Forside:Hardanger

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: Hordaland (Distrikt: Sunnhordland • Midthordland • Nordhordland • Hardanger) • Sogn og Fjordane
KOMMUNE: Eidfjord • Kvam • Ullensvang • Ulvik
TIDLIGERE KOMMUNE: Granvin

Om Hardanger
Vøringsfossen i Eidfjord kommune, fotografert i 1999.
Foto: Stig Rune Pedersen

Hardanger er eit distrikt langs og ved Hardangerfjorden i Hordaland. Det strekk seg frå Kvinnherad i vest til Eidfjord i aust, og i tillegg sørover langs Sørfjorden. Det er fire kommunar i distriktet: Kvam, Ulvik, Eidfjord og Ullensvang. I tillegg har tidlegare Granvin herad, som sidan 1. januar 2020 er ein del av Voss herad, vore ein del av Hardanger.

Landskapet er prega av fjell, breer, fosser og fjordar, noko som trekk mange turistar til området. Hardanger er òg kjend for fruktdyrking, som ein meiner har tradisjonar attende til engelske munker som byrja å dyrke frukt der på 1300-talet. Omkring 40% av frukt som produserast i Norge er frå Hardanger.

Folk frå Hardanger kalles hardinger, og målet deres kalles hardingemål (utt. haring).   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Christian Sparre fotografert ca 1900.
Foto: L. Szacinski (firmaet)/Oslo Museum
Christian Herman Sparre (født 30. juli 1859 i Høland i nåværende Aurskog-Høland kommune, død 4. november 1940 på reise i USA) var sjøoffiser og politiker. Han hadde en lang sjømilitær karriere, men er kanskje mest kjent som radikal Venstre-politiker fra slutten av 1800-tallet, og for den såkalte Admiralstriden med kollegaen Jacob Børresen. Han var også forfatter av både fagbøker og kriminalfortellinger.   Les mer …

Faksimile fra Nationen 10. oktober 1922, utsnitt av omtale av bortgangen til Lars Utne.

Lars Utne (fødd 24. november 1862 i Midttun i Utne i det noverande Ullensvang herad, død 8.august 1922 i Asker) var bilethoggar.Lars Utne var son av bonde og snikkar Jørund Amundsson Utne (1813–1889) og Brita Torgilsdotter Jaastad (1819–1902). Han vart gift i 1887 i København med Elisabeth Christiane Semb (1867–1927), ekteskapet oppløyst i 1899, deretter i 1900 i Kristiania med Ragnhild Hafslo Qvam (1869–1954). I folketeljinga 1910 finn vi dei med ein son og ei dotter på Haugsdal i Asker.Lars Utne lærte først frå Lars Kinsarvik, seinare studerte han ved Den kongelige tegneskole, og han oppheldt seg òg eitt år i Paris og åtte år i Berlin, der han mellom anna arbeidde med utsmykning av Riksdagsbygninga.

I Noreg er han først og fremst kjend for utsmykningane til Nationaltheatret i Oslo. Skulpturen «Gutten med beltet» er rekna som det viktigaste enkeltverket hans. Han står og bak dei to messingløvane på trappa innafor inngangen hjå Høyesteretts hus. Lars Utne sitt bronserelieff av kong Harald III Hårdråde på Harald Hårdrådes plass i Gamlebyen i Oslo vart avduka i 1905.   Les mer …

Vegen gjennom Måbødalen er bratt og krevjande, og bremsesvikt på bussen vart fatalt i 1988. Biletet er frå ei tidligare tid, teken kring 1948-51.
Foto: Ukjend/Nasjonalbiblioteket
Måbødalsulykka var ei bussulykke som fann stad ved utløpet av Måbøtunnelen i Eidfjord den 15. august 1988. Det var ein svensk buss med skuleborn og foreldre frå bydelen Kista i Stockholm som var på veg til Bergen for å ta båt til Shetland som køyrde i fjellveggen etter å ha mista bremsane. Seksten menneske omkom, og av dei var tolv born i elleve–tolvårsalderen. Atten vart skadd. Riksveg 7 gjennom Måbødalen i Eidfjord kommune er ei krevjande strekning med åtte prosent stigning og mange sløyfar. På veg ned bakken merka sjåføren at han ikkje lenger hadde verknad i bremsane i tunnelen. Han gira ned, men giret kopla ikkje inn og drivverket gjekk i fri. Dermed verka heller ikke hjelpebremsen, retarden, som ein har på tyngre køyretøy. Bussen hadde vore gjennom ein teknisk kontroll i mai 1988. Det viste seg etter ulykka at det var skjulte feil i bremsane, som ikkje vart fanga opp i kontrollen.   Les mer …

Motiv frå Norheimsund.
Foto: Ukjend / Nasjonalbiblioteket
(1951)

Norheimsund er ein tettstad og administrasjonssenter i Kvam herad i Hardanger. Staden har nær 2300 innbyggjarar, og ligg ved riksveg 7 på nordsida av Hardangerfjorden. Norheimsund er eit viktig handelssentrum for ytre Hardanger. Med båtsamband til Utne og Odda og bussruter til mellom anna Bergen og Voss er det òg eit viktig trafikknutepunkt.

Ein stor brann i 1932 la store deler av sentrum i oske. Ein finn ei rekkje funkisbygg der, eit resultat av oppbygginga etter brannen.   Les mer …

Simon Olaus Wolff.
Simon Olaus Wolff (født 10. oktober 1796, død 11. desember 1859) var prest, diktar og målar. Han var sokneprest i Mo, Aurskog og Sauherad, og hadde ein stor kjærleik til folkekultur og folkemål i Telemark. Wolff er millom anna kjent som diktaren av fedrelandssongen Hvor herligt er mit Fødeland.   Les mer …

Strandebarmer fembords færing.
Foto: Carl Henrik Lampe
Strandebarmer eller strandebarmsbåt er betegnelse på en robåttype fra Strandebarm i Hardanger, altså en av de sørvestlandske robåttypene. Den oppsto i begynnelsen av 1900-tallet. Den kan ha fra tre til fem bordganger. (4 bord på hver side og det nederste bordet med stor bredde brukes i flere distrikter på Sør-Vestlandet, og er så distinkt at man kan snakke om en egen type båt, 4-bords Sør-Vestlandsbåt, altså en lokaltype med langt større utbredelse enn de gamle lokaldistriktene.) Strandebarmerne har visstnok ”alltid” vært ekstra brede og dype og med lavt spring i forhold til båter fra Indre Hardanger, Oselvere og så videre, men også Strandebarmerne ble i gamle dager (for det meste?) bygd av kun 3 bord på hver side, som de fleste andre båter på Sør-Vestlandet. Vaterbord og skvettlist ble også ofte bygd på en Strandebarmsbåt, ofte av båtbyggeren selv.   Les mer …
 


 
Kategoriar for Hardanger
 
Andre artiklar