Forside:Heimar og folk i Bykle

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Heimar og folk i Bykle
Heimar og folk i Bykle, band I.

Heimar og folk i Bykle er ei gards- og ættesoge i fem band for Bykle kommune i Setesdal, forfatta av Aanund Olsnes og utgjeve i 2006. Bykle hadde ei ættesoge frå 1966, Gards- og ættesoge for Bykle, med eit stutt utdrag av kultursoga av Knut Gjerden og Bjørgulv Holen. Kring 1990 byrja folk i kommunen å sjå på om det var mogleg å få ei oppdatert soge, som også tok for seg historia til sjølve garden, og ikkje berre ætta.

Det vart nedsett ein komite med Bjarne Tveiten som leiar, og Aanund Olsnes frå Vinje vart tilsett som forfattar hausten 1998. Kommunens kulturkonsulent Astri Rysstad og vikaren hennar, Helene Fredly, var koordinator, medan nemnda og forfattaren tok seg av det faglege. Medlemene i nemnda var frå starten Tora Mosdøl, Gerd Fosse Hovden, Per Breivegen, Bjarne Tveiten og Folke Nesland. Tveiten og Nesland gjekk etter ei tid ut av nemnda, og i staden kom Leonhard Jansen og Angerd Mosdøl inn. Jansen vart ny leiar. Per Breivegen gjekk bort sumaren 2005, året før boka kom ut.

Bygdebøker i fleire band blir gjerne utgjeve over fleire år, men i Bykle valde ein å gje ut alle fem band samstundes.   Les mer ...

 
Smakebitar frå artiklar
Strondi 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe

Strondi i Trydal i Bykle kommune ligg på austsida av Trydalstjønni, og deildar mot Tykkholt under Trydal) i nord, Hagen i sør og Storstein i aust. I motsetnad til fleire andre av dei nyare bruka i Trydal var Strondi i utgangspunktet ikkje husmannsplass.

I fylgje matrikkelen skal Strondi vera utskilt frå bnr 3, Storstein, i 1882, men dermed er ikkje alt sagt. Det som skjedde i 1882 var at Storstein og Systog sin halvpart av den heimkaupte Trydalsskogen frå 1843 vart formelt dela og matrikulert som to brukseiningar, lnr 46a var Systog sin part, medan 46d høyrde til Storstein. Storsteinparten fekk i 1888 bnr 5, men vart «sammenføiet med bnr 3 i matrikkelen» i 1890, etter at Såve Eivindsson Trydal hadde fått «eindomshævdsdom» på bruket sitt året fyre. I 1898 selde han 4/5 av det som hadde vore bnr 5 til Søren Lund og Olav A. Rike. Desse teigane vart matrikulerte som bnr 6 Båsbrokklii og bnr 7 Sessane (det siste av dessse bruksnummera har sidan vorte sletta or matrikkelen som fylgje av nye sal og delingar). Litt etter salet av bnr 6 og bnr 7 let Såve Eivind H. Bø setje i gang med å rydje seg eit bruk på den femteparten han hadde att. Dette bruket vart sidan ståande med bnr 5.   Les mer …

Gamlestoga i Nystog 9.4.2003.
Foto: Aanund Olsnes

Nystog er eit småbruk under Mosdøl i Bykle kommune. I 1916 sette Knut Hallvardsson Byklum i gang med å byggje seg eit bureisingsbruk på denne parsellen av Torsbu. Storleiken på bruket nå vert oppgjeve til omlag 31 mål, av dette 7 mål med jorde.

Knut kom frå Haugebakk, og foreldra hans var Hallvard Torleivsson Byklum og kona, Birgit Knutsdotter, fødd Byklum. Gunhild, syster åt Knut, var gift med Pål Mikkelsson Byklum i Torsbu, og det var vel ein grunn til at Knut hamna her. Etter at han fyrst hadde fått jordvegen i stand, sette Knut seg opp stoge i 1918. I 1920 kom fjos og løe på plass, og året etter fekk han tinglyst skøyte på at han hadde kaupt bruket av verbroren. I 1926 bygde han på stoga si, så ho vart på i alt 65 m² i to fulle høgder. I 1941 sette han dertil opp eit eldhus.

Det dyrka arealet på bruket var ikkje meir enn 7 mål, så det gjekk ikkje an å liva berre av jorda. Knut var vegarbeidar og sidan oppsynsmann på vegen.   Les mer …

Åsen eller Bakken 31.1.2006.
Foto: Aanund Olsnes

Parsellen Bakken, også kalla Åsen, på vel 4 mål jord i plassgrenda i Byklum er ikkje ein gamal plass. Han høyrde til Torsbu, og vart seld til bureisingsbruk så seint som i 1915, seljaren var Pål Mikkelsson Byklum. Bruket vart 2 år seinare skyldsett til 1 øre og tildela bnr 9 under Mosdøl.

Bureisaren heitte Olav Auversson. Han var son åt Auver Olavsson Gjerden i Myri under Gjerden og kona, Tone Pålsdotter, fødd Gjerden. Olav hadde budd i Åsen under Hoslemo frå han gifte seg i 1885. Til å byrje med var han husmann der, men seinast i 1888 fekk han kaupe det bruket, og sat som sjølveigar nokre år.

Nett kor lenge han greidde å halde på Åsen veit me ikkje, men dottera Tone vart konfirmert frå Hoslemo sumaren 1900, og i folketeljinga frå slutten av det året ser me at Olav og huslyden hans då var medbrukarar i Bjones, hjå Pål Auversson, bror hans. Sidan budde dei tydelegvis fleire stader, i Byklum og Gjerden og Nesland, inntil dei flutte hit i 1916.

Etter dei namnereglane me har nytta i denne boka, når det gjeld noko eldre tilhøve, skulle Olav ha vorte oppførd med etternamnet Gjerden. Men ettersom både han sjølv og borna hans skreiv seg Åsen, lyt me nytte det namnet. Også bruket her vert til dagleg omtala som Åsen, etter dei som budde her, medan Bakken berre vart eit matrikkelnamn.   Les mer …

Vodden Nesland i 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe

Vodden er ein av Neslandgardane i Bykle kommune. Som me har fortalt i bolken om hovudbølet vart dette bruket, som er det vestlegaste av dei gamle gardsbruka på Nesland, utskilt som ein eigen verestad med ei landskyld på 6 kalveskinn alt i 1682, og den fyrste oppsitjaren her var Olav Knutsson.

  • Olav Knutsson Nesland, n 1645-1682, d fyre 1689
g 1. m ukj. Born, iallfall:
  • ? Bjørgulv, n 1664-66, d fyre 1670
  • Tarjei, f ca 1648, d 1720, sjå nedanfor
g 2. m Asgjerd, n 1666-70. Born, ialfall:
  • Knut, f ca 1659, n 1666, seinare lagnad ukj.

Når me trur at Asgjerd må ha vore andre kona av Olav Knutsson er det avdi Tarjei Olavsson ikkje kalla nokon av dei tre døtrene sine for Asgjerd, og då er det snautt om ho var mor hans.

Olav døydde ein gong på 1680-talet, få år etter at han hadde fått deilda ifrå Vodden som eige bruk, og sonen Tarjei vart neste oppsitjar.   Les mer …

Tunet på Berdalen Der nede, sett nedanfrå bygdevegen 5.8.2005.
Foto: Aanund Olsnes

Som namnet Der nede tyder på har dette bruket tunet og jordet beint nedanfor Der uppe, og som det vil ha gått fram, er me samde med den gamle gards- og ættesoga i at Der uppe må vera det gamle hovudbølet, som alle dei andre bruka i garden i si tid har gått ut ifrå. At Der nede likevel har fått bnr 1, vil me oppfatte som tilfeldig.

Når det gjeld tida for den fyrste garddelinga, påsto den dåverande oppsitjaren her i rettssaka 1728, som me fortalde om i bolken om Der uppe, at Der nede var ein gamal øydegard, som heitte Skjerstøyl, og at denne verestaden «alltid» hadde vore eit bruk for seg. Men ettersom retten ikkje fann at dette var noko å leggje vekt på, torer ikkje me heller tru for sikkert på påstanden. Likevel finn me han interessant nok til å nemne, for kanskje bygde han på røynlege tilhøve. I så fall er det ein indikasjon på at Berdalen helst var dela i to bruk alt i mellomalderen.

Men den fyrste kjende oppsitjaren her var iallfall Såve Olavsson, son åt Olav Knutsson.   Les mer …

Mot Berdalen frå Berdalsbru 26.11.2002. Biletet vart funne i kommunearkivet.
Foto: Knut Erik Paulsen

Berdalen er ein matrikkelgard i Bykle kommune. To-tre km nordanfor Hoslemo går ein dal austetter frå Otra-dalføret. I botnen av denne dalen renn elva Berdøla, og oppi lia på nordsida av elva ligg Berdalsgardane.

Om namnet Berdalen skriv Amund B. Larsen i Norske Gaardnavne (VIII, s.212):

Den nærmestliggende forklaring er gjennem Elvenavnet Bera; dog kan 1.ste led også være Kvindenavnet Bera, Fællesnavnet Bera, f, Hunbjørn, eller Fællesnavnet ber, n, Bær; neppe berg n.

Filologen Olav Haslemo (Stadnamn frå Bykle. Hoslemo skulekrins, h.oppgv. norsk, 1968, 62 f) meiner det er gale å setje opp elvenamnet som utgangspunkt for gardsnamnet. Han har større tru på den forklaringa som set namnet til å koma av gamalnorsk bera, f., «binne», men landar likevel på kvinnenamnet Bera som det mest sannsynlege grunnordet til fyrstelekken i namnet, «fordi vi elles helst finn [hankjønnsordet] bjørn i utmerkingsleden når det er tale om «Fællesnavnet» [...] Vi får då Berdalen som beinveges samansetning», medan elvenamnet vert sekundært i høvet til namnet på dalen elva renn igjennom. «Både ber og berg kan vi sjå bort ifrå», seier han, «og det same gjeld den tolkinga T. Nomeland har lagt fram i Bykle Gards- og ættesoge (1966, s. 221)».

Etter Nomeland skal gardsnamnet tyde «den berre dalen, berrsynt og open som han er og ikkje løynd av skog eller fjell». Dette er heilt urimeleg, meiner Haslemo, «elles i landet finn [ein ikkje ]døme på liknande namn med ei slik tyding.» Det kan heller ikkje vera rett å seia at dalen ikkje er løynd av skog, tvertom er han «godt skogsett».   Les mer …
 
Se også
Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Heimar og folk i Bykle
ingen underkategorier
 
Mest lest