Forside:Kulturminneregistrering i Volda

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Om Kulturminneregistrering i Volda
Kulturminneregistrering i Volda er eit prosjekt som kom i gang i samband med arbeidet med kulturminneplan for Volda kommune, som starta opp våren 2017. Her tek ein sikte på å samle informasjon om så mange kulturminne som muleg innafor kommunegrensene, og mange både tidlegare artiklar og nyskrivne vil etter kvart bli kopla til prosjektet.   Les mer ...
 
Smakebitar
Ein typisk Olaviuskniv
Foto: Narve F. Birkeland
Olavius Nilsen født 19. januar 1860, død 5. september 1927, kom til Volda frå Hatlelid, Førde i Sunnfjord, og markerte seg som ein knivmakar utanom det vanlege. Han kom ved århundreskiftet 1800/1900, der han sette opp eit hus ved elva, eit stykke frå annan busetnad. Som betaling for tomta gjorde han ein del arbeid på garden som eigde området. Elles livnærde han seg med ein del jakt og fiske. Men mest med å vere knivmakar.   Les mer …

Kart over indre del av Austefjorden
Løfoll notlag var eit notlag i Austefjorden i Volda kommune. Notlaget (Løfoll bruk 66/2) hadde ei landnot. Eigarar: Sivert E. Løfoll og sønene Sverre og Erik bruk 66/4. Fyrst brukte dei nota frå ein stor færing, truleg bygd av Rasmus Høydalsvik (truleg den yngste av Rasmus-ane. Der var ikkje mindre enn tre samtidige Rasmus Høydalsvik som bygde båt samtidig ei tid i Vikane). Sigurd Løfoll fotel at då han kom flyttande til Folla saman med foreldre og syskjen i 1944, var nota der, men han veit ikkje kor lenge den hadde eksistert då.   Les mer …

Kart over indre del av Austefjorden
Notlag i Austefjordområdet. Fjordagardane på Vestlandet har hatt behov for matauk meir enn det garden kunne gi, slik var det også på gardane i Austefjorden i Volda. Dette var meir naudsynt i gamledagar enn no. Gamle dagar er vel ikkje så langt att i tida i denne samanheng. Ser ein på korleis det var i 1930-åra, så var det ikkje så mykje kontantar mellom folk. Gardane var små så maten frå fjorden var naudsynt for både livberging og busetjing. Heimefiskje høyrde kvardagen til, og den som var heime tok del. Ein kan seie at fjorden berga liv, men nokre gonger gjekk det gale, og fjorden tok liv.   Les mer …

Lars Kinsarvik: Armstol med treskurd og rosemaling.
(2018)

Lars Kinsarvik (1846–1925) vaks opp på garden Hus i Kinsarvik i Hardanger, i eit miljø som ga impulsar til rosemaling og treskurd. Han blei fengsla av dette og utvikla seg til kanskje si tids fremste treskjerar. Først med sete i Hardanger, seinare på Sunnmøre. I 1905 flytte Kinsarvik med familien til Ørsta. Grunnane til dette var nok fleire. Ein var at han ei tid hadde ikkje hadde så store innkomer, og hadde ansvar for ein stor familie: kone og fem barn.

Det var Andreas Austlid som overtalte Kinsarvik til å velje Ørsta. Austlid var skulestyrar på den nyss oppretta folkehøgskulen i bygda. Han hadde tidlegare vore lærar ved folkehøgskulen i Ullensvang. Der hadde Austlid og Kinsarvik blitt godt kjende, fordi Kinsarvik var sterkt medverkande til både oppretting og drift av skulen. I Ørsta fekk Kinsarvik arbeid som lærar ved Møre folkehøgskule. Samtidig hadde han inntekter av å vere ein mykje brukt foredragshaldar i ungdomslag og andre organisasjonar.   Les mer …

Rosekyrkja i Stordal
Foto: Kristian Almås/Fortidsminneforeningen
Webjørn Maler, eller Webjørn Olsen Hamersbøen, var ein av dei markerte rosemalarane i Hallingdal i si tid. Webjørn var fødd i 1766 i Hol. Det var mange framståande rosemalarar i Hallingdal i hans samtid. Webjørn flytte derfor tidleg ut, til Vestlandet, der det var lettare å finne arbeid enn i heimetraktene. Her blei han etter kvart ein ettertrakta kyrkjemalar, kjend som Webjørn Malar eller Webjørn Halling. Etter ei tid slo han seg ned i Loen i Nordfjord, der han gifte seg og skaffa seg gard.   Les mer …

«En stor egetræs kiste» i stavkyrkja i Volda. No i Bergen Museum
Foto: Svein Skare, Bergen Museum, UiB/Voldaminne 2008
«En stor egetræs kiste» i stavkyrkja i Volda. Den første kyrkja i Volda var truleg bygd sist på 1200-talet eller tidleg på 1300-talet. Det var ei stavkyrkje, først bygd som langkyrkje. Seinare vart den bygd til krosskyrkje. Fullt utbygd skal det ha vore plass til 621 personar, «saavel staaende som sittende». Vi veit lite om utsmykking i kyrkja dei første hundreåra. Men det er påliteleg dokumentasjon på korleis kyrkja blei rikt utsmykka frå tidleg på 1600-talet.   Les mer …
 
Kategoriar for Kulturminneregistrering i Volda
ingen underkategorier
 
Andre artiklar