Forside:Luster kommune

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: HordalandSogn og Fjordane (Distrikt: Sogn • Sunnfjord • Nordfjord)
KOMMUNE: Askvoll • Aurland • Bremanger • Fjaler • Gloppen • Gulen • Hyllestad • Høyanger • Kinn • Luster • Lærdal • Sogndal • Solund • Stad • Stryn • Sunnfjord • Vik • Årdal

Om Luster kommune
Luster kommune er ein kommune som ligg langs Lustrafjorden, ein arm av Sognefjorden, i Vestland fylke (før 1. januar 2020 i Sogn og Fjordane). Kommunesenteret er Gaupne. Kommunen grensar til Skjåk, Lom og Vang i Innlandet, og til Årdal, Sogndal, Jølster og Stryn i Vestland.   Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Jostedal kyrkje, som sto ferdig i 1660. Tøger Jensson var ansvarleg for bygginga.
Tøger Jensson (òg kalla Tøger/Thøgger Jensen/Jenssøn) (fødd kring 1614 og død kring 1710) var sokneprest i Jostedal prestegjeld frå 1652 til 1703.Tøger vart cand.theol. 11. juni 1642 og skreiv seg då "Theocarius Ioannis Breonius". 'Breonius' kan vere ei latinisering av Breum, som var i vanleg bruk som namn på Jostedal prestegard fram til 1800-talet. Han nytta alltid Jensen som etternamn, og den einaste kjende Jens på prestegarden i Jostedalen frå den tida Tøger var fødd, er presten Jens Jonasson. Han var den fyrste kjende presten i Jostedalen etter nyryddinga og er nemnd som prest i 1604.I åra 1653-1669 var Tøger Jensson kyrkjeombodsmann i Jostedalen. Det var truleg han som tok initiativet til ei synfaring i januar 1656 som slo fast at Jostedal kyrkje var til nedfalls og at ei ny måtte byggjast. Tøger tok på seg ansvaret for bygginga, og 2. oktober 1660 var det ny synfaring der den nye kyrkja vart vurdert og taksert. Tøger hadde lagt ut for bygginga, og synfaringsdokumentet slo fast at han skulle få utbetalt kostnaden som vart taksert til 216 riksdalar.   Les mer …

Hafslo Bedehus, Luster kommune. Dette bygget vart teke i bruk vinteren 1965 og vigsla 28. mai 1967.
Hafslo bedehus står i Luster kommune i Sogn og Fjordane. I 1964 reiv bedehusfolket på Hafslo bedehuset sitt, og bygde nytt. Det førti år gamle huset hadde eit svært uvanleg bedehuseksteriør og var bygd av reisverk heilt utan isolasjon. Styret søkte råd hjå fagfolk som rådde til å byggja nytt framfor å utbetra. Det nye huset vart teke i bruk med opningsfest i februar 1965.   Les mer …

Thor Bakkens Eftf i Jostedalen.
Foto: Oddmund L. Hoel (2012)
Thor Bakkens Ettf er ein daglegvarehandel på Gjerde i Jostedalen i Sogn og Fjordane. Butikken har sidan 2007 vore med i Joker-kjeda og er den einaste attverande daglegvarebutikken i Jostedalen. Landhandlaren Hans Hansson BjørgeHafslo starta opp handelsverksemda på Gjerde 3. januar 1903. Etter to-tre år tok Thor Bakken over. Sonen hans, Kristen Bakken (fødd 1920), vart styrar 1. juni 1941 og overtok verksemda 1. januar 1954 under firmanamnet Thor Bakkens Etterfylgjar. Han driv framleis butikken.   Les mer …

Bergset.
Bergset (Luster, gnr. 211) er ein matrikkelgard i Jostedalen, Luster kommune. Garden er den vestlegaste i Krundalen og har gjeve namnet til Bergsetbreen. I aust grensar Bergset mot Grov. Garden er fyrste gong nemnd i skattelista frå 1600 då Thore Bersetter var leiglending. Heimane under Bergset sokna til Krundalen skule fram til krinsen vart nedlagd i 1963.   Les mer …

Mjølvergrendi frå sør, ved Breheimsenteret.

Mjølver (Luster, gnr. 202) er ein matrikkelgard og ei grend (Mjølvergrendi) i Jostedalen, Luster kommune. Grenda ligg på vestsida av Jostedøla og grensar i sør mot området på Gjerde som ligg under matrikkelgardane i Krundalen, og i nord mot garden Li.

Mjølver har gjeve namn til Mjølverdalen og til Mjølverdalen skule. Skattelistene tidleg på 1600-talet vitnar om at Mjølver var den største garden i heile dalen når ein reknar dei tre bruka i lag. Frå 1627/28 til 1642 hadde Mjølver ei samla smørskyld på 4 laupar og 12 merker. Nigardsbredalen må såleis ha vore frodig beite- og slåttemark før Nigardsbreen skaut seg fram utover 16- og 1700-talet.   Les mer …

Fåberg (Jostedalen)
Foto: Det Norske næringsliv. 14 : Sogn og Fjordane fylkesleksikon, 1953
Fåberg er ein namnegard og ei grend i Jostedalen i Luster kommune, Sogn og Fjordane. Dette er dei fremste gardane i hovuddalføret i Jostedalen og ligg på austsida av Jostedøla. Grenda grensar i sør til matrikkelgarden Elvekrok og i vest mot Jostedøla. Grenda sokna til Mjølverdalen skule fram til krinsen vart nedlagd i 1968.   Les mer …
 
Sjå òg


 
Kategoriar for Luster kommune
ingen underkategorier
ingen underkategorier
 
Andre artiklar