Forside:Folkemusikk i Valdres: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 1: Linje 1:
{{Emnemal kombi|Flertall(er/ar)=er|Folkemusikk|kategori2=Valdres}}
{{Emnemal|Flertall(er/ar)=er|kategori=Folkemusikk&**Valdres|kategorisering=Folkemusikk}}
[[Kategori:Valdres]]

Sideversjonen fra 12. mai 2015 kl. 08:48

Om Folkemusikk i Valdres

Folkemusikken i Valdres er, som bygdemålet, prega av at Valdres ligg i grenseområdet mellom Aust- og Vestlandet. Valdres og Hallingdal låg i tidlegare tider under Gulatingslag og Stavanger bispedømme. Allereie på 1700-talet kom hardingfela til Valdres, med Knut P. Ringestad (1728-1810) som ein av dei første hardingfelespelemennane der. Andre instrument som har vori bruka i folkemusikken i Valdres inluderer langeleik, munnhorpe og, fram mot nyare tid, durspel. Typiske dansar inkluderer den udelte bonde, så vel som springaren og hallingen. Runddans (gamaldans) har vori spela og dansa her sidan tidleg på 1800-talet. I vokalmusikken bør Andris E. Vang (17951877) nemnast; han gav ut boki Gamla Reglo aa Rispo ifraa Valdris, som var det fyrste verket med tradisjonsstoff på dialekt i Noreg.   Les mer ...

 
Smakebiter
Spelemenna e mest dei einaste «kunstnaradn» so Valdres ha aatt; men taa dei ha dei okso hatt fleire enn noko anna bygdelag, o kanskji væl so goe okso so nokor are sta'n. O felespele e kji døydd burt, o mykji taa dei gamle laatto ha halde se te no, o spelast enno, taa dei so e noko tess te o bruke fela.

Me ska me ei nokre or tala lite um noko taa dei likaste felespelaro før o hjølpe te, at dei inkji bli burt-gløymde. Før um so hende, vilde de væra stor synd, daa dei ha vøre dei gjildaste te o halde live i ein gamall «kultur», o ale fram de finaste o beste hjaa følke.

Den mest namngjetne speleman i Valdres e han Jørn Hilme so levde i Ulnesbygdn so før eit hundre aar sia. De va noko reint umframt me spele hass Jørn, o han e den, so ha vøre far aat alt, so e fin felelaatt i Valdres o mykji viare.   Les mer …

Johan-Henrik Eltun Kvam
Johan-Henrik Eltun Kvam (fødd 10. april 1850, død 6. november 1948) var spelemann og gardbrukar på nordre Kvam i Vang i Valdres. Kvam tok til å spela fele då han var 10-11 år. Han brukte då fela åt far sin, Trond Eltun på søre Øye. Då han var 21 år, fekk han seg ei Telemarks-fele, som han gav kr. 30 for. Han kjøpte ho av ein Oslo-mann. Ho var laga av Johan Ellefsson Steintjønndalen, Bø i Telemark. Det var ei retteleg god fele. Far hans, han Trond, fekk ho då han fór til Amerika 1876. Men då kjøpte Johan-Henrik seg att ei ny Telemarks-fele, som Knut Helland hadde laga. Johan-Henrik lærde fyrst og fremst felespel av far sin. Men han lærde og av mange bygdespelemenn, såleis av Ola Strand på Søyne, Krosshaug-sønene Lars og Andris og av Rengjistadane o.a.   Les mer …

 
Sjå òg
 
Kategorier for Folkemusikk i Valdres
Kategorien Folkemusikk i Valdres ikke funnet
 
Andre artikler