Forside:Bykle kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

ØSTLANDET  • SØRLANDET • VESTLANDET • MIDT-NORGE • NORD-NORGE
Aust-Agder • Vest-Agder
Setesdal
Evje og Hornnes • Bygland • Valle • Bykle • Iveland
Heimar og folk i Bykle

Om Bykle kommune
0941 Bykle komm.png
Bykle kommune ligg heilt nord i Setesdalen i Aust-Agder fylke. Kommunen grensar i nord og aust til Telemarkskommunane Vinje og Tokke, i sør til Valle, Sirdal i Vest-Agder og Forsand i Rogaland, og i vest til Hjelmeland og Suldal i Rogaland. Kommunen vart utskilt frå Valle kommune i 1902.

Bykle har store vasskraftressursar, og store delar av kommuneinntektene kjem frå produksjon av elektrisitet frå vasskraft. Hovden er det største vintersportsstaden sør for Hardangervidda. I Kulturminneåret 1997 blei Byklestigen vald til kommunen sitt kulturminne.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Åsdokk 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe

Åsdokk er eit småbruk sunnanfor sjølve Trydalskvelven i Bykle kommune, omlag i breidd med Grasbrokke, men på vestsida av Smidjehylen. Kvifor bruket i den gamle gards- og ættesoga (18) vert omtala som Åstog er uvisst, ingen andre kjelder kjenner den namneforma, og at Åsdokk er det rette vert stadfest av stadnamna på austsida, Kvernhusåsen og Åsdekkane.

Som så mange av småbruka i Bykle har også dette opphavet sitt i ein husmannsplass, og Åsdokk var plass under Nordstog. Her budde ingen i 1865, men i 1875 var her både rudd og busett. Det viktigaste som skjedde med Nordstog Trydal i tida mellom 1865 og 1875 var at Knut Hallvardsson Hisdal i 1867 fekk hand om garden. Knut Hallvardsson var son åt Gunvor Folkesdotter, som var syster av Åse Folkesdotter, kona åt Olav Salmundsson, som var fyrste oppsitjaren me veit om i Åsdokk.

Olav og huslyden hans hadde i årevis fyrr dei kom hit flakka og flutt som bruksfolk (medbrukarar) frå den eine garden til den andre. På denne bakgrunnen kunne ein halde det for truleg at Knut Hallvardsson, straks han fekk tak i Nordstog, sette bort Åsdokk til morsystera og mannen hennes. Husmannskontrakt fekk dei også, «paa lengstlevendes levetid», som det heitte, men den vart ikkje skrive fyrr nokre år seinare, i 1875, då plassen var ferdig etablert.   Les mer …

Lislestogbui som ho såg ut fyre Torjus Stavenes bygde henne om. Biletet her er eit utsnitt av eit større bilete, som er sikkert tidfest til 1933. Det kjem frå Ingebjørg Vegestog.

Lislestog er eit leigetomtområde under Utistog og Innistog i Bykle. Det ligg rett ovanfor kyrkja på motsett side av vegen. Parsellen, som han nå er, vart utskilt og matrikulert i 1967 og 1995, men her har vore hus og aktivitet mykje lenger. Nå er det bygdetun, men då staden fyrst vart bygd, var det kråmbu. Han som sette i gang med handel her var Ånund Å. Tveiten, den tredje av sønene åt Ånund Hallvardsson i Heimtveiti.

  • Ånund Ånundsson Tveiten, f 1849, d 1912
g 1875 m Sigrid Olavsdtr. Dysje, f 1835, d 1911. Born:
  • dødfødd gut, 1879
Sigrid Olavsdotter var dotter åt Olav Gunnarsson Nesland på Dysje og kona, Tone Tarjeisdotter.   Les mer …

Nistog 31.1.2006.
Foto: Aanund Olsnes

Nistog er eit småbruk i Bykle. Ved utskiftinga av innmarka i Byklum i 1905 fekk Uppistog ein jordteig mellom den nye riksvegen og Otra. Teigen låg mellom innmarka åt Innistog på austsida og eit stykke på vestsida som hadde vorte lagt åt Utistog.

I 1907 kaupte Olav Knutsson Nesland denne parsellen hjå Olav Gjermundsson i Uppistog til eit småbruk for seg. Prisen var 1200 kr, og bruket vart kalla Nistog. Men ved matrikuleringa i 1909, då eigedomen fekk bnr 10 og ei landskyld på 43 øre, vart det snodig avkappa namnet «Nist» innskrive i protokollen. Dette var ei rein feilføring, som kom av at han som skreiv det originale skyldsetjingsdokumentet hadde slumpa til å lyfte pennen mellom «Nist» og «og» i Nistog, men namneforma «Nist» er framleis i bruk i alle offentlege eigedomsregister. I daglegtalen i Bykle vart bruket likevel omtala som Vodden, avdi Olav K. Nesland var frå Vodden Nesland. Han skreiv seg Nesland, men vart vanlegvis omtala som Olav Voddæ.

Foreldra hans var Knut Olavsson Nesland og kona, Tore Olavsdotter, fødd Løyland. Då han kaupte Nistog, var han nyss attkomen frå Amerika, der han hadde vore sidan 1880.   Les mer …

Uppistog 31.1.2006.
Foto: Aanund Olsnes

Uppistog, som ligg oppi bakken litt ovanfor og austanfor det gamle fellestunet i Tuptine i Bykle, dukkar fyrste venda opp i kjeldene våre på 1660-talet, nærare bestemt i 1666, då det vert meldt at der var ei fjerde og ei femte brukseining i Byklum, etter at det i fleire år hadde vore berre tre. Me har oppfatta det slik at dei «nye» bruka då var Lunden og Uppistog. Som me har vore inne på i bolken om Lunden, var det bruket ikkje nytt, men Uppistog tykkjest ha vore det.

Sivilingeniør Aasmund Drengsson Tveiten i Asker har skrive ei stor og god ættebok med tittelen Uppistog - garden under Brokkeskar, og generøst overlate oss ein kopi til bruk for bygdesoga. Me skal herme fleire stykke or henne, og elles har me heile vegen nytta Tveiten sine resultat til jamføring. På sume punkt har me tolka kjeldene noko ulikt, noko som førde til ei rekkje gjevande og interessante samrøder.

Om tunet og husa i Uppistog skriv Tveiten m.a. dette:

Stogehus og lopt i Uppistog står på ein liten flate under bratte Brokkeskar. Det er såvidt plass til eit lite tun framfor huset.[...]. Loptet sto mest inntil årestoga og med gavl ut mot tunet. Loptet i Uppistog var heller enkelt, [... og ] er heller ikkje særleg gamalt.[...] Uthusa var sette på ein smal flate, eit stykke nedanfor stogehusa. Dette var einaste staden det var mogeleg å plassere hus, så her har [... dei] nok alltid stått. [...] flaten var så smal at det vart svært høge grunnmurar under fjos og tadde, og løa stod på høge honnsteinar på nedsida, medan veggene på oversida stod mest ned på bakken. [Uthusa] er borte nå. [Der dei sto ] er det lagt opp ei stor jordfylling, for å få snuplass til brøytebilane.
  Les mer …

Gamlestoga i Nystog 9.4.2003.
Foto: Aanund Olsnes

Nystog er eit småbruk under Mosdøl i Bykle kommune. I 1916 sette Knut Hallvardsson Byklum i gang med å byggje seg eit bureisingsbruk på denne parsellen av Torsbu. Storleiken på bruket nå vert oppgjeve til omlag 31 mål, av dette 7 mål med jorde.

Knut kom frå Haugebakk, og foreldra hans var Hallvard Torleivsson Byklum og kona, Birgit Knutsdotter, fødd Byklum. Gunhild, syster åt Knut, var gift med Pål Mikkelsson Byklum i Torsbu, og det var vel ein grunn til at Knut hamna her. Etter at han fyrst hadde fått jordvegen i stand, sette Knut seg opp stoge i 1918. I 1920 kom fjos og løe på plass, og året etter fekk han tinglyst skøyte på at han hadde kaupt bruket av verbroren. I 1926 bygde han på stoga si, så ho vart på i alt 65 m² i to fulle høgder. I 1941 sette han dertil opp eit eldhus.

Det dyrka arealet på bruket var ikkje meir enn 7 mål, så det gjekk ikkje an å liva berre av jorda. Knut var vegarbeidar og sidan oppsynsmann på vegen.   Les mer …

Nordstog 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe

Nordstog var eit bureisingsbruk som låg vestanfor Vodden Nesland i Bykle kommune. I alt var bruket på 11 mål dyrka mark. Korkje jorda eller husa finst lenger.

Han som sette i gang med bureising her var Knut O. Byklum (e.). Foreldra hans var Olav Jonsson Hoslemo og kona, Tore Olavsdotter, fødd Byklum. Knut Olavsson (y.), ein yngre bror, var også bureisar ved Bossvatn, på [[Lyngtveit (Bykle gnr 11/3, 6-8).

Stykket som skulle verta Nordstog fekk Store-Knut kaupe hjå Nesland-bøndene i 1925. Det låg i sameige mellom neslandsgardane, så dei 5 øre landskyld som bruket vart skyldsett til, laut gå ut frå alle dei 4 eldre bruka i garden. Dette var då årsaka til at det vart så mange bruksnummer på Nordstog.

Då Knut og Gunhild overtok det som skulle verta Nordstog, var her ikkje hus. Dei budde då nokre år i Vodden, hjå Knut, bror til Gunhild., og hadde tak over hovdet i den ytre stoga der, medan Knut dreiv og husa her på bruket. Uthuset var ferdig i 1928, og stoga året etter.Ho var i to høgder, og mælte 6,5 x 13 m. I 1943 kom det dertil opp eit eldhus.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Eksterne ressursar
Forside:Bykle kommune/Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Bykle kommune
ingen underkategorier
ingen underkategorier
 
Andre artiklar