Forside:1300-tallet

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Portal side

Mal:Portal fokus

Smakebiter fra artikler
Kensingtonsteinen som vart hevda funne i jorda i Kensington, Minnesota 1898. Biletet viser dei to flatene med runeteikn på steinen. Runesteinen er av mellom anna av historikaren Hjalmar Rued Holand sett i samband med Pål Knutsson frå Onarheim, Tysnes i Sunnhordland, som ifølge Holand sin teori leia eit større følgje inn i det noverande Minnesota 1362.
Foto: Flom: The Kensington Rune-Stone: an address (1910)
Kensingtonsteinen er ein stein med runeteikn som vart hevda funnen i jorda like utanfor småbyen Kensington, Minnesota i 1898 av den svenske farmaren Olof Ohman. Fleire naboar stadfesta funnet, men etter ei tid vart steinen avfeid som falskneri etter at fleire språkekspertar hadde undersøkt steinen, og Ohman fekk den i retur. I 1907 vart steinen «gjenoppdaga» av den norskamerikanske historikaren Hjalmar Rued Holand (1872-1963) som etter kvart fekk påvist at runeteikna var 1300-tals runer og ikkje ei dårleg etterlikning av vikingruner som ein først gjekk ut frå, og steinen vart no atter ein gong gjenstand for ein ny debatt, som framleis bølgjer fram og tilbake. Steinen vart godteken som ekte av The Minnesota Historical Society, som seinare trekte godkjenninga tilbake og i dag er den eit ikkje-tema for selskapet. Steinen vart seinare stilt ut i Smithsonian Institiution 1948 og seinast på Statens Historiska Museum i Stockholm 2003, men den framherskande oppfatninga er likevel framleis at steinen er uekte.   Les mer…