Forside:Hol kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 23. nov. 2011 kl. 10:36 av Olve Utne (Samtale | bidrag) (Ny side: {{Kommunemal |Flertall(er/ar) = ar }})

(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til: navigasjon, søk

ØSTLANDET • SØRLANDET • VESTLANDET • MIDT-NORGE • NORD-NORGE
Østfold • Akershus • Oslo • Hedmark • Oppland • Buskerud • Vestfold • Telemark
Eiker • Hallingdal • Numedal • Ringerike
Hol • Ål • Hemsedal • Gol • Nes • Flå

Om Hol kommune
Hallingskarvet sett fra Ustaoset, altså fra Ustedalsdalføret

Hol kommune ligger øverst i Hallingdal i Buskerud fylke. Kommunen grenser til Ål og Nore og Uvdal i Buskerud, Ulvik og Eidfjord i til Hordaland og Lærdal og Aurland i Sogn og Fjordane. Kommunesenteret ligger i tettstedet Hol i Holsdalføret. Geilo er sentrum i kommunens andre dalføre, Ustedalen. Mellom de to dalførene ligger fjellmassivet Hallingskarvet. Deler av Hardangervidda ligger også innenfor kommunegrensene.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Rosekyrkja i Stordal
Foto: Kristian Almås/Fortidsminneforeningen
Webjørn Maler, eller Webjørn Olsen Hamersbøen, var ein av dei markerte rosemalarane i Hallingdal i si tid. Webjørn var fødd i 1766 i Hol. Det var mange framståande rosemalarar i Hallingdal i hans samtid. Webjørn flytte derfor tidleg ut, til Vestlandet, der det var lettare å finne arbeid enn i heimetraktene. Her blei han etter kvart ein ettertrakta kyrkjemalar, kjend som Webjørn Malar eller Webjørn Halling. Etter ei tid slo han seg ned i Loen i Nordfjord, der han gifte seg og skaffa seg gard.   Les mer …

Jo varmere i været, jo skumlere blir utforkjøringene i Skarverennet.
Foto: Christian Haugen/Flickr, 2011
Therese Johaug har vunnet Skarverennet ni ganger. I 2018 ble rennet avlyst, og det ble dermed ikke noe av hennes planlagte comeback etter 18 måneders utestengelse.
Foto: Odd Letnes, 2014
«Hele folket i arbeid». Noen av de mange frivillige i aksjon ved en av de tre drikkestasjonene. Her på omkring 1350 moh ved Hellevatn oppunder Hallingskarvet.
Foto: Marianne Wiig, 2015
Det tar en hel vinter å få i stand løypetraséen. Snø må flyttes og skavler jevnes ut. Siste uken før Skarverennet jobber de fem tråkkemaskinene nesten døgnet rundt. Etter at de aktive har gått, frisker maskinene opp løypa fra Finse for turløperne.
Foto: Marianne Wiig, 2015
I 2011 måtte tråkkemaskinene se seg slått av mildværet i nedre del av løypetraséen. Fra litt overfor Nyestølen på Ustaoset måtte deltakerne gå de siste par kilometrene mot mål til fots.
Foto: Marianne Wiig, 2011
I sekstiden om morgenen den 21. april fikk deltakerne en sms om at i Skarverennet 2018 var avlyst. Rundt kl. 10 kom tråkkemaskinene i mål på Ustaoset.
Foto: Marianne Wiig, 2018
Skarverennet er et turrenn som går langs Hallingskarvet fra Finse eller Haugastøl til Ustaoset i slutten av april. Det ble arrangert første gang i 1974, og siden den gang er antall deltakere mer enn tidoblet. Arrangørene har de siste årene satt et tak på 12 200, noe som først og fremst skyldes begrenset togkapasitet til Finse. Billettene til 2015-rennet ble «klikket bort» i løpet av 19 sekunder. Skarverennet er et av verdens største mosjonsrenn. Det var Håkon Ringdal som fikk ideen til rennet. Som turistsjef i Hol fra 1973 var han opptatt av å trekke folk til reiselivskommunen også utenom høysesongene, og «helse i hvert stavtak» skulle vise seg å bli glimrende markedsføring av kommunen som reisemål. De første to årene var det Geilo turistlag med Ringdal i spissen som sto som arrangører, støttet av idrettslaget og andre frivillige. Fra 1976 overtok Geilo idrettslag arrangementet med Ringdal som viktig støttespiller.   Les mer …

Stølen Nordre Tuva i 1916. Birgit Flatåker med borna Margit, Anne, Svein, Georg og Olav.
Foto: Ukjend. Eigar: Hol bygdearkiv.
Tuva turisthytte ligg på 1186 moh. sør for Tuvenuten, Hol kommune, på den nordaustlege delen av Hardangervidda. Tuva er privateigd og har 20 senger og 20 sovesalsplassar (2015). Både sumar og vinter er ho også serveringsstad for dagsturistar. Det går bilveg heilt fram til hytta på sumarstid og nokre dagar i veka jamvel rutebuss frå Geilo. Turisthytta ligg om lag ti km frå Ustaoset stasjon.

Fram til midten av 1960-talet var det stølsdrift på nordre Tuva, som ligg litt opp i bakken for turisthytta. På eigedomen står i dag (2015) stølsbua frå 1800-talet med stall og ein grunnmur etter fjøset. Ruinar etter ei steinbu, antakeleg brukt som feleger, ligg lenger vest. I området finst også godt bevarte steingjerder kring fem tydelege teigar som ligg voll i voll. Desse har truleg vore brukte i samband med fedrift. Stølshusa og bygga som høyrer til turisthytta ligg i midtre teigen.

I 1763 kjøpte Ola Knutson (1732-1805) frå Fossgard i Ustedalen nordre Tuva. Fem år seinare fekk han bygsel på Halvorsknutplassen, som låg under Åker. Husmannsplassen vart sjøleigarbruk i 1810 og frå omkring 1819 kalla Flatåker (gnr 82, bnr 1). Tuva har sidan vore i Flatåker-gardane sitt eige.   Les mer …

Utsikt mot Ustaoset fra Usteberget.
Foto: Morten Wiig Letnes (2008)
Ustaoset er ei hyttegrend i Hol kommune i Hallingdal i Buskerud fylke, som vart bygd opp kring Ustaoset stasjon (990,6 moh.) på Bergensbanen frå byrjinga av 1900-talet. Kring 1890 sto det tre stølsbuer og ei løe på Osestølen, som alle høyrde til garden Vindegg i Kvisla, aust for Geilo. Det var kring denne stølen at Ustaoset hotell vart bygd og hyttebyen vaks fram.   Les mer …

Stølshus på Osestølen, Ustaoset. Biletet er teke i samband med stikkinga av Bergensbanen. I midten kan ein skimte telta til jernbanefolka.
Foto: Ukjent (1890-1900). Eigar: Hol bygdearkiv.
Ole O. og Anne Vindegg med ungeflokken på trappa til Osestølen.
Foto: Ukjent, 1925.
Osestølen ligg i sentrum av Ustaoset, Hol kommune. Stølen er nemnt til garden Geilo, Ustedalen, i 1743, då Ola Vebjørnson Raunsgard og kona Rønnøg Arnesdotter brukte ein del av stølen som pant for eit lån frå Per Asgrimson Nerol, Holet. Stølen er også nemnt til garden i 1755 i samband med eit gardssyn. Ein annan del av stølen høyrde til Verpe, Ustedalen, og er nemnd då garden vart delt i 1745. Ola Hermoson søre Slettemoen, Moen, kjøpte denne stølsdelen av Eirik Knutson Verpe ved skøyte 1771. Ola må ha selt han vidare til Lars Asleson Vindegg (synste søre Kaupang, Kvisla), for ved skifte etter Lars i 1779, var Osestølen lista opp mellom stølane som høyrde til garden. I auksjonsskøytet frå same år er Ola Sveinson frå Nordre søre Kaupang ført opp som kjøpar av garden med stølar.   Les mer …

Attgrodde ruinar etter noko som antakelig har vore ei steinbu til stølen Mjølhaugen, Ustaoset.
Foto: Marianne Wiig (2012).
Stølen Mjølhaugane låg på Ustaoset i Hol kommune. Stølen høyrde opphavleg til garden Geilo i Ustedalen. Ved delinga av garden i 1772 følgde han nedre nordre Geilo. I 1808 selde Ola Knutson Geilo garden med stølar til verbroren Lars Olson nedre Geilo. Åtte år seinare kjøpte Svein Olson Rudningen (1769-1861), Holet, stølen med bu, hamn og ved. Han kjøpte på denne tida fleire stølar i området kring Ustaoset, mellom anna i Prestholt. Restar etter ei eller fleire steinbuer og steingjerder ligg i dag (2012) på ein skrå voll nedanfor Mjølhaugane.   Les mer …
 
Sjå òg


 
Eksterne ressursar
Hol bygdearkiv
 
Kategoriar for Hol kommune
ingen underkategorier
 
Andre artiklar