Forside:Folkemusikk på Nordmøre

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Om Folkemusikk på Nordmøre
Samling kring bordet på hotellet på Skei: Vi ser bl.a. felespelmannen John Røen (med svart vest; Stangvik), polsdansarane Ragna og Anders Ansnes (med nordmørsbunad; Todalen) og visesongaren Kolbjørn Botten (i blågrønn blazer; Valsøyfjord).
Foto: Olve Utne
(1996)

Folkemusikken på Nordmøre heng naturleg nok i hop med folkemusikken i nabodistrikta. På Nordre Nordmøre så vel som Tingvoll og i Surnadalen og Rindalen var nok sambandet sterkast mot Trøndelag. Sunndalen står i ei mellomstilling mellom Oppdal, Nord-Gudbrandsdalen og Romsdal. Søndre Nordmøre har ein del drag i retning Romsdal. Folkemusikken i området står òg i nær samanheng med det generelle musikklivet på Nordmøre, inkludert den klassiske musikken. I tillegg til vokalmusikken har det tradisjonelt vore mykje bruk av tyskfɛ'l (flatfele), kḷanét (klarinett) og trommo (trommer), og frå 1800-talet av, zither, trekkspel, gitar og andre instrument det var greitt å få tak i. Typiske dansar inkluderer pols/springar og halling, så vel som bruramasj til prosesjonar. Det meir gammaldansprega repertoaret inkluderer rilender (reinlender), masjurka (mazurka), vals, hoppvals (polka), pariser (parisarpolka) m.m. Blant dei mest kjente folkemusikarane kan nemnast felespelarane Gottfred Hans Fabian von Eppingen, Halvor Ørsal, Holger Aresvik, Erik Almhjell og Nils Bakke; og songaren Magnhild Havdal Almhjell.   Les mer ...

 
Smakebiter fra artikler
Denne artikkelen tar føre seg ulike aspekt ved musikklivet på Nordmøre frå 1600-talet og framover.
Fjølfela etter Johannes Berven sett frå sida. Legg merke til kor tjukke loket og botnen er. Sargen (sida) er saga ut av éi fjøl.
Foto: Olve Utne
Instrumenta som ein veit har vore bruka i eldre tid på Nordmøre er: fele (tyskfę’l = vanleg fiolin), klarinett (kḷanét) (truleg frå 1840-åra), seljefløyte, munnharpe, trommor og rikkelstikkor (eit slags kastanjett-liknande instrument). Dessutan har truleg langeleiken vore bruka her tidlegare. Utover 1800-talet kom andre instrument inn: psalmodikon (salmónikón el. salmeikó), gitar, harpeleiksither og trekkspel. Først på 1900-talet kom òg hardingfela inn, og ho kom til å dominere folkemusikken på Nordmøre i nokre tiår før den vanlege fela fikk overtaket att.Allereie først på 1600-talet kjenner ein til ein felespelemann på Nordmøre: Hallvard Flå var brukar på Flå i Øksendalen frå 1600 til 1637. Han var bondelensmann og «en dreven violinspiller». At han må ha vore god er det rimeleg å tru, ettersom han vart henta frå Øksendalen til Trondheim for å spela i bryllaup for rikfolk der. Ein av dei viktigaste spelemennene på Nordmøre på 1800-talet var Gottfried Hans Fabian von Eppingen (18301888).   Les mer …

Gravsteinen over Ingvar Hestnes på kyrkjegarden ved Valsøyfjord kyrkje.
Foto: Olve Utne
(2015)
Ingvar Hestnes (19041990) var ein spelemann frå Valsøyfjord i Halsa kommuneNordmøre. Ingvar Hestnes vart fødd den 30. mars 1904 av foreldra Nils Johansen Hestnes (f. 1860, bonde og stortingsmann) og Anne Jørgensdt. Skogset (f. 1867). Han vart interessert i felespel som 8-åring, men den første tida spela han berre på ei fjølfele som ein eldre bror hadde laga åt honom, og seinare i barndommen vart det mest spel på tyskfele (flatfele, vanleg fele). Da Ingvar var 19 år gammal, kjøpte faren ei hardingfele åt honom gjennom kristiansundsspelemannen Nils Bakke, og det var hardingfela som kom til å stå hjarta hans nærmast.   Les mer …

Johannes Berven spelar på fjølfela si.
Foto: Olve Utne (1995)
Johannes Berven (18991996), mest kjent som Jóanes Trø’n eller Bærven lokalt, var ein småbrukar, telefonist, postopnar, smed og spelemann frå Trøa under InnersetraTustna i noverande Aure kommuneNordmøre. Johannes Hilmar Gjermundson Berven vart fødd som den yngste av fem sysken den 18. mars 1899. Johannes tok over Trøa i 1924. Han dreiv jorda, fiska og arbeidde i smia, og i tillegg tok han over telefonstasjonen etter far sin. I 1945 tok han over postkontoret i bygda òg, og han dreiv det til det vart nedlagt i 1971. Da Johannes var kring tolvårsalderen, altså kring 1911, bygde han seg si eiga fjølfele.   Les mer …

Magnhild og Erik Almhjell på bryllaupsdagen sin i 1948.
Fredag 25. oktober 1946 fyller Erik Almhjell 65 år. Han er fødd og oppvaksen på garden Almhjell i Sundalen. Mor hans var frå Torske og av ei sers musikalsk ætt. Berre 4 år gamall dreiv han og øvde seg på trekkspel, det var tungt so han laut ha det ståande på ein krakk. Då han var 13 år tok han til med fela. Broren Ola, som og ei tid var svær spelemann, lærte han gripa, og sjølv lærte han seg notar. Ungdomslaget på Aalvundeid tok seg ein tur over fjellet til Sundalen og kom ned ved Almhjell, då spela 13 åringen ein slått åt dei. Han har all si tid drive med hart produktivt arbeid, gardsarbeid, skogsarbeid, vegarbeid og anna. Det er berre i fristunderne han kan dyrke musikken. Ein må bli forundra når ein ser dei harde arbeidsfingrane glida leikande lett over felestreng[-] og tralla fram dei mjuke fine tonar.   Les mer …

Magnhild og Erik Almhjell i 1948.
Erik Almhjell (18811963) var ein notekyndig spelemann frå SunndalenNordmøre. Erik heldt seg til tyskfela og la stor vekt på å formidle tradisjonen nøyaktig heller enn å satse på moteriktig kappleiksspel. Opptaka av Erik Almhjell åleine og i fleirstemt samspel med sambygdingen Tore Hoås, så vel som notenedskriftene Erik gjorde, utgjer svært sentrale kjelder for sunndalstradisjonen av folkemusikken på Nordmøre. Særleg interessante er opptaka av sunndalsspringaren.   Les mer …

Det noverande huset i Grinda. Husa var nok enklare da Jó Gri’nn voks opp på plassen
Foto: Olve Utne
Jon Olsen Mogrinden (17941853), mest kjent som Jó Gri’nn, var ein spelemann og skreddar frå Kvenna (oftast skrive «Kvanne») i Stangvik i noverande Surnadal kommuneNordmøre. Han var kjent som ein av dei fremste spelemennene på Nordmøre i si tid. Jon Olsen Mogrinden vart fødd utanfor ekteskap i 1794 av mora Mali Jonsdatter, som var frå husmannsplassen Grinda eller Mogrinda på Kvenna. Etter kyrkjeboka var faren ein soldat med namn Ole Olsen fra Nordvik. Jon kom i skreddarlære etter at han var konfirmert, og han lærte òg å spela tyskfele.   Les mer …
 
 
Kategorier for Folkemusikk på Nordmøre
 
Mest lest