Forside:Gulen kommune

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: HordalandSogn og Fjordane (Distrikt: Sogn • Sunnfjord • Nordfjord)
KOMMUNE: Askvoll • Aurland • Bremanger • Fjaler • Gloppen • Gulen • Hyllestad • Høyanger • Kinn • Luster • Lærdal • Sogndal • Solund • Stad • Stryn • Sunnfjord • Vik • Årdal

Om Gulen kommune
1411 Gulen komm.png
Gulen kommune ligg i Ytre Sogn i Vestland fylke (før 1. januar 2020 i Sogn og Fjordane), og har administrasjonssenter i tettstaden Eivindvik. Den ligg rundt Gulafjorden, med omkring 80 % av kommunen på fastlandet og resten på 1500 øyar, holmar og skjer. Dei største øyane er Sandøy, Hisarøy, Byrknesøy og Mjømna. På Byrknesøy ligg kommunens andre tettstad, Byrknes.
Eivindvik, med Gulen kyrkje.
Foto: Siri Iversen
(1997)

Kommunen vart oppretta i 1838 under namnet Evenvik, dåtidas skrivemåte for Eivindvik. Namnet vart endra til Gulen i 1890.

Gulen er tradisjonelt ein landbrukskommune, med vekt på dyrehald. Det er óg ein del kystfiske og oppdrettsanlegg, og desse anlegga har vorte ei viktig inntektskjelde.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Mor og son, Brita og Mons H. Takle.
Foto: Norland, Bergen.

Mons H. Takle (fødd 7. mars 1877 i Brekke, død 18. juli 1958 i Askøy) var lærar og kyrkjesongar. Han var son av gardbrukar Hans Monsson Takle og Brita Monsdotter og bror til læraren Magnus Takle.

Mons Takle tok lærareksamen på Stord lærarskule i 1898 og var lærar i Jostedalen frå 1899 til 1903. Deretter var han lærar i Lindås fram til 1917, i framhaldsskulen i tre år og andrelærar ved Nordhordland fylkesskule i eitt år. Frå 1919 var han lærar og kyrkjesongar i Brekke.   Les mer …

Magnus Takle

Magnus Takle (Birger Magnus Johan) (fødd 15. februar 1883 i Brekke, død 6. september 1971 i Re) var lærar. Han var son av gardbrukar Hans Monsson Takle og Brita Monsdotter.

Magnus Takle gjekk i storebroren Mons H. Takle sine fotefar. Magnus tok lærareksamen ved Stord lærarskule og var lærar i Jostedalen 1904-07. Før lærarskulen hadde han gått Sogndal folkehøgskule der han trefte Metta Sofie Urdahl (1883-1966) frå Luster, som òg gjekk på Stord lærarskule. Ho var dotter av gardbrukar og ordførar Hans Hansson Urdahl (1832-1913) i Luster og Elen Kirstine Larsdotter (1846-1905).

Magnus og Metta gifte seg i Luster 18. april 1906. I 1907 flytte dei til Årdal der Magnus vart lærar, og i 1915 flytte dei vidare til Tasta i Stavanger. Her arbeidde han som lærar til 1948.   Les mer …

Gulen kirke (Gulen kyrkje) er en langkirke fra 1863 som ligger i Eivindvik i Gulen kommune, Sogn og Fjordane fylke. Den nåværende kirken er tegnet av Georg Andreas Bull. Det skal ha vært to tidligere kirker på stedet.   Les mer …

Ivar Dahle.
Foto: Ukjent.

Ivar Dahle (fødd 16. mai 1877 i Gulen, Sogn, død i Heidal i nåverande Sel kommune 26. august 1949) var folkeskulelærar og lokalpolitikar. Han var ordførar i Heidal i nær 25 år, fyrst som arbeidardemokrat, sidan som kommunist og arbeidarpartimann. Dahle var ein av dei fyrste av ganske mange sosialistiske vestlandslærarar som gjorde seg gjeldande i Norddals-bygdene i mellomkrigstida.

Han gjekk i bresjen for ei rekkje store tiltak i Heidal, som bureising, vegbygging, skuleutbygging og anna. På regional basis markerte han seg særleg i samferdselspolitikken, som talsmann for kommunal rutebildrift. Han var målmann og gjorde mykje for å få til språkskiftet til nynorsk i kommunen.

Han var ein særs omtykt og på same tid sterkt omstridd ordførar i ei vanskeleg tid for bygda. Dahle vart til slutt pressa ut av politikken som følgje av kvasse fraksjonsstridar i den lokale arbeidarrørsla rett før krigen. Under krigen vart han fråteken heim og arbeid, og han vart fengsla av Gestapo.   Les mer …

Tusenårsstaden Gulating er et monument som er reist på et av de mulige stedene der Gulatinget kan ha vært holdt og dette var tusenårssted for Gulen kommune i 2005.

Hvor selve tingstedet har vært er ikke helt sikkert. Det kan ha ligget i Eivindvik da det her er bevart to steinkors, eller det kan ha vært holdt andre steder.   Les mer …

Fra Håkonarspelet I forbindelse med markeringen av Tusenårsstedet Gulatinget i Eivindvik i 2005
Håkonarspelet er et historisk spill som har blitt oppført i Hordaland og Sogn og Fjordane, første gangen i 1997. Spelet er skrevet av Johannes Heggland og er i fem deler som er selvstendige en for hver sted det er oppført. Dette har blant annet vært på Marinebasen Haakonsvern, Fitjar og Seim i Hordaland og Eivindvik i Sogn og Fjordane.   Les mer …
 
Sjå òg


 
Eksterne ressursar
Forside:Gulen kommune/Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Gulen kommune
ingen underkategorier
 
Andre artiklar