Forside:Helgeland

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 5. okt. 2010 kl. 22:58 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Erstatter sida med «{{Distriktsmal |Flertall(er/ar) = ar }}»)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

ØSTLANDET • SØRLANDET • VESTLANDET • MIDT-NORGE • NORD-NORGE
Nordland • Troms • Finnmark
Helgeland • Salten • Lofoten • Vesterålen • Ofoten
BindalSømnaBrønnøyVegaVevelstadHerøyAlstahaugLeirfjordVefsnGraneHattfjelldalDønnaNesnaHemnesRanaLurøyTrænaRødøyMeløy

Om Helgeland
Helgeland (samme opprinnelse som «Hålogaland») er en region og et landskap i Nordland fylke. Området dekker kommunene fra grensen mot Trøndelag i sør og opp til Saltfjellet i nord, hvor det grenser til regionen Salten.

Distriktet hadde 76 949 innbyggere i 2007 (1. oktober 2007 SSB) og dekker et areal på 17 961 km². Området har ingen egen administrasjon, men utstrakt interkommunalt samarbeid. På 1930-tallet var utskilling av Helgeland som et eget fylke, med fylkesadministrasjon i Mosjøen, en meget aktuell sak.

Helgeland består av kommunene Sømna, Vevelstad, Vega, Bindal og Brønnøy (tilknyttet Sør-Helgeland Regionråd); Leirfjord, Dønna, Vefsn, Herøy, Lurøy, Træna, Rødøy og Alstahaug (tilknyttet Helgeland Regionråd) og Grane, Hattfjelldal, Hemnes, Nesna og Rana (tilknyttet Indre Helgeland Regionråd).

Tidligere hørte også Meløy kommune til Helgeland. Den regnes nå som en del av Salten.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Foto: Erlend Leirdal
Den samiske historiaNordmøre (inkludert Sunndalsfjella/Dovre) og i Sør-Fosen (i tydinga Agdenes/Snillfjord/Hemne-området og øyane utanfor) er foreløpig lite kartlagt. I 2006 vart det funne fire aernieh (sørsamiske eldstader) med tilhørande båassjoeh, så vel som bl.a. mange fangstgroper for rein ved Aursjøen i fjella mellom Sunndal og Lesja. Ulike skikt av trekolet i eldstadene er datert til ymse tidspunkt i perioden frå 600-talet til kring begynnelsen av 900-talet. Vi veit at det har vore sørsamisk reindrift i Trollheimen og på Fosenhalvøya i lange tider, og vi har òg dokumentasjon på reindrift kring Hemnkjølen og så langt vest som fjellområda mellom Valsøyfjorden i Halsa kommune og Bøverdalen i Surnadal kommune. I Aure og Smøla kommunar er det først og fremst i stadnamna at den samiske delen av lokalhistoria kjem til synes. På Veiholmen er det òg gjort éit vesentleg arkeologisk funn: ein vevspjelk eller vevkam i horn med typisk sørsamisk ornamentikk, stildatert til kring 1200—1500 evt.   Les mer …

Nokre pitesamiske stadnamn kring Saltfjorden/Skjerstadfjorden.
Det finst ikkje noka fast normering av pitesamiske stadnamn enno. På kart frå kartverket har det tidligare vorte bruka hovudsaklig nordsamisk normering, og frå dei siste tiåra på 1900-talet i aukande grad lulesamisk normering. På same kartbladet kan vi ofte finne desse to normeringsmåtane rett attmed kvarandre — på Det store Saltfjellkartet (2008) finn vi for eksempel Vaššavárri (nordsam.) og Vássjatjåhkkå (lules.) side om side. Det pitesamiske namnet som ligg til grunn for det norske tettstadsnamnet Sulitjelma er Sulisjælbmá eller Sulidælbmá. På mange kart er den nordsamiske normeringa Sulečielbma bruka. På andre kart att er den lulesamiske forma som Fauske kommune har valt, Sulisjielmmá, bruka. I dag ligg normeringa av samiske stadnamn i Salten, inkludert det pitesamiske området i Sør-Salten, under Sametinget, som har valt å bruke lulesamisk normering. Trass i at lulesamisk og pitesamisk er nærme i slekt med kvarandre, er det òg vesentlige ulikheiter. Medan lulesamisk i hovudsak behandlar l’m som [ləm], skrive som lmm, har pitesamisk eit mindre utbygd glidevokalsystem og får oftare inn ein dissimilerande plosiv ved nasalforlenging: ləb̥m eller lb̥m, gjerne skrive som lbm. I vokalsystemet har pitesamisk hyppig ua/ og æ i ordformer med sterkt stadium der lulesamisk har oa og ie, og i tillegg mykje bruk av å der lulesamisk har oa.   Les mer …

Pitesamisk grammatikk kan, som andre språks grammatikkar, delast inn i fonologi (lydlære), morfologi (bøyingslære) og syntaks (setningslære). Innafor lydlæra liknar pitesamisk på andre samiske språk i det at forskjellen på fonetisk stemtheit mellom «stemte» og «ustemte» konsonantar i seg sjølv kan vera vanskelig å oppfatte for mange. Forskjellen kjem vel så mykje til uttrykk i pre- og post-aspirasjon og i bruk av eventuelle glidevokalar. Den dynamiske trykket ligg generelt på første stavinga i ordet. Vokal- og konsonantlengda har ein tendens til å vera omvendt proporsjonal i ulike grammatiske former av same ordet — såkalla stadieveksling. Tilsvarande vil vokalen (diftongen) i første stavinga ofte variere artikulasjonsstad etter vokalen i neste stavinga, eller såkalla omlyd. I formlæra ber pitesamisk preg av ein rikdom av former, i og med at det finst ni grammatiske kasus i substantiva og pronomena; og verba blir bøygd i tre personar, tre tal, fire tider og fem modi. I setningslæra kan vi legge merke til at setningsstrukturen SOV (subjekt–objekt–verb) framleis er relativt vanlig, og på same måten som elles i samiske språk og i bl.a. trønder og nordnorske dialektar får vi ikkje subjekt–verbal-reversering i samband med spørjeord: Mav biena bårrá? (‘Kva hunden et?’).   Les mer …

Nils Martin Reppen, lærernes tillitsmann i Trondenes.
Nils Martin Reppen (født 30. april 1869 i Bindal, død 13. april 1935) var lærer ved Ervik skole og tillitsvalgt for lærerne i Trondenes krins av Norsk lærarlag. Videre var han blant annet sentralstyremedlem i Norsk Lærerlag i 20 år og medlem av Trondenes herredsstyre for Venstre i 20 år. Han var sønn av bonde Ditlev Olsen Reppen og Adolfine Nilsdatter.   Les mer …

Nils Grotnes ca. 1950.
Foto: Ukjent
Nils Jørgen Kornelius Grotnes (fødd i Nord-Rana 25. februar 1890, død 5. april 1961) var lærar og skulestyrar. Mest er han kjend som styrar for framhaldsskulen i Sel i Gudbrandsdalen i fleire tiår, og for å ha grunnlagt og styrt realskulen i bygda. Han var elles aktiv i offentleg styre og stell og i organisasjonslivet, ikkje minst kva gjeld ideelt ungdomsarbeid. I ei studentjubileumsbok karakteriserer han si eiga livsorientering i Christopher Bruuns ånd: «Kristeleg nasjonal (norskdom og kristendom)». Han var blant pådrivarane for å få inn nynorsk som skulemål i Gudbrandsdalen i 1930-åra. Politisk orienterte han seg mot Arbeidarpartiet. Han var aktiv i den sivile motstanden mot okkupasjonsregimet 1940-1945.   Les mer …

Fergeanløp i Mosjøen havn. På bildet sees Jürgensens gamle havnelager.
Foto: Zahl
Jürgensen (Bech Jürgensen) er en familie av handelsmenn og skipsmeklere i Mosjøen. Asmus Jürgensen fra Flensborg kom i den første delen av 1800-tallet til Helgeland. Han giftet seg med Anna Catharina Bech, og fra hennes slekt kom blant annet et handelssted i nordenden av Mosjøen inn i familien. Sønnen Andreas Bech Jürgensen overtok i 1866 denne handelsvirksomheten. Familien oppnådde etterhvert en fremtredende stilling i byens næringsliv. Blant annet var Jürgensen den første ordføreren i byen og en av mennene som grunnla Mosjøen Handelsstandsforening. Grace Bech Jürgensen (18881968) eiet og drev barnehage i sitt hjem i Jonas Lies gate 3. Hun omtales som en pioner innen barnehagearbeidet i Mosjøen.   Les mer …
 


 
Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Helgeland
 
Andre artiklar