. 1988
  • Løken, Trond: Bygg fra fortiden. Forsand i Rogaland - bebyggelsessentrum gjennom 2000 år. Arkeologisk museum i Stavanger, 1988. Serien Ams-Småtrykk, nr 21
  • Løken, Trond: Forsandutgravningene etter 10 år. I: Frá haug ok heiðni. Nr 4. 1989
  • Løken, Trond: Siste sesong på Forsandmoen. I: Frá haug ok heiðni. Nr 3. 1990
  • Løken, Trond og Inge Særheim: Førhistorisk landsby på Forsandmoen - med samanhengande busetnad frå yngre bronsealder til folkevandringstid - kastar nytt lys over eldre norsk busetjingshistorie. I: Namn og eldre busetnad. Rapport frå NORNAs femtande symposium på Hamar 9.-11. juni 1988. Redigert av Tom Schmidt. NORNA-førlaget, 1990. I serien NORNA-rapporter, nr 43
  • Løken, Trond: Sommerens utgravning på Forsandmoen. I: Frá haug ok heiðni. Nr 4. 1990
  • Løken, Trond: Glimt fra de senere års undersøkelser på Forsandmoen. Arkeologisk museum i Stavanger, 1991. Serien AmS-småtrykk, nr 24
  • Løken, Trond: Forsand i Rogaland - lokalt sentrum i de sørlige Ryfylkeheiene. I: Rapport fra 18. nordiske arkeologkongress, Trondheim 1989. Serien Gunneria nr 64, 1991
  • Løken, Trond: Forsand og jernalderens landsbyanlegg i Rogaland - ressursbakgrunn og struktur. I: Gård - tettsted - kaupang - by. Seminar i Bergen 11.-13. desember 1991. Serien N. U. B. Nytt fra utgravningskontoret i Bergen, nr 3. 1992
  • Løken, Trond: Forsandmoen - tar ikke utgravningene slutt? I: Frá haug ok heiðni. Nr 4. 1994
  • Løken, Trond: Høvdingens gildehall på Landa - Fortidslandsbyen på Forsand. I: Frá haug ok heiðni. Nr 2. 1997
  • Løken, Trond: Hustyper og sosial struktur gjennom bronsealder på Forsandmoen, Rogaland, Sørvest-Norge. I: Bronsealder i Norden - regioner og interaksjon. Redigert av Trond Løken. Arkeologisk museum i Stavanger, 1998. Serien Ams-Varia, nr 33
  • Løken, Trond: Forsands forhistorie. I: Frá haug ok heiðni. Nr 3. 2001
  • Pilø, Lars: Funnene fra Forsandmoen. I: Frá haug ok heiðni. Nr 2. 1991
  • Prøsch-Danielsen, Lisbeth og Sverre Bakkevig: Spor etter forhistoriske krøtterstier mellom Forsandlandsbyen og utmarka. I: Frá haug ok heiðni. Nr 1. 1990
  • Prøsch-Danielsen, Lisbeth: Forsandmoen - landskap og bosetning i endring. I: Frá haug ok heiðni. Nr 3. 2001