Hordaland er ei lokalavis som vert utgjeven på Voss i Hordaland. Ho vart skipa i 1883, og var fram til 1972 ei Venstre-avis. Sidan har ho vore partipolitisk ubunden. Området avisa dekkjer, er kommunane Voss, Ulvik, Granvin, Vaksdal og Modalen. I Voss kommune har avisa ei dekning på meir enn 93 % av husstandane (2008).
Avisa vart omlagt frå fullformat til tabloid i oktober 2003. Ho kjem ut tysdag, torsdag og laurdag, med eit gjennomsnittleg sidetal på kring 28. Avisa er eigd av eit familieaksjeselskap, med disponent Astrid Kløve-Graue som største aksjonær. Redaktør sidan hausten 2013 er Elin Madsen.
Les mer … Granvin barne- og ungdomsskule i
Voss herad er den einaste skulen i tidlegare
Granvin herad. Den har om lag 100 elevar og 20 tilsette (pr. 2023). Skulen ligg i sentrum av Granvin, med adressa Hardangervegen 2543.
Skulen vart bygd i 1972, og i 1995 fekk han eit tilbygg. Til skuleanlegget er det knytt symjebasseng og idrettsbane. I 2010-åra vart bygningsmassen noko rehabilitert.
Rektor i 2023 er Solveig Uppheim.
Kjelder og litteratur