Søren Georg og Anne Marie Abel. Silhuetten blei laga av venen deira Peder Mandrud Tuxen.
Anne Marie Abel f. Simonsen (døypt 5. januar 1781 i Risør, død 23. desember 1846 i Gjerstad) var prestefrue i Finnøy og Gjerstad. Ho var kjøpmannsdotter, ho var gift med den populære og forstandige presten Søren Georg Abel, og ho var mor til mellom anna matematikaren Niels Henrik Abel. Ein skulle tru det var oppskrifta på eit godt og lukkeleg liv, men kjøpmannen gjekk konkurs, presten hamna i vanære og matematikarsonen døydde ung. Når Anne Marie allereie før desse problema hadde byrja søkje lukka i botnen av ei flaske, blir dette for ein stor del ei trist livshistorie. Les mer …
Sjekte, også kalt snekke og kogg, er benevnelse på en åpen spissgattet robåt og en tyngre åpen, spissgattet båt for seil, årer og motor. Den var på rundt 15 til 20 fot, utstyrt med 2 til 4 årer og hadde ofte en liten seilrigg, bestående av spriseil og fokk. Senere ble sjekta utstyrt med motor og ble kjent under benevnelsen motorsjekte. Sjekta er klinkbygd, og stevnen er som regel reist rett på kjølen, forsterket av et krumvokst kne, kalt stavnkne. Sjektene stives av tverrskips ved å feste en eller flere tofter til bordgangene på hver side med tofteknær. Spantene eller bandene er som oftest delt. Sjektene var mest utbredt på Sør- og Østlandet. Les mer …
Viki 1965. Foto: Fjellanger Widerøe
Viki var eit bureisingsbruk i Nordbygdi i Bykle kommune. I kapittelet om Systog har me fortalt at Bjørgulv Folkesson åtte heile Viki frå 1938. Men det vart ikkje tinglyst, alt det som skjedde av jordbyte og eigedomshandel på dette bruket heller, så på papiret var broren framleis eigar av halve bruket. I samband med utskiftinga av gamalt hopehav mellom Neslands-gardane i 1988 vart dette rydda opp i, slik at kvart bruk nå har sin eigedom fullt ut,
då bortsett frå heiesameiget med Tveiten. Viki sto oppført som bnr 10 til 2003. Då vart det bruksnummeret sletta, slik at Viki og Systog saman nå har bnr 4.
Bjørgulv F. Nesland i Viki var nest eldste son av Folke T. Stavenes på Nesland Der heime og kona, Ingebjørg Bjørgulvsdotter, f Nesland. I 1927 reiste han til farbroren Hallvard i Sør-Dakota.
Men «der var heller ikkje gode tider», fortalde han sidan, «så det tok meg lang tid, berre å tene oppatt reisa. Eg tente berre hjå farmarar, for eg hadde ikkje lært noko handverk, og det var mykje hardt arbeid. Eg var der i 6 1/2 år, men eg hadde ikkje meir enn 2000 kr att.»
|
| . Les mer …
Ørnefjødd 18.8.2005. Til høgre driftsbygning (oppført 1985) og reiskapshus (oppført 1983). Torgeir D. Bakken bygde desse husa. Til venstre: bustadhuset som Inger Elisabeth Bakken Haugarne bygde i 1987. Foto: Aanund Olsnes
Ørnefjødd i Bykle ligg i austenden av det gamle gardsvaldet til Vatnedalen. Om ein skal plassere han nøyare i terrenget, kan ein vel seia at vegen til Ørnefjødd går vestetter frå riksvegen like nord for Nordli, og at gardsvegen er omlag 2 km.
Om gardsnamnet skriv Olav Haslemo (h.oppgv. 1968, 78):
Bruket har fått namnet sitt etter fjellet like ved. Namnet er samansett med ørn, f, jfr. gno. Ǫrn, m. Etter at namnet på fjellet hadde gått over til å verta namn på bruket, trongst det eit nytt namn på fjellet, som då fekk namn i relasjon til bruket; det nye namnet på fjellet vart Ørnefjøddnuten - også dette eit døme på «tautologisk» nylaging.
|
|
Stort meir er det ikkje å seia om dette, og me kan då gå over til oppsitjarane. Den fyrste som rudde og bygde her heitte Rikard Gunnarsson, og han kom hit på byrjinga av 1730-talet. Då han kaupte bruket hjå Olav og Jon Vatnedalen i 1747, vart det skrive inn i skøytet at han sjølv hadde rudt opp plassen sin frå rå rot. Men jamvel om han i fylgje skøytet kaupte Ørnefjødd «til Odell och Eigendomb» og betala 80 riksdalar, skulle han svara 1/2 dalar i året i leige til vatnedalsbøndene, står det. Les mer …
Våningshus og lopt i Midbø Breive 18.8.2005. Foto: Aanund Olsnes (2005) Midbø eller Der sø er bruksnummer 7 på matrikkelgarden Breive i Bykle kommune. I artikkelen om matrikkelgarden har me peika på at den fyrste delinga av Breive var ei todeling, og at dei to einingane som kom fram ved denne delinga vart kalla Der nor (eller Nor i stoga) og Der sø (eller Su i stoga). Sidan vart båe desse dela på nytt, og dei gamle namna svara ikkje lenger til det lægjet bruka hadde i tunet. Då vart Der nor av uti Der inne (og seinare Haugen), medan Su i stoga eller Der sø vart til Midbø. Me har kome til at bruket her er det nest eldste, eller, om ein vil, det som vart fyrst utkløyvd frå den udela garden.
Den fyrste kjende oppsitjaren på denne eininga var ein mann som heitte Salmund. Johannes Skar har ei forteljing etter Svein Hovden om ein med det namnet, og Olav Bø har kome til at dette må vera den same Salmund-en som er den fyrste me kjenner frå skriftlege kjelder. I kommentaren sin til denne soga ( Gamalt or Sætesdal III, 340) peikar Bø på at «forteljinga er mykje blanda med andre forteljngar om storskyttarar, m.a. Dyre Vaa frå Telemark og Per Gynt frå Gudbrandsdalen» og at «alle desse er historiske personar frå omlag same tida». Vidare er også «mykje folketru om jakt og veiding blanda inn i segnene om Salmund», seier han. Les mer …
Arnoldus Koren, 85 år gammal. Etter målarstykke av Anna Nerdrum.
Arnoldus von Westen Sylow Koren (fødd i Bergen 22. juli 1764, død i Ullensvang 8. oktober 1854) var jurist, eidsvollsmann og stortingsmann. Lengste embetstenesta si hadde han som sorenskrivar i Hardanger og Voss. Han var også kjend som ein føregangsmann i landbruket, ikkje minst kva gjeld fruktdyrkinga i Hardanger.
I Riksforsamlinga på Eidsvoll var han ein konsekvent sjølvstendemann, og han vidareførde denne linja på omframstortinget hausten 1814. Av politiske motstandarar vart han framstilt nærmast som ein overivrig våsekopp, og også hans eigne vener kunne finne han meir enn nødvendig taletrengd. Dette har nok verka til å setje i skuggen Korens fortenester som politikar, embetsmann og gardbrukar. Og det har svekt ettertidas syn for hans heilskaplege samfunnsideal, prega framfor alt av moderne liberale og demokratiske haldningar. Han var kanskje den på Eidsvoll som tydelegast målbar tanken om eit konsekvent brot med det gamle samfunn, for å realisere den franske revolusjonens ideal om fridom, likskap og brorskap. Les mer …
|