<onlyinclude> Dale kyrkje i Luster. Dette var kyrkjeleg og administrativt sentrum i det vesle lenet.
Dale len i Luster i Sogn og Fjordane eksisterte frå 1565 til 1614. Lenet vart oppretta av kongen 4. oktober 1565 då Anders Nilsson i Kroken fekk råderett over Dale skipreide mot å vere lensherren på Bergenhus «hørig». Han skulle årleg betale «Afgift, Tjeneste, Tynge og Besværing». Anders Nilsson var gift med Anna Kruckow, dotter til den mektige riksråden og adelsmannen Johan Kruckow.
Til Dale skipreide høyrde sokna Fortun, Dale og Nes. Lensbrevet vart fornya den 10. september 1568, no på Dale prestegjeld som også inkluderte Gaupne sokn som høyrde til Marifjøra skipreide. Anders Nilsson fekk dessutan ettergjeve to års avgift.<onlyinclude>[1] Likevel måtte han gå frå lenet i 1570 grunna økonomiske problem.
Otte Galskjøtt fekk så lensbrev 27. mai 1570, og han skulle få tiende, leidang og "anden Kronens Rettighed fri uden Afgift ad gratiam".[2] Han hadde berre lenet i fem år før Anders Green fekk lensbrev 8. oktober 1575. Han fekk òg lenet avgiftsfritt med "Bønder, Tjenere, Tiende, Leding og al anden vor og Kronens Rente og Rettighed, aldeles Intet undertaget."[3] Green var på dette tidspunktet kansellisekretær og var 1604-14 «Norges Riges Kantsler».[4]
Green døydde i april 1614, og Dale len vart no lagt inn att under Bergenhus hovudlen. Nils Vind hadde fått lensbrev på Bergenhus i 1606.[5] Den 6. desember 1614 fekk han så lensbrev også på «Dals prestegjeld». Han skulle skrive godset inn i jordeboka «og for des visse og uvisse Rente og Indkomst aarligen lader os gjøre gode Rede og Regnskab» frå 1. mai 1615.[6]
Den fyrste lensrekneskapen etter innlemminga i Bergenhus 1615-16 Frå og med 1615 har ein såleis rekneskapar og jordebøker også for Dale len. I den fyrste rekneskapen heiter det at lenet var «lagt vnder Bergenhus lehnn» [7]
Dale len (Luster) heldt fram med å ha eigen fut etter innlemminga i Bergenhus len, og det vart såleis levert eigne futerekneskapar for Dale fram til 1630-åra som gjekk inn i lensrekneskapen for Bergenhus. Anders Lauritssen var fut ved innlemminga i Bergenhus og hadde truleg vore det ei god stund. Futane over Dale len fekk gradvis utvida embetsområdet, og det danna utgangspunktet for utskiljinga av Indre Sogn som eige futedøme i 1635. (Sjå Futar i Sogn for ei liste over futane i Dale len 1615-1635.)
Notar
Kjelder og litteratur
Kristen Andersson Ormbergstøl - ordførar i Jostedalen 1897-1904 Kristen Andersson Ormbergstøl (fødd 10. mars 1861 på Ormbergstølen i Jostedalen, død same stad 23. mars 1931) var gardbrukar og ordførar i Jostedalen (1897-1904). Han var son av Torborg Larsdotter (fødd ca. 1829) og Anders Christenson Ormbergstøl (1829-1917). Faren hadde og vore ordførar, seinast 1884-96. Slektene Ormbergstøl, Kronen og Faaberg dominerte lenge lokalpolitikken i Jostedalen.
Kristen brukte heimegarden Ormbergstølen frå 1882, men fekk ikkje skøyte før i 1912. I eit minneord over han heitte det at Kristen "hev dyrka upp garden sin til mellom dei fremste i bygdi".
I same minneordet går det og fram at han hadde ei mengd politiske verv i Jostedalen, "nytta i mest alt komunalt arbeid ein kunde leggja paa ein mand i ei bygd." Forutan ordførar var han formann i fattigstyret, og medlem av skulestyret var opplysningsmannen Ormbergstøl i omkring 40 år. Les mer …
Nærleiken til breen har alltid prega livet i Jostedalen. Her Nigardsbreen fotografert av Knud Knudsen mellom 1895 og 1902.
Jostedal (Jostedalen, Justedalen, Jøstedalen) er ei bygd og ein tidlegare kommune i Sogn og Fjordane fylke, som i 1963 vart ein del av nye Luster kommune. Jostedal er òg namnet på eit kyrkjesokn, og det var namnet på eit prestegjeld fram til 2004. I dag omfattar skulekrinsen Jostedal den tidlegare kommunen. Bygda er særleg kjend for segna om Jostedalsrypa og for Jostedalsbreen, spesielt Nigardsbreen. Busetnaden finn ein over ei strekning på kring 20 km i hovuddalføret Jostedalen mellom grendene Myklemyr og Fåberg, og i sidedalen Krundalen.
Jostedalen har i dag 26 matrikkelgardar. Framover på 16- og 1700-talet låg gjerne talet på gardbrukarar oppunder 30 før bruksdelinga skaut fart utover 1800-talet. Dei gamle gardane låg gjerne oppe i dalsida medan busetnaden i bygda i dag er dominert av dei nyare grendene i dalbotnen. Les mer …
|