Forside:Herøy kommune (Møre og Romsdal)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 17. nov. 2010 kl. 23:00 av Dena Utne (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Rogaland • Vestland • Møre og Romsdal • Trøndelag
DISTRIKT: Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre
KOMMUNE: VanylvenSandeHerøyUlsteinHareidVoldaØrstaStrandaFjordSykkylvenSulaGiskeHaramÅlesund
TIDLIGERE KOMMUNE: Norddal • Skodje • Sandøy • Stordal • Ørskog • (Hornindal)

Om Herøy kommune (Møre og Romsdal)
1515 Heroy More og Romsdal komm.png
Herøy kommune er ein av kommunane på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen grensar mot Volda, Vanylven, Sande og Ulstein kommunar.

Herøy kommune er delt i to av Herøyfjorden. Kommunen har seks tettstader, Kvalsvik, Kvalsund, Remøy, Moltustranda, Tjørvåg og Fosnavåg. Administrasjonssenteret ligg i Fosnavåg. Det er tre kyrkjer i Herøy, Leikanger kyrkje, Indre Herøy kyrkje og Herøy kyrkje.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Dette bilde viser fremste spanta, me ser at dei to fremste er tydeleg kantra.

MB «Notøybuen» M-114- HØ, vart bygd ved L/L Vik Båtbyggeri i 1982 for Sæmund Helde, Nerlandsøy. Står i fiskeriregisteret med bygge år 1982. Båtens lengde 10,55 m, br 3,43 m. og djupne 1,68 m. Båten er bygd på laminerte spant og er tverrhekka, med heil bakk. På denne båten er også stemnet laminert. Hud av 1 ½” Bjørkedalsfure.

Båten var levert utan dekk og overbygg men med lagd bjelkevegarar. For å halde skroget stabilt for sleping til heimehamna vart det lagt nokre midlertidige bjelkar. Ved overtaking var båten lavare enn det kjøpar meinte ha avtala, det vart likevel kjøp og eigar la inn spantestubbar og forhøya båten med ein planke. På grunn av at båten hadde heil bakk kunne han forlenge hudplanken derfrå vidare bakover. Han la inn garnering av pløgd material. Eigar bygde sjølv dekk og dekkshus i aluminium, og han utførte også all innreiing sjølv. Båten har slingrekjøl og ein stålkjøl på ca 600 kg. Helde tok over båten i 1982 men ferdig i 1991, det kan ein forstå når den store eigeninnsatsen skulle gjerast i ledige bolkar.   Les mer …

Logoen til Herøy kystlag.
Herøy kystlag (HK) vart etablert i 1991. Opprinneleg var tanken at dette skulle vere ein modellbåtklubb for dei som dreiv på med slikt i HerøySunnmøre. Men det enda opp med at det vart eit større perspektiv på laget med fokus på kystkultur. Laget vart innmeldt i Forbundet KYSTEN i 1994. Laget har om lag 70 medlemmar.   Les mer …

Hovedhuset på Herøy gard slik det ser ut i dag.
Foto: thumb
(2009)

Herøy gard ligger på Herøya i Herøy kommuneSunnmøre. Øya har en lang historie, og omtales ofte som Sagaøya, grunnen for dette er nok at den er nevnt flere ganger i sagaene. Den ligger sentralt til i skipsleia når man runder Stad og har god havn.

På det høyeste platået på øya ble Herøy kirke bygd, den er trolig påbegynt på 1100-tallet. Her lå også en gildestue som tilhørte Trondheim Domkapitel. Herøy gard var prestegarden som tilhørte denne kirken, men mange prester ville ikke bo her, og kjøpte seg isteden egne garder andre steder. Hovedgrunnen for dette var at det var så lite jord på øya at man måtte frakte med seg jord til å dekke kistene med når noen skulle begraves her. Alikevel ble det aldri nok jord, og på varme sommerdager skal lukten fra likene ha lagt tungt over området.   Les mer …

Runde fyrstasjon 2009. Vi ser fyret frå 1935 i bakgrunnen.
Foto: Arnfinn Kjelland
Runde fyrstasjon ligg på Kvalneset på øya Runde i Herøy. Fyret vart tent 1. september 1767 som det sjette i Noreg og det første nord for Stad. Dette var eit såkalla blussfyr – eit bål eller eld med lysande loge, i ei fyrgryte eller fyrpanne, og lyskjelde var kol eller torv. Det første fyret låg på Tua, eit platå knapt 200 meter over havnivået i lia ovanfor den noverande stasjonen. Det var generalauditør og byfut i Kristiansund, Peter Frederik Koren, som fekk kongeleg løyve til å sette opp fyret og krevje inn fyrpengar av passerande fartøy. Koren kjøpte elles heile garden Goksøyra og la plikt til å spa torv, transport og vakt på fyret til oppsitjarane.   Les mer …

Her har Dyrhaug fått fiskerinummeret måla på, og går ei runde utanfor båtbyggeriet
MB «Dyrhaug» (M-470-HØ / M-77-HØ) var bygd som kryssar, og er det største nybygget ved L/L Vik Båtbyggeri. Det vart rekna med at båten var 70 fot, men i fiskeriregisteret står båten med 68,3 fot. Båten vart levert på vårparten 1957. I fiskeriregisteret har båten, M-470-HØ. På baugen var påmåla M-77-HØ. Eigaren hadde rekna med å få bruke oppatt fiskerinummeret frå gamlebåten, men det vart ikkje slik det var tenkt. Sjå også spesifikasjonar i båtlista for Vik. Då båten vart sjøsett som ferdig båt, fekk skuleborna i Høydalen fri. Dei var om bord under sjøsettinga. Båten vart brukt til linefiske, og sildegarn på vinteren. Så vart båten vekkleigd til Måløyveringar som dreiv pigghåfiske. Eigaren var med som mannskap. På vårparten 1959 gjekk dei i fjøra sør om Shetland. Der havarerte båten, men mannskapet berga seg i det dei gjekk og stod i. Den største og kraftigaste båten fekk altså eit kort liv på sjøen.   Les mer …

Høydølen på prøvetur i 1950.

MB «Høydølen» M 47 HØ. Eigarar var Anfinn Skorpen og sønene Olav og Peter Skorpen. Dei budde i Flåver, Herøy kommune der dei hadde kai og sjøhus. Båten var bygd på L/L Vik Båtbyggeri i 1950, men var kvart år attende for slippsetjing og pussing. Denne båten var vide kjend for godt vedlikehald. Båten sine mål står i båtlista for Vik.

Båten var bygd som kryssar på doblingspant, og med halvbakk. Det var for å gje meir høgde i lugaren. Lugarkappe, lukekarm og kaising var i stål, eller jarn som det vart sagt i den tida. Alt jarnarbeid, som dekkshus, beslag, kjølhakar og fjørboltar, for å nemne noko, vart utført på båtbyggeriet. Påbygg på kaising var i tre, rorhusfronten var som vanleg av teak. På «Høydølen» var han skinande blank, takka vere godt vedlikehald. I sildefiska hadde dei spesialsydd presenning som dei festa på rorhusfronten til vern mot sildereista.

Det vert fortalt at Olav ein gong hadde pussa så godt rorhusglasa at Arnfinn trudde glaset var ope då han skulle spytta ut skråa, så det vart rett i ruta. Sikkert heilt krise for han, men til morskap for resten av mannskapet. Båten vart i 1974-75 forlengd til 55,5 fot (engelske). I 1983 fekk han nytt overbygg.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Herøy kommune (Møre og Romsdal)
ingen underkategorier
 
Andre artiklar