Joachim Irgens' våpenskjold.
Joachim Irgens (eller Jochum) var fødd 19. mai 1611 i Itzehoe i Holstein og døydde i 1675. Far hans var Heinrich Jürgens. Joachim var altså kjøpmannssonen som i 1634 vart kammertenar for den danske kongen. I 1642 fekk han og to andre, kongeleg myntmeister Peter Grüner og renteskrivar Peder Nielsen privilegiebrev på eit nytt kopparverk i Gudbrandsdalen, Selsverket. I 1646 fekk Irgens privilegiebrev på Røros Kobberverk.Irgens var mellom dei som gav store lån til kongen (statsmakta) utover 1640- og 50-åra, og gjennom krongodssala vart han i 1661 eigar av m.a. Vestervig kloster med jordegods og i 1664 Gjørslev med alt krongods i Ringsted og Stevn herader på Sjælland. I 1666 fekk han skøyte på alt krongods i Helgeland, Salten, Lofoten, Vesterålen, Senja og Troms - meir enn halvparten av all jord i desse futedømma, 143 gardar og gardpartar. Les mer …
Kornmagasinet på Lesjaskog. (2009) Lesjaskog kornmagasin vart bygd i 1818 på Magasinhaugen ved Mølme. Same året vart det òg bygd tilsvarande magasin i dei andre sokna i Lesja prestegjeld: hovudsoknet og Dovre, etter at prestegjeldet hadde mottatt 200 tønner korn i gåve frå kongen, Karl Johan. Bygdefolket måtte hente kornet sjølv på Akershus festning, så det vart ikkje ei heilt gratis gåve. Av gåva til prestegjeldet gjekk 18 tønner hit til magasinet på Lesjaskog. Kornbehaldninga i magasinet skulle lånast ut som såkorn til dei bøndene som ikkje hadde nok sjølv. Renta var 12,5 % p.a. fram til 1854, da ho vart sett ned til det halve. Utlåna kunne vera små, berre ei skjeppe. Kornet skulle halde ei viss minstevekt, men vart lånt ut etter mål ( tønner). Les mer …
Trio Tamreinlag A/L var eit andelslag stifta i 1954 med føremål tamreindrift i delar av fjellområda Tafjordfjella, Reinheimen og fjellområde sør for Ottadalen, i kommunane Skjåk, Lesja og Grytten. Laget kom til som ein konsekvens av at to andre tamreinlag i regionen, Lesja tamreinlag og Skjåk tamreinlag vart avvikla. Reinen i desse laga utgjorde utgangspunktet for flokken til Trio, 1843 dyr ved etableringa. I 1959 kjøpte laget inn svensk skogsrein. Det året hadde det om lag 2500 dyr og 4700 andelar fordelt på 1251 eigarar. Den samla andelskapitalen var kr. 440.000 og beiteområdet var ca. 2500 km2 i dei tre kommunane. Les mer …
Frå skirenn i Tobbedalsbakken fyrst i 1920-åra
Tobbedalsbakken var ein skibakke som låg mellom Bjorli og Lesjaskog nedafor dei gamle Einbugardane, der garden Voll ligg i dag. Ovarennet gjekk frå heilt oppe ved Nordistugu Einbu. Flata var frå fyrst av litt snau, for det stod ein steinmur mot riksvegen. Skulle hopparane svinge til venstre fekk dei òg litt problem, for der stod det ein låve. Enklast var det å svinge til høgre på det opne jordet der.
Seinare vart steinmuren rive, så da kunne hopparane køyre over riksvegen og stoppe på flata inn mot Raumabanen. Som vi skjøner var det lite trafikk på den tida - også fordi vegen ikkje var open for biltrafikk vinterstid. Men det måtte haldast vakt i tilfelle det kom hestetransport. Les mer …
Kart over delar av fallskjermangrepet Lora - Lesja, utført av Lars Hofseth i 1947.
Hendingar i Lesja 9. april - 2. mai 1940 er eit oversyn over hendingar i bygda i perioden frå andre verdskrigen braut ut til dei norske styrkane i Sør-Noreg kapitulerte. Desse knapt tre vekene var relativt dramatiske i Lesja. Nokre dagar etter krigsutbrotet vart mange hundre soldatar frå Møre transportert gjennom bygda med tog og kom i kamp med tyske elitesoldatar som vart sleppt i fallskjerm to stader i bygda. Etter kvart begynte tyske fly å sleppe bomber langs riksvegen og jernbanen, meir og meir intensivt. Engelske troppestyrkar vart sendt igjennom bygda sørover mot fronten på Hedemarken og i Gudbrandsdalen. På Lesjaskogsvatnet vart ein heil flyplass rydda for engelske jagarfly, men nesten alle flya vart øydelagde. Kongen, kronprinsen og regjeringa flykta gjennom bygda mot Romsdalen og etter kvart gjorde òg tusenvis av norske og engelske soldatar det same under stadige flybombing fram til det heile stilna av kring 1. mai og dei tyske soldatane hadde full kontroll. Les mer …
|