Forside:Arkivvesen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 17. aug. 2015 kl. 08:14 av Cnyborg (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Arkivvesen
Motiv frå eit arkiv.

Arkiv er institusjonar eller avdelingar innafor ei verksemd som tek vare på dokument frå verksemda. Ordet nyttast óg om sjølve samlinga av dokument, og om lokala der dei vert lagra. For historieforskinga er arkivet staden som ikkje gløymer, der vårt kollektive minne er lagra. I eit moderne arkiv tyder ikkje lenger dokument «gulna ark», men «alle fysiske spor av verksemda». Arkiva kan såleis innehalde alt frå handskrivne notat til digitale databasar. Eit arkiv kan vere aktivt, til dømes eit kommunalt arkiv der ein kan gå inn og hente fram vedtak frå seinare tid. Det kan óg vere historisk, med dokument frå ei verksemd som hører fortida til eller dokumentar som ikkje lenger er aktuelle for eigaren. Mange arkiv kombinerer dei to funksjonane, til dømes byarkiva som både har ein aktiv og ein historisk avdeling. Arkiv kan óg vere private, knytta til ein einskild person.

Arkiva har ein dobbeltrolle. På den eine sida skal dei ta vare på dokument for framtida, og det gjer ein best ved å gje så få som mogleg direkte tilgang. På den andre sida skal dei legge til rette for at dei som treng å bruke dokumenta får tilgang til dei. Ein kan tenke på det som å både vere museum, med gjenstandane i monter eller magasin og på same tid bibliotek med lesesal der brukarane sjølv kan gå gjennom dokumenta. Ny teknologi har gjort denne floka mindre utfordrande. Mange arkiv har nå digitalisert deler av samlingane, og gjer dei tilgjengelege på nett. Brukarane får då tilgang til nøyaktige avfotograferingar, medan sjølve dokumenta kan oppbevarast trygt. Eit skilje mellom arkiv og bibliotek er at arkivdokumenta som regel ikkje er publisert. Dei er ofte unike, anten i streng forstand fordi det berre finst eit eksemplar, eller fordi det handlar om ein original. Dette sett óg strengare krav til skydd for dokumenta.

Den nasjonale arkivtenesta i Noreg er organisert som Arkivverket. Det består av Riksarkivet, dei åtte statsarkiva og Samisk arkiv. Verksemda er heimla i arkivlova av 1992 (i kraft frå 1999), som mellom anna krev avlevering av arkiv frå offentlege institusjonar. Arkivverket står bak Digitalarkivet, som mellom anna har lagt ut avfotograferingar av dei fleste kyrkjebøkene.   Les mer ...

 
Smakebitar
Forside/ tittelblad.Hyttebok for Vidsyn. «R -» nederst i venstre hjørne, er tegnerens signatur/ initial.
NEG 148 Hytter og hytteliv er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1987 med tittel Hytter og hytteliv. Utsendarar var Göran Rosander og Anne Moestue. Denne spørjelista er del av ein serie spørrjelister som opptek temaet ferie og fritid. Dei andre i serien er NEG 143 Fest i lokalmiljøet, NEG 149 Ferier, NEG 150A Lystbåter (kortversjon), NEG 150B Lystbåter, NEG 150C Fritidens båtliv og NEG 153 Vårt forhold til naturen.   Les mer …

Sydamer i Ålesund.
Foto: Stiftinga Sunnmøre Museum
NEG 128 Syersker er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1979 med tittel Syersker. Utsendar var Grete Swensen.   Les mer …

Stabbur og jordkjellar på Teigen i Klæbu.
Foto: Astrid Grendstad
(2014)
NEG 91 Vern mot frost er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1962 med tittel Vern mot frost. Utsendar var Lily Weiser-Aall.   Les mer …

Regnskapsbok for Holm treskelag 1950, Skedsmo.
Foto: Hans G. Molvig
NEG 53 Tresking 2 er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1955 med tittel Tresking. Utsendar var Andreas Ropeid. Denne spørjelista er sendt ut som del 2 av 3 av spørjelistene som har tresking som emne. Sjå også NEG 52 Tresking 1 og NEG 54 Treskje- og reinskemaskinar.   Les mer …

Detalj av oksegrei (tilpassa hestegrei) frå Nordmøre med eksempel på beinskurd. Detta greiet vart bruka på ein okse som drog ei tohjula vogn på Tustna kring slutten av 1940-åra. Beinskurd på høvret er typisk for grei frå Midt-Noreg og Nord-Noreg.
Foto: Olve Utne
(2009)
NEG 30 Køyre-uksar er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1951 med tittel Køyre-uksar. Utsendar var Rigmor Frimannslund.   Les mer …

Johan Diederich Behrens i sitt arbeidsrom i Langes gt. 9 i Oslo, 24. oktober 1886
Foto: Marthinius Skøien/Nasjonalbiblioteket
NEG 160B Tingene og vi (kortversjon) er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1993 med tittel Tingene og vi. Utsendarar var Anne Moestue og Göran Rosander. Svara til denne spørjelista er arkivert under arkivsignaturen NEG 160 i lag med NEG 160A Tingene og vi.   Les mer …
 
Kategoriar for Arkivvesen
 
Andre artiklar