Forside:Jæren

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland (Distrikt: Jæren • Ryfylke • Haugalandet) • Vestland
KOMMUNE: Gjesdal •  • Klepp • Randaberg • Sandnes • Sola • Stavanger • Time

Om Jæren
Sommermorgen på Jæren.
Foto: Bosc d'Anjou
(2009)
Jæren er eit kystlandskap i Rogaland fylke. Fram til byrjinga av 1900-talet var stavemåten «Jæderen» i bruk. Namnet Jæren kjem av det norrøne jaðarr som tyder ‘rand’, ‘kant’ eller ‘jare’. Namnet kan tyda ‘kanten mot havet’. Jæren er ei kyststripe som strekk seg om lag 65 kilometer sør for Boknafjorden og nord-vest for Dalane. Nord-Jæren er rekna å vera kommunane Randaberg, Stavanger, Sola og Sandnes. Midt på Jæren ligg kommunane Time og Klepp. Sør-Jæren er Hå kommune. Høg-Jæren omfattar dei høgareliggjande områda i Time og Hå, og delar av Bjerkreim og Gjesdal kommunar.   Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Konservator Marta Hoffmann ved sitt skrivebord på Norsk Folkemuseum sommeren 1961.
Foto: Unni Fürst/Norsk Folkemuseum.
Marta Hoffmann (fødd 10. juli 1913 på Jæren, daud 15. februar 2001) var kunsthistorikar og konservator. Gjennom sitt arbeid på Norsk Folkemuseum var ho personen som konkretiserte ideen om ei vidareføring av Ord og Sed, og ho vert ofte omtala som ho som la "grunnsteinen" for Norsk etnologisk gransking (NEG).   Les mer …

Vistnestunet ligg på garden Vistnes i Randaberg kommune. Det var Artur Vistnes som i 1967 gav husa på bruk nr. 7 til Randaberg Bygdemuseum. Vistnestunet er no museum og besøksgard med dyr, og er organisert som ein avdeling av Jærmuseet. Bruk nr. 7 blei skilt ut i 1871. Våningshus og løe vart bygt i åra 1874-76, eldhuset noko seinare. Våningshuset, eller "heimahuset" som er den lokale nemninga, og løa ligg parallelt med gavlane mot nordvest og søraust. Eldhuset fyller ut opninga mellom desse husa mot sør. Tunet er dermed godt skjerma mot vinden som tek hardt i det flate jærlandskapet.   Les mer …

Tungenes fyr i 2006.
Foto: Roar Johansen

Tungenes fyr ligg på garden Tunge i Randaberg kommune. Det var fjerde fyret som blei bygt i Rogaland. Privatpersonar i Stavanger stod bak opprettinga i 1828. Det dreidde seg om talglys som var plasserte i eit hus i tunet på Tunge. Etableringa av eit fyr på nordspissen av Jæren må sjåast i samanheng med det rike sildefisket på denne tida. Fisket og sildehandelen auka behovet for ei sikrare innsegling til Stavanger.

Fyrvesenet overtok ansvar for drifta i 1862. Fyret blei då flytta til sin noverande plass på Tungeneset. I 1898 skjedde ei utbygging av fyret, mellom anna med nytt tårn. Elektrisk lys kom på plass i 1932, noko som medførte at sjølve fyret kunne forsterkast. Det fekk også nautofon (tåkelur), som framleis er inntakt. Ein ny fyrvaktarbustad blei reist i 1937. På skjeret Brakjen utanfor Tungeneset kom ei lykt i 1932.   Les mer …

 


 
Kategoriar for Jæren
 
Andre artiklar