Forside:Jostedalen

Om Jostedalen
Nærleiken til breen har alltid prega livet i Jostedalen. Her Nigardsbreen fotografert av Knud Knudsen mellom 1895 og 1902.

Jostedal (Jostedalen, Justedalen, Jøstedalen) er ei bygd og ein tidlegare kommune i Sogn og Fjordane fylke, som i 1963 vart ein del av nye Luster kommune. Jostedal er òg namnet på eit kyrkjesokn, og det var namnet på eit prestegjeld fram til 2004. I dag omfattar skulekrinsen Jostedal den tidlegare kommunen. Bygda er særleg kjend for segna om Jostedalsrypa og for Jostedalsbreen, spesielt Nigardsbreen. Busetnaden finn ein over ei strekning på kring 20 km i hovuddalføret Jostedalen mellom grendene Myklemyr og Fåberg, og i sidedalen Krundalen.

Jostedalen har i dag 26 matrikkelgardar. Framover på 16- og 1700-talet låg gjerne talet på gardbrukarar oppunder 30 før bruksdelinga skaut fart utover 1800-talet. Dei gamle gardane låg gjerne oppe i dalsida medan busetnaden i bygda i dag er dominert av dei nyare grendene i dalbotnen.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Bukti (Sagarøy, bnr. 4) med stova frå 1917, fotografert frå hovudvegen.
Foto: Oddmund L. Hoel (2012)

Sagarøy er ei lita grend i Jostedalen i Luster kommune i Sogn. Grenda ligg i dalbotnen på den sørlege delen av området til matrikkelgarden Bakken og grensar mot Jostedal prestegard.

Grenda ligg i midten av bygda ca 1 km nord for kyrkja. Her var bygde- og kommunesenteret i Jostedalen frå slutten av 1800-talet til opp i etterkrigstida.

Sagarøyelvi renn gjennom grenda. Ho skifta løp og gjorde store øydeleggingar i grenda i storflaumen i august 1979.   Les mer …

Anders Andersson Haugen (døypt 11. juni 1809 i Jostedalen, død 29. mai 1882 i Ørskog) var frå garden Haugen i Krundalen i Jostedalen. Han var son til Anders Andersson Haugen og Mari Johnsdotter. Anders gifte seg 12. juni 1835 med Mari Tøgersdotter (1810-1888) frå Kruna. Ho var dotter av gardbrukar og lensmann Tøger Larsson Kruna. Syskena til Anders og Mari, Lars Tøgerson Kronen og Johanna Andersdotter, vart òg gifte med kvarandre. Anders fekk skøyte på hovudbruket på Haugen 19. oktober 1836, men han og Mari dreiv ikkje garden lenger enn til 1853. Anders selde då garden til Halvor Sjurson Haugen, og Anders og Mari flytte til ØrskogSunnmøre og året etter vidare til Grytten.   Les mer …

Kristen Andersson Ormbergstøl - ordførar i Jostedalen 1897-1904
Kristen Andersson Ormbergstøl (fødd 10. mars 1861 på Ormbergstølen i Jostedalen, død same stad 23. mars 1931) var gardbrukar og ordførar i Jostedalen (1897-1904). Han var son av Torborg Larsdotter (fødd ca. 1829) og Anders Christenson Ormbergstøl (1829-1917). Faren hadde og vore ordførar, seinast 1884-96. Slektene Ormbergstøl, Kronen og Faaberg dominerte lenge lokalpolitikken i Jostedalen.

Kristen brukte heimegarden Ormbergstølen frå 1882, men fekk ikkje skøyte før i 1912. I eit minneord over han heitte det at Kristen "hev dyrka upp garden sin til mellom dei fremste i bygdi".

I same minneordet går det og fram at han hadde ei mengd politiske verv i Jostedalen, "nytta i mest alt komunalt arbeid ein kunde leggja paa ein mand i ei bygd." Forutan ordførar var han formann i fattigstyret, og medlem av skulestyret var opplysningsmannen Ormbergstøl i omkring 40 år.   Les mer …

Eigedomstilhøve i Jostedalen før 1800 gjev eit oversyn over kven som åtte gardane i Jostedalen i Sogn og Fjordane fram til leiglendingane vart sjølveigarar. Jostedalsgardane har følgt ei temmeleg vanleg rute frå kyrkjegods i mellomalderen gjennom kongeleg gods og privatgods i tidleg nytid til sjølveige frå 1700-talet.   Les mer …

Snøtun (Luster, gnr. 209) er ein matrikkelgard i Jostedalen, Luster kommune. Garden ligg i Krundalen og grensar i aust mot Kruna og i vest mot Grov. På Snøtun låg Krundalen skule, som alle heimane under Snøtun sokna til fram til nedlegginga i 1963. Den nyaste skulebygningen frå 1959 står framleis og er i dag Bretun, kurssenteret og hovudkvarteret til Jostedalen breførarlag.
Tunet i Snøtun med hovudbruket til høgre og Reina (Røysi) til venstre.
Foto: Oddmund L. Hoel (2012)
Fram til 1700-talet var Snøtun som resten av Jostedalen eigd av skiftande eksterne godseigarar, og brukarane var leiglendingar. Då jostedalsgodset etter 1754 vart delt mellom dei tre sønene til Christopher Munthe, var det Gerhard Munthe (1726–1785) som fekk hand om Grov. Han selde alt 25. oktober 1757 til brukaren, lensmann Tøger Ottoson Snøtun. Snøtun var dermed ein av dei aller fyrste jostedalsgardane som vart selde ut av Munthe-ætta. Det hadde truleg samanheng med at Snøtun sidan 1730-åra (og fram til 1790-åra) var lensmannsgard, og at brukarane i denne perioden såleis måtte reknast til eit elitesjikt i bygda.   Les mer …

Ormberg (Luster, gnr. 187) er ein matrikkelgard i Jostedalen, Luster kommune. Det er den sørlegaste garden på austsida av Jostedøla i Jostedal sokn. Ormberg er ein av dei få gamle gardane i Jostedalen som ligg i dalbotnen, og garden har lege utsett til for flaumar. Ormberg var ein av dei opphavlege gardane i Jostedalen og er nemnd i det fyrste dokumentet etter øydetida, skattelista frå 1596. Her skulle Olluff Aarebøe betale 2 geitskinn til presten. Alt i 1600 og 1603 er namnet skrive Ormberig/Ormeberigh.
Det nye tunet (bnr. 1) frå 1950-åra sett frå hovudvegen.
Foto: Oddmund L. Hoel (2012)
Futeenkja Birgitte Munthe fekk i 1681 skøyte på alle gardane i Jostedalen. Året etter vart så dette godset splitta opp ved at prestsonen Hans Ottoson Ravn kjøpte to av tre partar i Myklemyr, heile Ormberg og heile Fossen. Ravn sjølv budde på ein del av Myklemyr og hadde leiglendingar på dei andre bruka. Men alt i 1688 hadde Ormberg og Fossen gått attende til Birgitte Munthe.   Les mer …
 
 
Kategoriar for Jostedalen
ingen underkategorier
 
Mest lest