Forside:Bokn kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 23. nov. 2011 kl. 22:16 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Ny side: {{Kommunemal |Flertall(er/ar) = ar }})
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland (Distrikt: Jæren • Ryfylke • Haugalandet) • Vestland
KOMMUNE: Bjerkreim • Bokn • Eigersund • Gjesdal • Haugesund • Hjelmeland •  • Karmøy • Klepp • Kvitsøy • Lund • Randaberg • Sandnes • Sauda • Sokndal • Sola • Stavanger • Strand • Suldal • Time • Tysvær • Vindafjord • Utsira

Om Bokn kommune
1145 Bokn komm.png
Bokn kommune er ein kommune i Rogaland. Kommunen består av dei tre bebudde øyane Vestre Bokn (Loten), Austre Bokn og Ognøya på nordsida av Boknafjorden, og 121 andre øyar, holmar og skjer. Han har såleis ikkje grenser over land, men har sjøgrenser til Karmøy kommune, Tysvær kommune, Stavanger kommune og Kvitsøy kommune. Bokn kommune vart grunnlagd i 1849, då han vart skild ut frå dåverande Skudenes kommune. Bokn kommune har hatt uendra grenser til no, medan Skudenes kommune vart del av Karmøy kommune i 1965.   Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
John Jensen, fra Våre falne.

John Lauritz Jensen (fødd 16. oktober 1885 i Bokn, død 31. mai 1940 på Sletta) var los i Bergen. Han omkom då skipet han var los på gjekk på ei mine.

Han var son av los og gardbrukar Nils Jensen (1857–1947) og husmor Torborg Elisabet Jensen f. Vatnaland (1856–1942).

I 1912 vart han gift i Sandnes med Hanna Normann (1884–1947). I 1920 budde dei i Øvregaten i Bergen. Dei fekk ikkje barn.

Den 31. mai 1940 gjekk han om bord i D/S «Jadarland» som los. Under kryssinga av havstykket Sletta utafor Haugesund gjekk skipet på ei mine. Skipet sank på berre eitt minutt, få dagar etter at eit anna skip hadde gått på ei mine i same område. Mannskapet var på 24 mann, og i tillegg var det med passasjerar. Det var ikkje lett å finne ut kor mange passasjerar det var om bord. Ein rutebåt som dette trengte ikkje å føre passasjerlister, og ingen hugsa heilt sikkert kor mange som hadde gått om bord. Men det må ha vore minst 47 om bord. 26 vart redda, 13 frå mannskapet og 13 passasjerar. Då var det att 21 personar som var omkomne eller sakna. Båtane som kom til plukka opp så mange dei kunne, både levende og døde, men nokre vart aldri funne.   Les mer …

Bokn kyrkje er ei langkyrkje i tømmer, oppført i 1847. Ho er soknekyrkje for Bokn sokn, som året etter at kyrkja stod ferdig vart overført frå Skudenes prestegjeld til nye Tysvær prestegjeld. Ho er einaste kyrkje i Bokn kommune, og står på grunnen til garden Boknaberg. Dagens kyrkje er den tredje på staden. Den eldste, som vi kan kalle Bokn mellomalderkyrkje, har vi ikkje fysiske spor etter. Vi veit at ei kyrkje vart riven i 1686, og døypefonten frå mellomalderen som står i kyrkja i dag tyder på at dette var ei gammal kyrkje. Ut ifrå mangelen på spor meiner ein at det må ha vore ei trekyrkje, truleg ei stavkyrkje.   Les mer …

Statue av Asbjørn Kloster i Stavanger.
Asbjørn Olsen Kloster (fødd 21. desember 1823 i Vestre Bokn, død 18. januar 1876 i Stavanger) var ein pioner i den norske fråhaldsrørsla. Han stifta og leia Stavanger yngre Afholdenhedsforening i 1859, ei foreining som i 1875 vart landsdekkjande under namnet Det Norske Totalavholdsselskap (DNT). Asbjørn Olsen Kloster var son av gardbrukar og handelsmann Ole Endresen og Martha Asbjørnsdotter Kloster. Dei var frå bondeætter i Ryfylke. Asbjørn vaks opp på Boknaberg i Bokn og på Mosterøy der faren var lottbrukar på ein del av jorda åt Ulstein kloster. Det var der han hadde namnet Kloster frå. Som åtteåring vart han sendt til ei moster på Vik i Rennesøy, og han budde der til konfirmasjonsalderen og gjekk på omgangsskulen.   Les mer …

 
Sjå òg
 
Kategoriar for Bokn kommune
ingen underkategorier
 
Andre artiklar