Forside:Fosen

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Trøndelag
TIDLIGERE FYLKE: Nord-TrøndelagSør-Trøndelag
DISTRIKT: (Sunnmøre) • Romsdal • Nordmøre • Fosen • Orkdalen • Strinda • Gauldalen • Stjørdalen • Innherad • Namdalen
KOMMUNE: FrøyaHeimHitraIndre FosenOsenØrlandÅfjord
TIDLIGERE KOMMUNE: BjugnHalsaHemneRoanSnillfjord

Om Fosen
Kart over Midt-Noreg med Fosen innteikna i blått.

Fosen er eit landskap og tidlegare futedømme i Midt-Noreg. Landskapet omfattar dei ytste kommunane på begge sidene av Trondheimsfjorden i Trøndelag fylke. Landskapet utgjorde fram til høgmellomalderen den nordlege halvparten av Norðmǿrafylki, men vart seinare delt av — først som Fosen len, seinare som futedømme under namnet Fosens fogderi.

Kommunane som reknast med er Frøya, Heim (der tidlegare Halsa tilhøyrer Nordmøre), Hitra, Indre Fosen, Osen, Ørland og Åfjord. Tidlegare Agdenes kommune vart dels rekna til Fosen og dels til Orkdalen; då denne kommunen i 2020 gjekk inn i nye Orkland kommune er det grunn til å vente at blikket vendast meir mot Orkdalen i framtida.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Kjeungen kystlag er et kystlag som holder til i Ørland kommune i Trøndelag. Kystlaget ble stiftet i 1987. Laget har 90 medlemmer, de fleste hjemmehørende på Fosenhalvøya, men de har og medlemmer i andre deler av landet. Kjeungen, som er den dagligdagse forkortelsen for laget, er medlem av den landsdekkende organisasjonen Forbundet KYSTEN.   Les mer …

Arnt Olsson Semundset (ca. 1770-1822) var fødd på garden Hestnes i Valsøyfjorden i Aure prestegjeld kring 1770. I folketeljinga i 1801 finn ein han på garden Våg i Aure i same prestegjeldet, og same året gifta han seg med Inger Jonsdtr. Våg (d. 1802). Ekteparet fekk ei dotter, men mora døydde like etter fødselen, 21 år gammal. Arnt Olsson gifte seg på nytt i 1804 med Gjertrud Hansdtr. Ormset, men ho døydde allereie i 1810. Ekteparet hadde ikkje born. På dette tidspunktet hadde Arnt Olsson fått skøyte på eit av dei to bruka på Semundset som faren hadde kjøpt kring 1780. I 1811 gifta Arnt Olsson seg for tredje gong, no med Gjertrud Arntsdtr. Melland. Då Arnt Olsson døydde i 1822, hadde dei fire born saman. Våren 1814 var Arnt Olsson valmann for Aure prestegjeld. På dette tidspunktet var han også medhjelpar til presten i Aure. I samband med utskrivinga av sølvskatten i 1816 sat han i den lokale likningskommisjonen, og han var også medlem av bygdekommisjonen i åra kring 1820.   Les mer …

Storoddan–Sunde–Hemnskjel–Sandstad var eit ferjesamband mellom Storoddan i Hemne kommune, Sunde og Hemnskjel i Snillfjord kommune og Sandstad i Hitra kommune, alle i Sør-Trøndelag. Ferjesambandet vart etablert i 1964. Ved ferdigstillinga av RV 714 vart anløpsstaden på Storoddan i 1971 flytta til Sunde, men Storoddan ferjeleie vart framleis trafikkert fram til nedlegginga i 1982.   Les mer …

Nærbilde av en av klokkene Tetli bygde.
Foto: Frank Asphaug
(2012)

Christoffer Andersen Tetli (født 1776 i Leksvik i Nord-Trøndelag, død på Skogn 6. april 1827) var urmaker og løytnant. Han ble også anmeldt for falskmyntneri. Christoffer må ha begynt sin karriere som urmaker i tidlig alder. Allerede som gjetergutt lagde han klokker. Den første han lagde sto på en grindstolpe ved en bekk og som drivkraft brukte han et vasshjul i bekken. Dette må ha vært på slutten av 1700-tallet.

Han lagde flere klokker i denne perioden, og mange av dem hang han opp i skogen så han alltid visste hva klokken var når han var ute på gjeting. I disse klokkene brukte han trehjul i drivverk og steiner som lodd.   Les mer …

Satellittbilde av storparten av Nordmøre og Sør-Fosen med «finn»-namn markert.
Det finst fleire stadnamn på «finn-» i Romsdal, på Nordmøre og i Sør-Fosen. Finn-namna har i alle fall fire etablerte hovudetymologiar: (1) Dei kan vise til ei landskapsform; (2) dei kan vise til ymse spesifikke typar vegetasjon; (3) dei kan vise til dei norrøne mannsnamna Finnr og Finni; og (4) dei kan vise til folkenamnet finn. Olav Rygh sett generelt slike namn i samband med dei lite bruka norrøne mannsnamna Finnr og Finni, men i seinare tid har det vorte vanligare å sjå ein del av desse namna i samband med samisk nærvere. Det siste er særlig tydelig i namn som «Finnhøtthaugen», der «finnhøtt-» viser til kåter eller gammar.   Les mer …

Beian meieri var et meieri i grenda Beian i Ørland kommune. Det ble opprettet i 1897, og drev den første tiden med hånddrevet separator. Det var i utgangspunktet et smørmeieri, hvor det meste av melka gikk i retur til andelseierne, men både smør og noe melk ble solgt til forbipasserende båter. Meieriet innstilte driften i 1911, og etter dette ble det etablert et smørlag i nabogrenda Garten. I 1905 var produksjonsvolumet 265 100 kg melk (Bentrud).   Les mer …
 


 
Kategoriar for Fosen
 
Andre artiklar