Bugøynes ved Vestersandfjæra. Foto: Magnus Berg (1996)
Bugøynes ( finsk/ kvensk: Pykeijä, Nordsamisk: Buođggák) er et fiskevær i Sør-Varanger kommune i Finnmark, som ligger innenfor Bugøya på sørsiden av Varangerfjorden. Bygda ble befolket av finske innvandrere på 1800-tallet. Finsk er et språk som brukes daglig, derfor har fiskeværet fått kallenavnet Pikku-Suomi på finsk ( norsk: Lille-Finland). Hovednæringene i Bugøynes er fiske, turisme, kongekrabbefangst og eksport, og i dag bor det ca. 200 mennesker her. I 1760-årene har det bodd samer i Bugøynes. Etter grensedelingen med Sverige i 1751 ble Bugøynes regnet til Norge og ikke til fellesdistriktene som de øvrige deler av kommunen. Den spredte faste bosetting av samer og nordmenn skapte ikke noen tett bebyggelse slik den sterke innvandringen fra Finland gjorde i 1850-60 årene. Les mer …
På geitbåtar går esingen tradisjonelt langs alle rorsromma, men ikkje i skottane. Merk at esingen følgjer ripa heller enn bordovergangen framme, og at 'keipskjegga går ned til esingen. Foto: Olve Utne (2011)
Ein eller ei esing (eldre nynorsk og talemålet nordafjells: æsing) er ei innvendig, langsgåande list langs øvste eller nest øvste bordet på båtsida i opne, klinkbygde båtar. Esingen tener til å avstive og forsterke båten langskips. På båtar med keipar med skjegg går gjerne keipskjegget ned til esingen, og på båtar med keipsneller er keipsnellene festa i esingen. Les mer …
Ein eller ei dregel (med dialektformer som dreiel ( Snm.) og driggel ( Ndm.) eller skottdregel ( N-Nor.) er eit skvettbord som blir sett på toppen av ripa ved segling i grov sjø for å minske sjansen for å få sjøen inn i båten i le. På båtar med vaterbord blir dreglane sett i hol i vaterbordet; på båtar utan vaterbord ligg dregelen an mot keipane på innersida, på yttersida er det loddrette jarnband som går i hol mellom ripa og langisa, og dreglane er i tillegg festa med jarnkrokar (og tidligare gjerne vidjeband). På somme båtar, særlig åfjordsbåtar med lågt fribord, kan dreglane vera meir permanent festa. Dreglane kan vera enkle eller ha keipar. Åfjordsbåt-dreglar kan ha årehol, og det finst òg tradisjon om geitbåt-dreglar med årehol. Les mer …
Skjelanger fyrstasjon på Holsnøy, Meland i noverande Alver kommune, vart oppretta i 1853 som leiefyr i samband med Hellisøy fyrstasjon. Fyrbygningen var lafta og målte 10 x 8 meter. I tillegg blei det satt opp eit uthus med fjøs og plass til ved. Om lag 175 meter nord for fyret var det ein bra hamn og der blei det satt opp eit naust. Fyrstasjonen var bemanna med ein fyrvaktar og ein assistent. Fyrvaktaren budde på fyrstasjonen, medan ein av dei lokale bøndene eller husmennene hadde jobben som assistent. Fyrstasjonen var i drift som bemanna fyr fram til 1963, då han vart erstatta av ei acetylen fyrlykt ( Dalén). Les mer …
Hardanger Fartøyvernsenter sin logo
Hardanger Fartøyvernsenter (HFS) er ei stifting som samstundes er både eit museum og eit levande verft i Norheimsund i Hardanger. Stiftinga vart etablert i 1984 og har mange ulike tenester innan fartøyvern, nybygging og restaurering av klinkbygde småbåtar, og museumsverksemd. Ho er óg aktiv innanfor attføring av vanskelegstilt ungdom, lærlingeplassar, leirskule og reiseliv. Sidan 2007 er senteret ei eining i Hardanger og Voss museum. Norsk Kulturarv tildelte HFS og SJ «Mathilde» Olavsrosa i 1999.
Verftet er navet i HFS sin verksemd. Her gjeras det praktiske restaureringsarbeidet, ofte er det store og krevjande restaurerings- og dokumentasjonsoppdrag. Restaureringa fylgjer antikvariske retningsliner, så lite som mogleg skiftes ut og det som vert skifta blir erstatta av material med same kvalitet og lik handverksmessig utføring som det gamle. Målsetjinga er at fartøya skal vernast som flytande kulturminne. Eit anna viktig mål er å føre handverkskunnskapen som elles ikkje er aktuell i vanlege kommersielle samanhengar vidare. Les mer …
|