Forside:Fosen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

ØSTLANDET • SØRLANDET • VESTLANDET • MIDT-NORGE • NORD-NORGE
Møre og Romsdal • Trøndelag
(Sunnmøre) • Romsdal • Nordmøre • Fosen • Orkdalen • Strinda • Gauldalen • Stjørdalen • Innherad • Namdalen
HeimHitraFrøyaØrlandÅfjordOsenIndre Fosen

Om Fosen
Kart over Midt-Noreg med Fosen innteikna i blått.

Fosen er eit landskap og tidlegare futedømme i Midt-Noreg. Landskapet omfattar dei ytste kommunane på begge sidene av Trondheimsfjorden i Trøndelag fylke. Landskapet utgjorde fram til høgmellomalderen den nordlege halvparten av Norðmǿrafylki, men vart seinare delt av — først som Fosen len, seinare som futedømme under namnet Fosens fogderi.

Kommunane som reknast med er Frøya, Heim (der tidlegare Halsa tilhøyrer Nordmøre), Hitra, Indre Fosen, Osen, Ørland og Åfjord. Tidlegare Agdenes kommune vart dels rekna til Fosen og dels til Orkdalen; då denne kommunen i 2020 gjekk inn i nye Orkland kommune er det grunn til å vente at blikket vendast meir mot Orkdalen i framtida.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
1622 Agdenes komm.png
Agdenes er ein tidlegare kommune på grensa mellom dei gamle landskapa Fosen og Orkdalen i Trøndelag fylke. Kommunen, som ligg heilt ytst i Trondheimsfjorden, grensar mot Ørland og Rissa over Trondheimsfjorden i nordaust, mot Orkdal i søraust, mot Snillfjord i sør og mot øykommunen Hitra over Trondheimsleia i nordvest. Hovuddelene av kommunen slik han har vore frå midten av 1960-åra er Ytre Agdenes, Lensvik og Ingdalen. Kommunen vart i januar 2020 ihopslegen med nye Orkland kommune.   Les mer …

Lensvikens dampmeieri var et andelsmeieri på Selbekken i nåværende Agdenes kommune. Det ble opprettet i 1899, og var et smørmeieri. Meieriet innstilte driften i 1927 etter en brann.

I 1905 var produksjonsvolumet 192 700 kg melk (Bentrud).

I Agdenes ble det på kort tid etablert to meierier; dette og Lensvikens radiatormeieri (1898-1911), og dette forklares i bygdeboka (Singstad) med at meierikonsulenten «haltet til begge sider [og] gjorde bygda en bjørnetjeneste» ved å ikke kreve samarbeid, men antyde at like små meierier hadde lyktes i andre bygder.   Les mer …

Gravsteinen over Ingvar Hestnes på kyrkjegarden ved Valsøyfjord kyrkje.
Foto: Olve Utne
(2015)
Ingvar Hestnes (19041990) var ein spelemann frå Valsøyfjord i Halsa kommuneNordmøre. Ingvar Hestnes vart fødd den 30. mars 1904 av foreldra Nils Johansen Hestnes (f. 1860, bonde og stortingsmann) og Anne Jørgensdt. Skogset (f. 1867). Han vart interessert i felespel som 8-åring, men den første tida spela han berre på ei fjølfele som ein eldre bror hadde laga åt honom, og seinare i barndommen vart det mest spel på tyskfele (flatfele, vanleg fele). Da Ingvar var 19 år gammal, kjøpte faren ei hardingfele åt honom gjennom kristiansundsspelemannen Nils Bakke, og det var hardingfela som kom til å stå hjarta hans nærmast.   Les mer …

Alshaug, også kjent som Prestgarden eller Stadsbygd prestegård, er prestegården i Stadsbygd i Indre Fosen kommune. Navnet er satt i forbindelse med Olveshaugen, som var en stor gravhaug som lå sørvest for den nåværende kirken, men som ble utplanert omkring 1840. På gården er det flere fredede bygninger, og prestegårdshagen, første gang anlagt rundt 1725, holdes ved like av lokale ildsjeler.   Les mer …

Foto: Erlend Leirdal
Den samiske historiaNordmøre (inkludert Sunndalsfjella/Dovre) og i Sør-Fosen (i tydinga Agdenes/Snillfjord/Hemne-området og øyane utanfor) er foreløpig lite kartlagt. I 2006 vart det funne fire aernieh (sørsamiske eldstader) med tilhørande båassjoeh, så vel som bl.a. mange fangstgroper for rein ved Aursjøen i fjella mellom Sunndal og Lesja. Ulike skikt av trekolet i eldstadene er datert til ymse tidspunkt i perioden frå 600-talet til kring begynnelsen av 900-talet. Vi veit at det har vore sørsamisk reindrift i Trollheimen og på Fosenhalvøya i lange tider, og vi har òg dokumentasjon på reindrift kring Hemnkjølen og så langt vest som fjellområda mellom Valsøyfjorden i Halsa kommune og Bøverdalen i Surnadal kommune. I Aure og Smøla kommunar er det først og fremst i stadnamna at den samiske delen av lokalhistoria kjem til synes. På Veiholmen er det òg gjort éit vesentleg arkeologisk funn: ein vevspjelk eller vevkam i horn med typisk sørsamisk ornamentikk, stildatert til kring 1200—1500 evt.   Les mer …

Fru Ingerd Ottisdotter (Rømer) (ca 14701555), eller fru Inger til Austrått, var adelskvinne, godseigar og lensstyrar, mest kjent som eigar av Austrått. Skodespelet Fru Inger til Østeraad (1857 av Henrik Ibsen er laust basert på livet hennar. Ingerd Ottisdotter Rømer vart fødd på Sigerstad i Østfold kring 1470 av foreldra Otte Matssøn Rømer og Ingeborg Lydersdatter Struds. Ho gifta seg i eller føre 1494 med riksråd og rikshovmeister Niels HenrikssønGyldenløve») (kring 14581523). Fru Ingerd spela ikkje noka offentleg rolle medan ektemannen levde og vart ikkje nemnt i brev eller diplom i denne perioden. Kort tid etter at Niels dødde trer enkjefrua fram både som aktiv godseigar og som politisk aktør.   Les mer …
 


 
Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Fosen
 
Andre artiklar