Trio Tamreinlag A/L var eit andelslag stifta i 1954 med føremål tamreindrift i delar av fjellområda Tafjordfjella, Reinheimen og fjellområde sør for Ottadalen, i kommunane Skjåk, Lesja og Grytten. Laget kom til som ein konsekvens av at to andre tamreinlag i regionen, Lesja tamreinlag og Skjåk tamreinlag vart avvikla. Reinen i desse laga utgjorde utgangspunktet for flokken til Trio, 1843 dyr ved etableringa. I 1959 kjøpte laget inn svensk skogsrein. Det året hadde det om lag 2500 dyr og 4700 andelar fordelt på 1251 eigarar. Den samla andelskapitalen var kr. 440.000 og beiteområdet var ca. 2500 km2 i dei tre kommunane. Les mer …
Grøndalen er ein markert dal som går sørover frå hovuddalen litt nord (vest) for Lesjaskog sentrum. Dalen er dominert av elva Grøna, som kjem som to løp frå høgfjellet, Stor-Grøna frå fleire tjønner innunder Grønhøi (1650 m.o.h.) og Løyfthøene (1946 m.o.h.) og Vesl-Grøna frå Grøntjønne. Ein gamal ferdselsveg frå Skjåk via Lordalen kjem ned til Lesjaskog langs Stor-Grøna gjennom Grøndalen.
I dalen ligg det nokre setrar: to på austsida av elva og ei på vestsida. Dessutan er det tufter etter ei gammal seter der. Den gamle garden Grønved ligg i det ein kan rekne som Grøndalen. Går vi opp setervegen frå Grønfossen på austsida av Grøna, kjem vi fyrst til setra til Ner-Enstad. Litt lenger inn ligg setra til Sy Kvam. Går vi opp på vestsida av elva, kjem vi fyrst til tuftene etter Kvislesetre, og så til setra til Oppistugu Kvam. Det er om lag fem km frå riksvegen og inn til setrane på austsida av elva. Vegen på vestsida av elva er nok noko lenger. Les mer …
Christen Henriksen Pram (fødd 4. september 1756 i Lesja, død 28. november 1821 på Saint Thomas, Virgin Islands) var ein særs produktiv faglitterær og skjønnlitterær forfattar. Foreldra var Henrik Frederik Christensen Pram (1726-1800) og Olava Marie Nielsdtr. Stockfleth (1738-?), begge med sterke nettverk i Gudbrandsdalen. Henrik var kapellan i Lesja frå 1751 til han fekk eit sokneprestkall på Slagslunde og Gandløse på Sjælland i 1765 og flytte dit med familien.
Christen var altså berre åtte år da han flytta frå Lesja og Noreg, men foreldra heldt kontakt med nordmenn og Christen vart m.a. kjent med Edvard Storm som voks opp i nabobygda Vågå. Christen rekna seg derfor heile livet for å vere nordmann, og særleg gudbrandsdøl. I 1772 reiste han til København for å studere, men han spesialiserte seg ikkje i eitt fag. Han leste klassiske litteratur og lærte språk, statistikk og økonomi, og var eit ivrig medlem av Det Norske Selskab. I 1781 fekk han stilling i Kommersekollegiet, som justisråd frå 1802 og etatsråd frå 1812. Les mer …
Sjølvportrett i Lesja kyrkje Foto: Tor Nørstegård
Ragnvald Einbu (fødd 10. januar 1870 på Nordi Lie på Lesjaskogen, død 4. juli 1943 i heimen sin, Skogly under Sili på Lesja) var treskjerar og målar. Einbu er mellom anna kjent for å ha dekorert kyrkjeinteriør fleire stader i Noreg og for ei lang rad dekorasjonsoppgåver i offentlege bygg og private heimar. Han var ein yngre bror av astronomen Sigurd Einbu.
Foreldra Marit Syversdtr. og Peder Johanness. flytta til farsgarden Ni Einbu i 1875 og til Sili i 1890. I 1887 reiste Ragnvald til Trondheim og begynte i lære hos målarmeister Peter Theodor Holst Grubbe, der han var i tre år og fekk grunnleggjande opplæring i farge- og målingslære og målingsteknikkar. Nokre år seinare begynte han med treskjering, og i 1895 sendte han fleire figurar til Husflidsforeningen i Kristiania. Desse vakte åtgaum, og året etter fekk Einbu friplass ved Statens håndverks- og kunstindustriskole.
Einbu begynte truleg å skjere ut og dekorere skap og måle bilete på oppdrag kort tid etter han fullførte skuleåret i Kristiania. Nokre år etter 1900 fekk han truleg sitt første oppdrag med å dekorere kyrkjeinteriør, i Lesja kyrkje. Etter kvart kom han i kontakt med Anders Sandvig på Maihaugen, og han arbeidde i alle fall med dekorasjonane i samband med restaureringa av Isumkapellet frå Sør-Fron Les mer …
Lesja historielag vart starta 22. mai 1981 og hadde i første driftsåret 25 familie- og 57 enkeltpersonar som medlemer. Laget har til føremål «å vekkje interesse og skapa forståing for bygdehistorie i Lesja. Det vil arbeide for å gjera folk kjent med kulturarven vår, og verne kulturminne av alle slag i bygda».
Frå og med 1983 har laget gjeve ut årsskrift kvart år utanom 1988, da laget var medutgjevar av boka Setrane i Lesja. I tillegg har laget organisert draktopptog, jonsokfeiringar, turar, informasjonsinnsamling om stadnamn, matklokker, kverner, rosemåling m.m., rekonstruert Verkensstugu på Filling og Lorkverna m.m. Les mer …
Kvernhuset i 2006 Foto: Arnfinn Kjelland
Lorkverna er eit kulturminne og kulturvernanlegg restaurert og rekonstruert av Lesja historielag i åra 2000-2010. Kulturminnet og anlegget ligg i Lordalen, ved elva Lora om lag 5 km oppover langs sørsida av elva frå bommen på Lordalsvegen.
Den nåverande Lorkverna er bygd på same staden som det låg ei større kvern eller bygdemølle. Ho er dokumentert attende til midten av 1700-talet, da Systugu Tynnøl hadde lott i ei kvern i Lora. Sjølv om det altså er nærare 10 km unna, syner det kor viktig det var å ha tilgang til kvern med sikkert vatn året rundt. Dei mange bekkekvernene kunne nok berre brukast om våren og hausten, sjeldan om vinteren. Ved Lora var det sikker vassføring året rundt. Les mer …
|