Fra lokalhistoriewiki.no
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
|
Smakebitar fra artiklar
|
Arnhild Marie Fyllingsnes (fødd 14. april 1912 på Ådnekvam i Masfjorden kommune). Ho føddes og vaks opp på Ådnekvam som det femte av åtte barn, og etter at ho gifta seg under krigen budde ho på Fyllingsnes fram til 2012. Det året flytta Arnhild frå huset mannen hadde bygd og til Knarvik sjukeheim i Lindås. Mannen hadde nett blitt pensjonist då han døydde i 1977, snautt 67 år gamal. Dei fekk to barn, fleire barnebarn og på 100-årsdagen blei det trettande oldebarnet, Magnus, fødd.
Skulegangen fekk ho på Andvik, og vegen dit gjekk gjennom veglaus utmark. I 2016 fortalde ho til Randi Bjørlo frå avisa Nordhordland om skulevegen at:
- «Ofte måtte vi vri kleda før vi gjekk inn i skulestova. Der sat vi våte til klokka var fire. Då var det godt å ha ei mor som kom i døra og tok oss i handa då vi kom heim» Les mer …
Bernhard Aadnekvam, bak til høgre, saman med elevar ved Sunde skole. Foto: Ukjent (utlånt av Sigmund Larsen)
Bernhard Aadnekvam (fødd 17. april 1898 i Masfjorden, død 20. september 1986) var lærar og kyrkjesongar i Rissa. I 1964 fekk han Kongens fortenestmedalje.
Han var son av bonde Ola J. Aadnekvam og Kari f. Duesund. Bernhard Aadnekvam tok eksamen ved Volda lærarskule i 1923.
Som nyutdanna arbeidde han i åra 1923-27 som lærar ved framhaldsskulen i Rissa. I 1927 vart han konstituert i lærarstilling ved Sunde skole, Sonniskolen, og fekk fast tilsetting i 1928. Les mer …
|
|
|
|