Forside:Kvitsøy kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland (Distrikt: Jæren • Ryfylke • Haugalandet) • Vestland
KOMMUNE: Bjerkreim • Bokn • Eigersund • Gjesdal • Haugesund • Hjelmeland •  • Karmøy • Klepp • Kvitsøy • Lund • Randaberg • Sandnes • Sauda • Sokndal • Sola • Stavanger • Strand • Suldal • Time • Tysvær • Vindafjord • Utsira

Om Kvitsøy kommune
1144 Kvitsoy komm.png
Kvitsøy kommune er ein kommune i Rogaland. Han er minst i landet etter areal, med berre 5,73 km². Kommunen ligg i den ytre delen av Boknafjorden, med grense mot Karmøy, Bokn, Stavanger og Randaberg kommunar. Kvitsøy vart eigen kommune i 1923, då området vart skild ut frå Mosterøy.

Kvitsøy kommune omfattar 167 øyer, holmer og skjær. Fire av desse er bebudd: Kvitsøya, Langøy, Kvitingen og Hellesøy.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Olava Bertine Håland, fra Våre falne.
Foto: Ukjent

Olava Bertine Håland f. Hauen (fødd 18. juli 1880 i Skudenes, død 28. november 1941 på Skudenesfjorden) var husmor. Ho var ei av de 33 som omkom då ruteskipet M/S «Vindafjord» vart senka av flybomber på Skudenesfjorden nord for Stavanger.

Olava Bertina, kalla «Lava», var dotter av Samuel Hauen (1848–1938) og Anna Serine Hauen (1852–1928).

I 1905 vart ho gift i USA med Børre Kristian Håland (1872–1959). Dei busette seg på heimstaden hans, bruket Håland i Kvitsøy kommune. Han hadde teke over det vesle bruket då faren vart sjuk. I 1905 var han på vitjing i USA, der han traff Lava i Sioux City. Den første dottera, Bertha Malene, vart fødd der i 1906. Dei fekk seks born til; yngstemann Peder Elin vart fødd i 1923. Det vesle våningshuset på Håland vart for lite for familien, og i 1925 bygde dei seg eit nytt hus der.   Les mer …

Kvitsøykrossen.
Foto: Svein-Magne Tunli
(2012)

Kvitsøykrossen, eller Steinkrossen på Kvitsøy, er ein skiferkross frå slutten av jarnalderenKrossøy i Kvitsøy kommune. Han er lett synleg frå skipsleia, og har i mange hundre år vore eit kjend landemerke.

Ein veit ikkje sikkert kvifor det vart satt opp ein kross her, men berre kring 200 meter frå krossen finn ein ruinane av St. Klemens' kyrkje, først nemnd i 1146 og truleg noko eldre enn det. Krossen kan ha vore knytt til denne kyrkja, men han kan óg ha markert ein eldre heilag stad. Det er ikkje noko som tyder på at han er eit gravminne. Ein teori er at det var engelske misjonærar som sett han opp på 900-talet, men krossen kan óg vere eldre enn dette. Kvitsøykrossen kan altså godt ha stått der då Erling Skjalgsson og Olav Haraldsson inngjekk eit forlik på staden i 1016, men det er óg mogleg at han vart reist noko seinare.   Les mer …

Kvitsøy fyr i 2004.
Foto: Roar Johansen

Kvitsøy fyr ligg i Kvitsøy kommune. Det blei etablert i 1700 og er såleis eit av dei eldste fyra i landet.

I følgje lokal tradisjon skal det liggja ei dramatisk hending bak opprettinga av Kvitsøy fyr. Ei vinternatt i året 1700 kjempa eit skip seg innover mot Stavanger i ein forrykande storm. Fartøyet unngjekk såvidt dei farlege skjera ved Kvitsøy. Ombord var Henrik Petersen Ystad. Han hadde rundt 1690 etablert seg som skippar og skipsreiar i Stavanger. Henrik skal medan stormen rasa, ha lova Vårherre at dersom dei kom trygt fram til Stavanger, skulle han sørgja for å få reist fyr på Kvitsøy og ved Karmsundet. Ein meir dramatisk variant av denne historia går ut på at skipet forliste og Henrik hamna i sjøen. Der skal han så ha gjeve lovnaden om å bli fyrbyggjar, viss han vart berga.   Les mer …

 
Sjå òg


 
Kategoriar for Kvitsøy kommune
ingen underkategorier
 
Andre artiklar