Forside:Ørsta kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 17. nov. 2010 kl. 23:41 av Dena Utne (Samtale | bidrag)

(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til: navigasjon, søk

ØSTLANDET • SØRLANDET • VESTLANDET • MIDT-NORGE • NORD-NORGE
Rogaland • Hordaland • Sogn og Fjordane • Møre og Romsdal • Trøndelag
Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre
VanylvenSandeHerøyUlsteinHareidVoldaØrstaØrskogNorddalStrandaStordalSykkylvenSkodjeSulaÅlesundGiskeHaram

Om Ørsta kommune
1520 Orsta komm.png
Ørsta kommune er ein av kommunane på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen grensar mot Hareid, Ulstein, Volda, Sula, Stranda og Sykkylven i Møre og Romsdal; og i sør mot Hornindal kommune i Sogn og Fjordane.

Administrasjonssenteret ligg på Ørsta, som er den fjerde største tettstaden i Møre og Romsdal. Dei større bygdene er Barstadvik, Bondalen, Hovdebygda, Standal, Sæbø, Vartdal og Sætre .   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Sivert Aarflot.
Sivert Knudsen Aarflot (fødd 23. oktober 1759 i Ørsta, død 14. juli 1817 i Volda) var omgangsskolelærar, bonde, lensmann, postopnar, trykkerieigar og folkeopplysningsmann på Sunnmøre. Han var frå 1789 gift med Gunhild Aarflot. Han opna i 1809 det første prenteverket utafor byane i Noreg.Da Sivert Knudsen vart fødd, var faren leiglending på Fyldal i Ørsta, og noko seinare flytte dei til Årflot der han har slektsnamnet frå. Det vart ikkje mykje skulegang på Sivert Aarflot. Han gjekk 22 dagar i omgangsskulen, og så var det slutt. Men presten Hans Strøm merka seg at han hadde evner, og i 1778 vart den sjølvlærte unge mannen sett inn som skulehaldar i Follestaddalen i Ørsta. Den stillinga hadde han til 1793. I denne tide skreiv han ned segner, regler og viser som han fekk høyre av bygdefolket. Han fortsette også med sjølvstudier, og frå Hans Strøm fekk han interesse for naturkunnskap, topografi og etikk. Å få tak i bøker var ikkje enkelt, dei kosta pengar og var lite tilgjengelege på bygda. I 1782 fekk han tak i Lære-Bog i adskillige philosofiske og mathematiske Videnskaber av tyskaren Gotthild Reccard, og dette var ei gullgruve. Det var ikkje heilt enkelt for Sivert Aarflot å ta avskil med Bibelen sitt verdsbilete, men han jobba seg gjennom det og klarte å sameine kristentrua med naturvitskapen. Han var ein tilhengar av religionsfridom.   Les mer …

Eiliv Austlid som løytnant i 1938, same året som han vart kaptein.
Foto: Ukjent / Hedmarksmuseet
(1938)
Eiliv Austlid (født 6. mai 1899 i Ullensvang, død 15. april 1940 ved Dombås) var gardbrukar og kaptein i Hæren. Han fall under kampane på Dovre under felttoget i 1940. I 2009 fekk han Krigskorset med sverd for si innsats for å redde regjeringa som var på flukt frå tyske styrkar. Eiliv Austlid var son av folkehøgskulestyrar Andreas Austlid frå Østre Gausdal og Gunhild Halvorsdotter Offigsbø frå Lom. I folketeljinga 1900 finn vi han som den yngste av sju sysken saman med foreldrane på Lysheim i Ørsta.   Les mer …

Lars Aarskog
Foto: Norske skolefolk (1952)
Lars Aarskog (fødd 11. oktober 1891 i VartdalSunnmøre, død 19. november 1990) var lærar og underoffiser. Han engasjerte seg dessutan i fråhaldsarbeid, ungdomslag og songlag.   Les mer …

Ragnar Standal, 2008
Foto: Knut Hustad

Ragnar Standal (fødd 24. september 1929 på Ytre Bakkane på Yte-Standal, død 14. august 2013HjørundfjordheimenSæbø i Ørsta kommune) var ein framståande fagmann og lokalhistorikar med store kunnskapar om Sunnmøre og framifrå formidlingsevne.

Standal fullførte 4-årig lærarutdanning ved Volda lærarskule i 1951, tok så historie grunnfag ved Noregs lærarhøgskule i Trondheim i 1963 og fullførte hovudfag same stad i 1977. Han var først lærar i Fausadalen, Stranda kommune frå 1951–56, deretter lærar i Lyftingmo krinsLesja frå 1956–62, så adjunkt ved Stryn ungdomsskule frå 1963–75, styrar på Ørsta bygdetun, Brudevollsamlinga (deltid) frå 1978–84 kombinert med lektorstilling ved Møre og Romsdal distriktshøgskule, Volda 1978–70 og 1981, konservator på Nordfjord folkemuseum, Sandane frå 1984–86 og til slutt bygdebokforfattar og -redaktør i Ørsta frå 1986–1992.   Les mer …

Stefan Frich med ei av skuleklassene sine. Tidspunkt og fotograf ukjent.
Stefan Frich (fødd 17. desember 1844 i Hjørundfjord, død 14. mars 1927 i Fåberg) var skulemann, redaktør, forfattar og nynorskforkjempar. Han dreiv i 30 år friskule i Fåberg (nå Lillehammer kommune). Både religiøst, pedagogisk og politisk sett var Frich sterkt påverka av grundtvigianismen og Christopher Bruun. Språkpolitisk var han ein forkjempar for større innverknad frå austlandsmåla i landsmålet/nynorsken. Foreldra var Gjert Jansen Frich (1803-1863) og Ambrosia von Krogh (1807-1865). Stefan var den nest yngste i ein syskenflokk på sju. Oppveksten hadde han i Hjørundfjord (nå Ørsta kommune) og i Hegra (nå Stjørdal kommune), der faren var sokneprest. Stefan Frich levde ugift heile livet. Som 13-åring tok han til ved Katedralskulen i Trondheim. Her vart han introdusert for grundtvigianismen i kyrkjelyden til Fredrik Nannestad Wexelsen i Bakklandet sokn. Frich tok examen artium i 1862, og byrja rett etter på filologistudiar i Christiania. Han fekk vanskar med studiefinansieringa da faren døydde året etter, og var huslærar hjå HornemannReins kloster i eit par år. I 1865 var han attende i Christiania og heldt fram med studiane. Samstundes arbeidde han som lærar ved Balchens Døveinstitut, og dreiv privatundervisning for artianarar.   Les mer …

Utsyn over Austefjorden. Ulykka skjedde der fjorden svingar mot venstre og knip seg saman omtrent midt i bildet.
12. juni 1878 drukna 11 ungdomar frå Volda og Ørsta på veg heim frå bryllaup i Follabygda i Austefjorden. Ungdomane, ti frå Åmdalen i Ørsta, ein frå Halse og ei frå Ervika i Hjartåbygda hadde vore i bryllupet til Jon Ivarsson frå Dalskaret som gifta 10. juni seg med Anne Marte Jonsd. frå Rasmusgarden på Løfolla. I stykket i Voldaminne 1987 er namna og tilknytinga til heimar i Ørsta og Volda gjeve opp. Der er og den spesielle sokningsteknikken Hans H. Geitvik (1856-1934) nytta for å finne att dei omkomne skildra i detalj av han sjølv.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Eksterne ressursar
Forside:Ørsta kommune/Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Ørsta kommune
ingen underkategorier
ingen underkategorier
 
Andre artiklar