Forside:Lesja kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Innlandet • Oslo • Vestfold og Telemark • Viken
TIDLIGERE FYLKE: Hedmark • Oppland (Distrikt: Hadeland • Land • Gjøvik og Toten • Gudbrandsdalen • Valdres)
KOMMUNE: Dovre • Etnedal • Gausdal • Gjøvik • Gran • Lesja • Lillehammer • Lom • Nord-Aurdal • Nord-Fron • Nordre Land • Ringebu • Sel • Skjåk • Søndre Land • Sør-Aurdal • Sør-Fron • Vang • Vestre Slidre • Vestre Toten • Vågå • Østre Toten • Øyer • Øystre Slidre
TIDLIGERE KOMMUNE: JevnakerLunner

Om Lesja kommune
0512 Lesja komm.png
Lesja kommune er ei fjellbygd i Innlandet fylke, tidlegare Oppland, på overgangen mellom Gudbrandsdalen og Romsdalen i Møre og Romsdal fylke. Bygda ligg på vasskiljet mellom Aust- og Vestlandet, og Lesjaskogsvatnet er kjelde både for Gudbrandsdalslågen og Rauma.Noverande Lesja kommune er ein del av det gamle Lesja prestegjeld, og vart etablert som Lesja herad ved innføringa av formannskapslovene i 1838. I 1861 vart annekssokna Dovre og Øvre Folldal fråskilt Lesja herad og prestegjeld. Dombåsgrenda vart da overført frå Lesja til Dovre kommune.

Bygda kan inndelast i desse grendene rekna nordfrå: Bjorlie, Rånå, Einbu, Kyrkjekretsen, Nørdre Verket, Søre Verket, Nordmo, Lyftingmo, Kyrkjebygde, og Kjøremsgrende. Dei samsvarar med skulekretsane inn til 1960-åra.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Hovedhuset på Herøy gard, her bodde Sivert Olsen fra 1770 til han døde i 1812
Foto: thumb
(2009)
Sivert Olsen (født 10. januar 1736 i Lesja, død 12. oktober 1812 i Herøy) var en betydelig handelsmann, kirkeeier og proprietær i Herøy på Sunnmøre fra 1770 til han døde. Han ble gift to ganger. Første kone kom fra Molde og het Anna Olava Berg. Etter at hun døde i 1785, giftet han seg på nytt i 1789 med Ingeborg Margrethe Rødseth.
Det var lenge uvisst hvor Sivert egentlig kom fra, og i Bjarne Rabben sine bøker er han oppført med ukjent fødested. I minneskriftet som sønnen Jacob skrev og fikk trykket i ukebladet Bergens Adressecontoirs Efterretninger den 28. november 1812, står det imidlertid skrevet at han var «(...) fød på Lesøe pr. Molde».   Les mer …

Bjorli stasjon 1922
Foto: Anders Beer Wilse
Frå Bjorli da eg var ti år Eg har ikkje noko klart bilde av meg som barn. Eg har ikkje spurt så mange heller; kven ønskjer å høyre den fulle sanninga? Syster mi er sju år eldre enn meg, så eg vaks nok opp som eitslags einebarn, med ei beskyttande mor og ein far som hadde meir enn nok å gjera i arbeidet sitt. Denne organiseringa var nok heilt vanleg først på 1950-talet, mor tok seg av meg og hus og heim, far arbeidde på butikk og kontor. Men når det skulle vera skirenn fekk vi låne kontoret til far. Vi fekk papplater og hyssing, blyantar, og startnummer vart laga i lange seriar. Far min var styrar på Bjorli Landhandel. Butikken låg ved riksvegen, eit steinkast frå Bjorli stasjon. Vi budde i andre etasje over butikken.   Les mer …

Lesjaskog kyrkje i 2009.

Lesjaskog kyrkje (før 1855 Lesjaverk kyrkje) vart bygd ved Lesja jernverk i åra 1695 til 1697 av eigarane av verket. Utgiftene til bygginga vart rekna til ca 600 riksdalar, og ho var derfor å rekne som ei «bedriftskyrkje». Det er uklart når Lesjaskog sokn eigentleg vart oppretta som anneks under Lesja prestegjeld. Verkseigaren Pål Holst Irgens stod for ombygging av kyrkja i 1767.

Etter at drifta ved jernverket vart avvikla i åra kring 1800 kom spørsmålet om plasseringa av kyrkja opp, for verket låg i eine enden av det lange soknet, og hovudtyngda av folket både lenger vestover ved Lesjaskogvatnet og Bjorlie. Alt i 1826 vart det søkt om å få flytte kyrkja, men det vart avslag. I 1845 kom saka opp att, og i 1848 fekk bygdefolket ved kongeleg resolusjon løyve til å flytte ho. Flyttinga vart utført i 1855 og den gamle kyrkja vart innvigd som Lesjaskog kyrkje på grunn frå Øverlie ved Mølmen 20. september det året.   Les mer …

K.G. Wågen vart gjerne midtpunktet der han var til stades. Her (med tversoversløyfe) frå eit konfirmasjonsselskap i Skjåk i 1963.
Foto: Kristian Hosar.
Kristian Gerhard Wågen (fødd 9. september 1891 i Tingvoll, død 10. september 1982 i Skjåk) var lærar, underoffiser og lokalpolitikar. Han verka det meste av sitt vaksne liv i Skjåk. Der markerte han seg sterkt som kommunist på 1920-talet. Han gjorde mykje for å betre skulestellet i bygda, og har mykje av æra for at det kom i gang realskule i Lom og Skjåk. Han var målmann, og arbeidde for språkskifte til nynorsk i kommunen. I april 1940 stilte han som befal for lokale frivillige til motstand mot invasjonstroppane. Under okkupasjonen vart han arrestert og send til Kirkenes under læraraksjonen. Han vart også arrestert av Gestapo ved eit seinare høve. Wågen var handlekraftig, etter måten sjølvmedviten og hevda klåre meiningar. Han må seiast å ha vore ein omstridd person i Skjåk, iallfall i tida før krigen. Det hekk mykje saman med dei radikale politiske haldningane hans, men også med sider ved hans personlege livsførsel som folk ikkje tykte høvde så godt til hans rolle som kyrkjesongar, lærar og barneoppdragar.   Les mer …

Lars Moen på veg heim att frå Sachsenhausen i 1945.
Lars Magnus Moen (fødd i Lesja 29. november 1885, død på Lillehammer fylkessjukehus 22. april 1964) var skreddar og politikar. Han var «husmannsguten som kom til kongens bord» idet han vart kyrkje- og undervisningsminister under statsministrane Einar Gerhardsen og Oscar Torp, i åra frå 1948 til 1953. Som stortingsmann og statsråd gjorde Moen mykje for å betre skulestellet i landet. Mellom anna gjorde han fyrste opptakten til den niårige grunnskulen. I hans statsrådstid vart ei rad viktige kulturinstitusjonar grunnlagde som gjorde mykje til å demokratisere tilgangen til kulturtilbod, geografisk og sosialt. Han skreiv nynorsk, og hadde på lang sikt eit ønske om språkleg samling i landet. Under krigen vart han arrestert for motstand mot regimet, og sat tre og eit halvt år i konsentrasjonsleir.Lars Moen var fødd på plassen Rånålykkja på Lesjaskogen. Det var husmannsplass under Sygard Rånå. Foreldra hadde teke til der året før Lars vart fødd.   Les mer …

Brev frå Lesja til Amerika er avskrift av ei samling brev sendt til Lars Jøraandstad (1873–1941) i Nord-Amerika fra hans mor Anne (1846–1907), far Jakob (1824–1907), søsken Hans (1874–1965), Marit (1877–1951) og Johannes (1879–1918) og svoger Jonas Thøring (g.m. Marit, 1876–1950) på Lesja. Se Bygdebok for Lesja bd. 2 s. 214. Lars Jøraandstad var tredje barn av Jacob og Anne Jøraandstad og den eldste av de seks som vokste opp. Han var født i 1873 og emigrerte som den første i søskenflokken til USA i 1897, bare 24 år gammel. I de etterfølgende år mottok han en rekke brev fra foreldre, søsken og en svoger i Norge. Noen av disse (kanskje de fleste, men neppe alle) tok han vare på, og det har også etterkommende generasjoner i to ledd gjort.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Eksterne ressursar
Eksterne ressursar

Bygdebok for Lesja

Interne ressursar
 
Kategoriar for Lesja kommune
Bjorli
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
 
Andre artiklar