«Kristianiarealisten». Fra Akerselven. Målarstykke av Ivar Lund. Udatert. Nasjonalmuseet. Ivar Lund (fødd i Skjåk 17. januar 1871, død i Kristiania 22. februar 1904) var husmålar, kunstmålar og grafikar. Som kunstnar er han mest kjend for ei rekkje bilete frå fabrikk- og fattigstrok langs Akerselva i Kristiania. Kjent er også debutmåleriet på haustutstillinga 1899, «Husandagt», som portretterer foreldra og gjev eit innsyn i den kristelege heimen han voks opp i. Han døydde ung, og fekk berre sju-åtte år som kunststudent og utøvar. Han vart funnen omkomen aleine på hybelen sin, råka av blodstyrting, utan at nærare diagnose er klårlagd. Les mer …
Adelsvåpen tildelt stiftanmtmann Hans Hagerup ved adelspatent 23. februar 1781. Blasonering: sjå biletfila. Hans Hagerup Gyldenpalm (fødd 21. mai 1774 i Kristiansand, død 31. desember 1827) var teolog og adelsmann. Han var res.kap. i Lom, sokneprest i Holt (nå i Tvedestrand kommune) og prost i Nedenes. Bestefaren Hans Hagerup de Gyldenpalm, stiftamtmann i Kristiansand, hadde vorte adla i 1781, og sonesonen Hans Hagerup Gyldenpalm var ein av dei som søkte og fekk anerkjent sitt adelskap i samband med adelslova 1821.
Foreldra var Eiler Hagerup Gyldenpalm (1740-1817) og Aasille Andrea Dedekam (1752-1793). Faren var president og borgarmeister i Kristiansand, seinare mellom anna lagmann i Skien og justisråd. Hans var den eldste av åtte sysken.
Hans Hagerup Gyldenpalm vart student 1792 og cand. theol. 19. januar 1802 ved Universitetet i København. Han gifta seg i København 15. august same året med danske Karen Marie Mariager (1779-1851). Ho var dotter til reipslagarmeister Christian Nielsen Mariager og Karen Ammonsdatter. Etter mannens død flytta ho attende til familie sin i København. Ekteparet hadde ikkje born. Les mer …
Alfred Gjengedal (fødd i Gloppen 25. november 1904, død i Lom 1995) var teolog og skulemann. Det meste av yrkeskarrieren sin var han styrar/rektor ved Lom og Skjåk realskule i Lom.
Foreldra var Anders Jakobsen og Ane Gjengedal, som dreiv gard i Hyen sokn i Gloppen i Nordfjord.
Alfred Gjengedal gifta seg i 1938 med Martha Elisabeth Rønnekleiv (1904-1984), dotter på ein annan gard i same bygda. Alfred og Martha fekk fem born: Audun (fødd 1939), Kristi Synnøve (fødd 1940), Arvid (fødd 1943), Anstein Birger (fødd 1944) og Sigrun Dorthea (fødd 1946).
Alfred Gjengedal gjekk på latinlinja ved Firda landsgymnas, og studerte deretter teologi i Oslo. Han tok embetseksamen i 1936, og vart ordinert til prest. Han var ei tid hjelpeprest i Gransherad. I 1939 fekk han stilling som styrar for Skjåk private millomskule, og budde da eit års tid på Nedre Hjeltar i Skjåk. Skulen vart året etter flytta til Lom, og Gjengedal-familien følgde med dit.
Etter at realskulen var nedlagd i 1968, var Gjengedal eit års tid lektor ved eit gymnas i Bergen (1968-1969). Deretter arbeidde han i ungdomsskulen i Skjåk til han gjekk av med pensjon (1974).
Les mer …
Martinus Høgåsen ved skrivebordet i familiens heim Grindstugu i Vågå, tidleg på 1960-talet. Biletet er teke av Ole Arnfinn Torgersrud. Høgåsen og Torgersrud stod i spissen for arbeidarmållaget. Gudbrandsdal Arbeidarmållag var ein nynorsksamskipnad knytt til arbeidarrørsla i Gudbrandsdalen, og vart skipa i 1955. Laget gav i 1961 ut eit hefte med tittelen Foraktet av de store, men elsket av de små. Der er journalisten og forfattaren Ole Arnfinn Torgersrud frå Gausdal nemnd som formann for laget. Hovudinnhaldet i heftet er elles eit kåseri av Ola Martinus Høgåsen om arbeidarrørsla og målsaka. Høgåsen var venteleg ei hovuddrivkraft i arbeidarmållaget saman med Torgersrud.
I heftet er det attgjeve eit opprop spesielt retta til arbeidsfolk i Gudbrandsdalen om å slutte opp om nynorsken. Av 23 underskrivne står tidlegare kyrkje- og undervisningsminister Lars Moen fremst. Rektor ved Gudbrandsdal offentlege landsgymnas Agvald Gjelsvik er likeins blant underskrivarane, og elles består lista av ordførarar og andre knytta til arbeidarrørsla i bygdene i Gudbrandsdalen. Les mer …
|