Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
I 1912 vart han gift i Sandnes med Hanna Normann (1884–1947). I 1920 budde dei i Øvregaten i Bergen. Dei fekk ikkje barn.
Den 31. mai 1940 gjekk han om bord i D/S «Jadarland» som los. Under kryssinga av havstykket Sletta utafor Haugesund gjekk skipet på ei mine. Skipet sank på berre eitt minutt, få dagar etter at eit anna skip hadde gått på ei mine i same område. Mannskapet var på 24 mann, og i tillegg var det med passasjerar. Det var ikkje lett å finne ut kor mange passasjerar det var om bord. Ein rutebåt som dette trengte ikkje å føre passasjerlister, og ingen hugsa heilt sikkert kor mange som hadde gått om bord. Men det må ha vore minst 47 om bord. 26 vart redda, 13 frå mannskapet og 13 passasjerar. Då var det att 21 personar som var omkomne eller sakna. Båtane som kom til plukka opp så mange dei kunne, både levende og døde, men nokre vart aldri funne. Les mer …
Bokn kyrkje er ei langkyrkje i tømmer, oppført i 1847. Ho er soknekyrkje for Bokn sokn, som året etter at kyrkja stod ferdig vart overført frå Skudenes prestegjeld til nye Tysvær prestegjeld. Ho er einaste kyrkje i Bokn kommune, og står på grunnen til garden Boknaberg. Dagens kyrkje er den tredje på staden. Den eldste, som vi kan kalle Bokn mellomalderkyrkje, har vi ikkje fysiske spor etter. Vi veit at ei kyrkje vart riven i 1686, og døypefonten frå mellomalderen som står i kyrkja i dag tyder på at dette var ei gammal kyrkje. Ut ifrå mangelen på spor meiner ein at det må ha vore ei trekyrkje, truleg ei stavkyrkje. Les mer …