Forside:Gaular

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: HordalandSogn og Fjordane (Distrikt: Sogn • Sunnfjord • Nordfjord)
KOMMUNE: Askvoll • Aurland • Bremanger • Fjaler • Gloppen • Gulen • Hyllestad • Høyanger • Kinn • Luster • Lærdal • Sogndal • Solund • Stad • Stryn • Sunnfjord • Vik • Årdal
TIDLIGERE KOMMUNE: Førde • Gaular • Jølster • Naustdal

Om Gaular
1430 Gaular komm.png
Gaular kommune låg i Sogn og Fjordane og grensa til Askvoll og Førde i nord, Balestrand i aust, Høyanger i sør og Fjaler i vest. Einaste tettstad i kommunen var administrasjonssenteret Sande.

I samband med Kommunereforma 2014-2018 vedtok kommunane Førde, Naustdal, Jølster og Gaular i 2016 å slå seg saman til Sunnfjord kommune, med verknad frå 1. januar 2020.

Gaular var ein landbrukskommune, der særlig storfe- og sauehald var viktig. Elva Gaula har godt laksefiske, og er utbygd med laksetrapper.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Norgesbrev fra Ola L. Lien til Daniel C. Jordahl 1936-11-29

Kjære søskjenbarn!

Aar og dag er no lagt att-om, sidan eg sist skrev brev aat deg.- Eg kan ikkje hugse, naar det sist var. Men eg er redd for at det strekkjer seg heilt til jubileumsaaret 1930, da du - som no i sommar - sendte oss innbyding til aa oververa ein konsert i Kristiansund paa din kostnad.- Noko felles skriv til takk vart det ikkje med oss i sommar. Eg bad Sigurd Jordal, som no er den mest "modne" av oss, aa ta seg av denne sak. Men det ha nok ikkje vorte med ham heller.- No har kanskje alle dei andre sendt deg kvar sin takk.- Ein gong paa ettersommaren tok eg til skulde faa istann eit brev eg og. Men einkvart kom ivegen, saa det ikkje vart fraa-seg-gjort. Og saa vart det gløymt att. Eg skjemmest for dette, og bed deg rett inderleg om orsaking for mi etterlatenhet. Takk skal du ha, fordi du paa denne maate gav meg høve til vera paa denne konserten - paa ein saa sjenerøs maate minte meg om min plikt til at vera der-. Du viste kva dette musikkorpset kunde prestere. Eg hadde ikkje raad til aa miste det. Det vart ei opleving - ei stor opleveng for meg. Paa saa mange maatar: Sang og mussikk er av dei ting som griper meg mest.- Ja, ein ypperleg framførts tale - præken - kan og gjera det-. Kan hende det er riktig av meg - aa karakterisere meg sjølv som eit stemningsmeneskje.   Les mer …

Gustav Indrebø
Foto: Ukjent, faksimile frå Heidersskrift til Gustav Indrebø på femtiårsdagen 17. november 1939.
Gustav Ludvig Indrebø (fødd 17. november 1889 i Samnanger i Hordaland, død 3. august 1942) var filolog, historikar og lærar. Han arbeidde mykje med norrøn filologi, eldre norsk historie og stadnamn. Norsk språkhistorie var også eit viktig arbeidsfelt for Indrebø. Han var elles svært aktiv innanfor målrørsla, som talsmann for den tradisjonelle høgnorsklinja (skriftnormal som ligg tett opp til den opprinnelege nynorsken som Ivar Aasen utarbeidde).   Les mer …

Øvrebotnen skule.
Øvrebotnen skule er ein nedlagt folkeskule som ligg heilt nede ved Haukedalsvatnet på Øvrebotnen i Viksdalen i tidlegare Gaular kommune, frå 2020 i Sunnfjord kommune.Det vesle, kvite skulehuset vart bygd i 1892.   Les mer …

Familien Tjønneland i 1933.
Foto: Ukjent.
Elling K. Tjønneland (fødd 29. januar 1881 i Gaular, død 1960 i Skjåk) var folkeskulelærar i Skjåk frå 1904 til han gjekk av med pensjon i 1951. I sine haldningar og gjennom si verksemd i og utanom lærargjerninga svara han godt til dei gjengs førestillingane om den typiske vestlandslærar. Han ivra for fråhaldssaka og målsaka, og var elles aktiv i skulepolitikk, helsearbeid og ungdomslagsarbeid. Hans arbeid for nynorsk skulemål skaffa han ikkje berre vener i bygda. Under okkupasjonstida var han ein frittalande antinazist, og han var aktivt med i den organiserte sivile motstandskampen. Han var fødd og oppvaksen på gardsbruket Tjønneland (også kalla Stølen eller Knutsstølen) i Viksdalen sokn i Gaular. Det var eit lite, veglaust og tungdrive bruk som ligg 570 meters høgde over fjorden. Foreldra var Knut Sørensson Tjønneland (1832-1917) og Olina Ellingsdotter (fødd Hellebust, 1842-1903). Elling var den sjuande av ein syskenflokk på ni. Tjønneland tok lærareksamen ved Volda lærarskule i 1903. Etter eit vikariat i Horte og Håland krinsar i Landvik (nåverande Grimstad kommune), kom Tjønneland til Skjåk hausten 1904. Der var han lærar samstundes i Øygard og Gjeilo krinsar fram til 1916.   Les mer …

 
Sjå òg


 
Kategoriar for Gaular
ingen underkategorier
 
Andre artiklar