Forside:Luster kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

ØSTLANDET • SØRLANDET • VESTLANDET • MIDT-NORGE • NORD-NORGE
Rogaland • Hordaland • Sogn og Fjordane • Møre og Romsdal
Sogn • Sunnfjord • Nordfjord
Gulen • Solund • Hyllestad • Høyanger • Vik • Balestrand • Leikanger • Sogndal • Aurland • Lærdal • Årdal • Luster

Om Luster kommune
Luster kommune er ein kommune som ligg langs Lustrafjorden, ein arm av Sognefjorden, i Sogn og Fjordane. Kommunesenteret er Gaupne. Kommunen grensar til Skjåk, Lom og Vang i Oppland, og til Årdal, Sogndal, Jølster og Stryn i Sogn og Fjordane.   Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Anders Olson (døypt 20. januar 1747 i Jostedalen, død i Aurland 9. juli 1802) var frå garden Åsen i Jostedalen. Han skal ha vorte klokkar i Jostedalen kring 1776 etter far sin Ole Anderson Åsen. Han hadde truleg klokkarposten til 1781 då bror hans Lars Olson Bjørk tok over. Frå 1774 til 1777 skal Anders Olson ha vore paktar på Jostedal prestegard før han vart innerst på Ormberg. I 1781 flytte han så til Aurland der han òg var lærar og klokkar. Her busette han seg på garden Gjerlaug (Gjerløv) der han budde resten av levetida.   Les mer …

<onlyinclude>
Dale kyrkje i Luster. Dette var kyrkjeleg og administrativt sentrum i det vesle lenet.
Foto: Dag E. Bertelsen (1997)

Dale len i Luster i Sogn og Fjordane eksisterte frå 1565 til 1614. Lenet vart oppretta av kongen 4. oktober 1565 då Anders Nilsson i Kroken fekk råderett over Dale skipreide mot å vere lensherren på Bergenhus «hørig». Han skulle årleg betale «Afgift, Tjeneste, Tynge og Besværing». Anders Nilsson var gift med Anna Kruckow, dotter til den mektige riksråden og adelsmannen Johan Kruckow.

Til Dale skipreide høyrde sokna Fortun, Dale og Nes. Lensbrevet vart fornya den 10. september 1568, no på Dale prestegjeld som også inkluderte Gaupne sokn som høyrde til Marifjøra skipreide. Anders Nilsson fekk dessutan ettergjeve to års avgift.<onlyinclude>[1] Likevel måtte han gå frå lenet i 1570 grunna økonomiske problem.

Otte Galskjøtt fekk så lensbrev 27. mai 1570, og han skulle få tiende, leidang og "anden Kronens Rettighed fri uden Afgift ad gratiam".[2] Han hadde berre lenet i fem år før Anders Green fekk lensbrev 8. oktober 1575. Han fekk òg lenet avgiftsfritt med "Bønder, Tjenere, Tiende, Leding og al anden vor og Kronens Rente og Rettighed, aldeles Intet undertaget."[3] Green var på dette tidspunktet kansellisekretær og var 1604-14 «Norges Riges Kantsler».[4]

Green døydde i april 1614, og Dale len vart no lagt inn att under Bergenhus hovudlen. Nils Vind hadde fått lensbrev på Bergenhus i 1606.[5] Den 6. desember 1614 fekk han så lensbrev også på «Dals prestegjeld». Han skulle skrive godset inn i jordeboka «og for des visse og uvisse Rente og Indkomst aarligen lader os gjøre gode Rede og Regnskab» frå 1. mai 1615.[6]

Den fyrste lensrekneskapen etter innlemminga i Bergenhus 1615-16
Frå og med 1615 har ein såleis rekneskapar og jordebøker også for Dale len. I den fyrste rekneskapen heiter det at lenet var «lagt vnder Bergenhus lehnn»[7]

Dale len (Luster) heldt fram med å ha eigen fut etter innlemminga i Bergenhus len, og det vart såleis levert eigne futerekneskapar for Dale fram til 1630-åra som gjekk inn i lensrekneskapen for Bergenhus. Anders Lauritssen var fut ved innlemminga i Bergenhus og hadde truleg vore det ei god stund. Futane over Dale len fekk gradvis utvida embetsområdet, og det danna utgangspunktet for utskiljinga av Indre Sogn som eige futedøme i 1635. (Sjå Futar i Sogn for ei liste over futane i Dale len 1615-1635.)

Notar

Kjelder og litteratur


Magnus Takle

Magnus Takle (Birger Magnus Johan) (fødd 15. februar 1883 i Brekke, død 6. september 1971 i Re) var lærar. Han var son av gardbrukar Hans Monsson Takle og Brita Monsdotter.

Magnus Takle gjekk i storebroren Mons H. Takle sine fotefar. Magnus tok lærareksamen ved Stord lærarskule og var lærar i Jostedalen 1904-07. Før lærarskulen hadde han gått Sogndal folkehøgskule der han trefte Metta Sofie Urdahl (1883-1966) frå Luster, som òg gjekk på Stord lærarskule. Ho var dotter av gardbrukar og ordførar Hans Hansson Urdahl (1832-1913) i Luster og Elen Kirstine Larsdotter (1846-1905).

Magnus og Metta gifte seg i Luster 18. april 1906. I 1907 flytte dei til Årdal der Magnus vart lærar, og i 1915 flytte dei vidare til Tasta i Stavanger. Her arbeidde han som lærar til 1948.   Les mer …

Kåre Øvregard.
Foto: Torodd Joranger (2007)
Kåre Øvregard (fødd 19. februar 1933 i Jostedalen) er ein lærar, lokalhistorikar og politikar frå Luster kommune. Øvregard var ordførar i både Jostedal og Luster, men krona sitt politiske engasjement som stortingsmann for Sogn og Fjordane. Han har heile tida representert Arbeidarpartiet. I 2011 fekk han Luster kommune sin kulturpris for det breie lokalhistoriske og kulturelle engasjementet sitt.Kåre Øvregard var gardbrukar- og snikkarson og yngstemann i ein syskenflokk på ti. Han voks opp på husmannsplassen Øvregarden under Jostedal prestegard. Han tok lærareksamen ved Stord lærarskule 1957 og arbeidde deretter som lærar ved Sperle skule i Jostedalen til 1962. Frå 1962 til 1975 var han lærar og styrar ved Gaupne barneskule i Luster.   Les mer …

Ormberg (Luster, gnr. 187) er ein matrikkelgard i Jostedalen, Luster kommune. Det er den sørlegaste garden på austsida av Jostedøla i Jostedal sokn. Ormberg er ein av dei få gamle gardane i Jostedalen som ligg i dalbotnen, og garden har lege utsett til for flaumar.Ormberg var ein av dei opphavlege gardane i Jostedalen og er nemnd i det fyrste dokumentet etter øydetida, skattelista frå 1596. Her skulle Olluff Aarebøe betale 2 geitskinn til presten. Alt i 1600 og 1603 er namnet skrive Ormberig/Ormeberigh.
Det nye tunet (bnr. 1) frå 1950-åra sett frå hovudvegen.
Foto: Oddmund L. Hoel (2012)
Futeenkja Birgitte Munthe fekk i 1681 skøyte på alle gardane i Jostedalen. Året etter vart så dette godset splitta opp ved at prestsonen Hans Ottoson Ravn kjøpte to av tre partar i Myklemyr, heile Ormberg og heile Fossen. Ravn sjølv budde på ein del av Myklemyr og hadde leiglendingar på dei andre bruka. Men alt i 1688 hadde Ormberg og Fossen gått attende til Birgitte Munthe.   Les mer …

Jostedal kyrkje, som sto ferdig i 1660. Tøger Jensson var ansvarleg for bygginga.
Tøger Jensson (òg kalla Tøger/Thøgger Jensen/Jenssøn) (fødd kring 1614 og død kring 1710) var sokneprest i Jostedal prestegjeld frå 1652 til 1703.Tøger vart cand.theol. 11. juni 1642 og skreiv seg då "Theocarius Ioannis Breonius". 'Breonius' kan vere ei latinisering av Breum, som var i vanleg bruk som namn på Jostedal prestegard fram til 1800-talet. Han nytta alltid Jensen som etternamn, og den einaste kjende Jens på prestegarden i Jostedalen frå den tida Tøger var fødd, er presten Jens Jonasson. Han var den fyrste kjende presten i Jostedalen etter nyryddinga og er nemnd som prest i 1604.I åra 1653-1669 var Tøger Jensson kyrkjeombodsmann i Jostedalen. Det var truleg han som tok initiativet til ei synfaring i januar 1656 som slo fast at Jostedal kyrkje var til nedfalls og at ei ny måtte byggjast. Tøger tok på seg ansvaret for bygginga, og 2. oktober 1660 var det ny synfaring der den nye kyrkja vart vurdert og taksert. Tøger hadde lagt ut for bygginga, og synfaringsdokumentet slo fast at han skulle få utbetalt kostnaden som vart taksert til 216 riksdalar.   Les mer …
 
Sjå òg


 
Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Luster kommune
Hafslo
ingen underkategorier
ingen underkategorier
 
Andre artiklar