Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Spelemenna e mest dei einaste «kunstnaradn» so Valdres ha aatt; men taa dei ha dei okso hatt fleire enn noko anna bygdelag, o kanskji væl so goe okso so nokor are sta'n. O felespele e kji døydd burt, o mykji taa dei gamle laatto ha halde se te no, o spelast enno, taa dei so e noko tess te o bruke fela.
Me ska me ei nokre or tala lite um noko taa dei likaste felespelaro før o hjølpe te, at dei inkji bli burt-gløymde. Før um so hende, vilde de væra stor synd, daa dei ha vøre dei gjildaste te o halde live i ein gamall «kultur», o ale fram de finaste o beste hjaa følke.
Den mest namngjetne speleman i Valdres e han Jørn Hilme so levde i Ulnesbygdn so før eit hundre aar sia. De va noko reint umframt me spele hass Jørn, o han e den, so ha vøre far aat alt, so e fin felelaatt i Valdres o mykji viare. Les mer …
Johan-Henrik Eltun Kvam
Johan-Henrik Eltun Kvam (fødd 10. april1850, død 6. november1948) var spelemann og gardbrukar på nordre Kvam i Vang i Valdres. Kvam tok til å spela fele då han var 10-11 år. Han brukte då fela åt far sin, Trond Eltun på søre Øye. Då han var 21 år, fekk han seg ei Telemarks-fele, som han gav kr. 30 for. Han kjøpte ho av ein Oslo-mann. Ho var laga av Johan Ellefsson Steintjønndalen, Bø i Telemark. Det var ei retteleg god fele. Far hans, han Trond, fekk ho då han fór til Amerika 1876. Men då kjøpte Johan-Henrik seg att ei ny Telemarks-fele, som Knut Helland hadde laga. Johan-Henrik lærde fyrst og fremst felespel av far sin. Men han lærde og av mange bygdespelemenn, såleis av Ola Strand på Søyne, Krosshaug-sønene Lars og Andris og av Rengjistadane o.a. Les mer …