Kart over indre del av Austefjorden Løfoll notlag var eit notlag i Austefjorden i Volda kommune. Notlaget (Løfoll bruk 66/2) hadde ei landnot. Eigarar: Sivert E. Løfoll og sønene Sverre og Erik bruk 66/4. Fyrst brukte dei nota frå ein stor færing, truleg bygd av Rasmus Høydalsvik (truleg den yngste av Rasmus-ane. Der var ikkje mindre enn tre samtidige Rasmus Høydalsvik som bygde båt samtidig ei tid i Vikane). Sigurd Løfoll fotel at då han kom flyttande til Folla saman med foreldre og syskjen i 1944, var nota der, men han veit ikkje kor lenge den hadde eksistert då. Les mer …
Holsvikholmen med båtar i bøye rundt 1960
Holsvik notlag og kalla Holmenotalaget, var eit av fleire notlag i Austefjorden eigd av gardane Holsvik, Sundalsås, Skare, Åslid, begge bruka i Djuvika, Skinvika (Høgset) og begge bruka på Løfolla då det vart avvikla på 1960-talet. Skriftleg informasjon fortel ein heil del om tida då Østefjordens Notlag byter namn til Holsvik Notlag. Stykket er frå 1890 til avvikling i hovedsak basert på det etterkomarane av siste eigarane av det no nedlagde notlaget kan hugse. Holsvik notlag hadde i lang tid to notbruk med litt ulik partseigarskap: Lissjenota åtte partar; Holsvik, Sundalsåsen, Skare, Åslid, begge bruk Djuvik, Skinvik (Høgset, etter at Skinvika var delt i to bruk i 1952) og Løfoll brn 1. Storenota hadde ti partar, her var Løfoll bruk 2 og Sundalsfoll bruk 1 med i tillegg til eigarane i Lissjenota. Dette med ti mann vart nytta til namn på gavlbåten «Timann» M 46 VA då den vart kjøpt etter krigen. Les mer …
Venstre del av antependiet i Volda kyrkje Foto: Fredd Brekke/Volda Husflidslag 100 år Kunstvevaren Birte Oline Flote (1866 – 1952) voks opp på garden Flote i Folkestadbygd i Volda kommune. Ho viste tidleg interesse for veving og alt som knytte seg til dette. Gjennom skolering og eige arbeid utvikla ho seg til ein kunstvevar på høgt nivå. Ho kom til å bety mykje for husflidsarbeid i samtid og i ettertid, i Volda og mykje vidare. Les mer …
«En stor egetræs kiste» i stavkyrkja i Volda. No i Bergen Museum Foto: Svein Skare, Bergen Museum, UiB/Voldaminne 2008
«En stor egetræs kiste» i stavkyrkja i Volda. Den første kyrkja i Volda var truleg bygd sist på 1200-talet eller tidleg på 1300-talet. Det var ei stavkyrkje, først bygd som langkyrkje. Seinare vart den bygd til krosskyrkje. Fullt utbygd skal det ha vore plass til 621 personar, «saavel staaende som sittende». Vi veit lite om utsmykking i kyrkja dei første hundreåra. Men det er påliteleg dokumentasjon på korleis kyrkja blei rikt utsmykka frå tidleg på 1600-talet. Les mer …
Volda kyrkje eller Voldskyrkja som ho blir kalla, er ei krosskyrkje i tettstaden Volda i Volda kommune. Kyrkja har 800 sitjeplassar og det er kyrkjegard ved kyrkja.
Bakgrunn
Natta til 7. april 1929 brann den trekyrkja som stod her før ned. Arbeidet med planlegging av ny kyrkje kom fort i gang, med Arnstein Arneberg som arkitekt. Han laga fleire utkast, men det vart strid om ho skulle byggast i tre eller stein. I april 1930 bestemte soknemøtet at det skulle vere stein. Konstruksjonen er i betong med upussa gråstein som ytterkledning. Les mer …
|