Forside:Kvinesdal kommune

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Agder
TIDLIGERE FYLKE: Aust-Agder • Vest-Agder
KOMMUNE: Farsund • Flekkefjord • Hægebostad • Kristiansand • Kvinesdal • Lindesnes • Lyngdal • Sirdal • Vennesla • Åseral

Om Kvinesdal kommune
1037 Kvinesdal komm.png
Kvinesdal er en kommune i Agder fylke (før 1. januar 2020 i Vest-Agder). Kommunens administrasjonssentrum heter Liknes. Her møtes de to elvene Kvina og Litleåna som renner ut i Fedafjorden.

Kvinesdal har kontakt til kysten via Fedafjorden og grenser til Bygland i nord. I vest grenser kommunen til Flekkefjord og Sirdal, i øst til Åseral og Hægebostad, i sør til Lyngdal og Farsund.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Spikkeland i 2019.
Foto: Amund Pedersen

Spikkeland er ein matrikkelgard i Fjotland sokn i Kvinesdal kommune. Han har i dag gardsnummer 173, og hadde tidlegare gnr. 4 i Fjotland kommune, i 1838 matrikkelnummer 175 og gamalt matrikkelnummer 346.


Spikkeland ligg sørvendt inne på heia rett vest for Nedre Kvinlaug, mellom Stølsheia i nord og Buknumsheia i sør. Spikkeland har grense mot Gyland sokn i Flekkefjord frå Kråknuden i nord til Bjorvatnet i sør. Garden grensar òg til Øvre Kvinlaug i nord og Risøya i nordaust.

Spikkeland blei fråflytta under befolkningskrisa i seinmiddelalderen. Han blei ein såkalla øydegard, og låg inn att under Nedre Kvinlaug i fleire hundre år etter Svartedauden. På førstninga av 1600-talet førte dyre krigsutgifter til at Kongen trong fleire objekt å krevja skatt frå. Han gav derfor skattefritak i tre år til personar som dyrka opp att ein øydegard. Spikkeland blei likevel ikkje tatt i bruk att før om lag 1640. Det var gjerne gardane som låg litt vanskelegare tilgjengeleg eller hadde kortare vekstsesong og hardare vilkår, som blei fråflytta først på 1300-talet og folka att sist på 1600-talet.

I 1665 hadde dei ikkje hest på Spikkeland, men fire kyr og seks småfe, alt ifølgje kommisjonen som reiste rundt på gardane. Desse tala skulle leggja grunnlaget for utmålinga av skatten og må i beste fall reknast som eit minimumstal, då bonden hadde interesse av å gje opp lågast mogleg tal. I skiftet etter Eivind Annbjørnsson i 1682 står det likevel rekna opp 8 kyr, 4 ungkyr, 5 kalvar, 26 vaksne sauer og 16 ungsauer, som skulle fordelast på arvingane.   Les mer …

Gamlehusa på bnr. 3.
Foto: Solveig Helle

Helle, uttales Hedde, er ein matrikkelgard i Fjotland sokn i Kvinesdal kommune. Han har gardsnummer 171, og hadde tidlegare gnr. 2 i Fjotland kommune, i 1838 matrikkelnummer 173 og hadde gamalt matrikkelnummer 260.

Som spreidd utover – på ei slette på austsida av Kvina, mellom åskammar og knutar – ligg bruka på Helle. Vesterdalsvegen, rodevegen som blei anlagt gjennom Helle i 1899, må gjera ein sving her, rundt Hamaren, ein fjellformasjon som stikk opp midt på sletta.

Gardsgrensa mot vest følgjer Kvina frå Narvestad til Engedal, medan skiftet med Engedal går frå Lundalsfossen i Kvina over Stighommen og Årkleiva til Hommevatnet. Denne grensa blei gått opp i 1662. Den opphavelege grensa gjekk så vidare frå Hommevatnet og sørover i heia til skiftet med Versland og Sinland og deretter rett vest til Narvestad ved Nonansheia.

Helle grensar til Narvestad, Sinland, Borhommen, Årstøl og Knibestøl i sør, til Homme og Åmland i aust, Nedre Kvinlog i vest og Engedal i nord.   Les mer …

Gamla huset på Narvestad frå ca. 1930.

Narvestad er ein matrikkelgard i Fjotland sokn i Kvinesdal kommune. Garden har i dag gardsnummer 170. Han hadde tidlegare gnr. 1 i Fjotland kommune, i 1838 matrikkelnummer 172 og gamalt matrikkelnummer 316. Narvestad er den sørlegaste av gardane i Vesterdalen i Fjotland sokn. Hovudbølet låg frå gamalt av på vestsida av Kvina, medan nybruk blei reist på elvesletta på austsida av elva midt på 1800-talet.

Slettene på kvar side av elva ligg imot bratte skråningar med Nonansheia i aust og Hoskuldshomheia i vest. Nonansheia markerer grensa til Helle, som ligg omkring garden i nord og aust, medan garden har skogområde heilt inn mot grensa til Gyland sokn i Flekkefjord i vest. I sør grensar garden til Røyseland og Ryggesås, noko som også var den gamle kommunegrensa mellom Fjotland og Kvinesdal kommunar. I nord grensar òg Narvestad til Spikkeland.

Kvednebekkjen renn ut i Kvina ved Narvestad. Følgjer ein denne motstraums nordvest via Ragnhildhola, kjem ein til Narvestadstølen og vidare til Spikkeland.   Les mer …

Anders Hjellum (døypt Andreas, fødd 13. februar 1870 i Aurland, død 21. november 1950 i Kvinesdal) var gardbrukarson frå Hjellum i Undredal i Aurland. Han tok lærareksamen på Stord seminar i 1891 og var deretter lærar i Vinje i Telemark til 1893. Etter dette var han lærar og kyrkjesongar i Kvinnherad 1893-1895 og Gaular 1896-1897. Han gifte seg i Aurland 26. juni 1895 med Kari Olsdotter Underdal (fødd 1867). I 1898 vart Anders Hjellum tilsett som lærar og klokkar i Jostedalen, og han vart den fyrste klokkaren som budde på Øvregarden, som Jostedal kommune året før hadde kjøpt som klokkargard. Øvregarden var før dette ein fråflytt husmannsplass under Jostedal prestegard. Han var òg postopnar alle åra han budde i Jostedalen.   Les mer …

Olav Eftestøl
Foto: 1920-åra
Olav Andreas Eftestøl (født 6. august 1863 i Fjotland, død 16. april 1930 i Kongsvinger) var skolemann, avisredaktør og politiker. Fra 1907 til sin død var han skoledirektør i Hamar stift. På Stortinget representerte han Arbeiderdemokratene, der han som partiets fremste skolepolitiker var en av de sterkeste forkjemperne for sin tids enhetsskole: At barn på landet og i byene skulle få like god utdanning, bygd på en felles undervisningsplan i folkeskolen.   Les mer …

Turen kan enten gås fra Josdal eller Salmeli, og den kan gås som en rundtur. Detaljert rutekart finnes på UT.no.
Brudleruta er en historisk vandrerute som går langs en gammel ferdselvei mellom kommunene Sirdal og Kvinesdal. Ruta er i dag laget som en rundtur hvor det er mulig å starte enten fra Josdal i Sirdal eller fra Salmeli i Kvinesdal. Navnet brudleruta har sitt utgangspunkt i «brudled» – et brudefølge. I Agder er det spesielle at et brudled ikke bare var selve brudefølget, men også en rad med steiner lagt etter hverandre i en linje på bart fjell. Historien forteller at det var brudefølget som la steinene til minne om bryllupsdagen da brudefølget gikk over heia. Det kunne være heieovergangen mellom bryllupsgården og kirken, eller det kunne være heieovergangen der bruden kom i fra og heieovergangen der brudgommen kom i fra. For hver deltaker i brudefølget ble det lagt ned en stein. Historien forteller at de største steinene skulle symbolisere brud og brudgom. I noen brudler finnes det mindre steiner, og det var gjettet på at det var barn som la ned de små steinene.   Les mer …
 
Sjå òg


 
Kategoriar for Kvinesdal kommune
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
 
Andre artiklar