Forside:Naustdal

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Forside:Naustdal kommune»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: HordalandSogn og Fjordane (Distrikt: Sogn • Sunnfjord • Nordfjord)
KOMMUNE: Askvoll • Aurland • Bremanger • Fjaler • Gloppen • Gulen • Hyllestad • Høyanger • Kinn • Luster • Lærdal • Sogndal • Solund • Stad • Stryn • Sunnfjord • Vik • Årdal
TIDLIGERE KOMMUNE: Førde • Gaular • Jølster • Naustdal

Om Naustdal
1433 Naustdal komm.png
Naustdal kommune var ein kommune i Indre Sunnfjord i Sogn og Fjordane. Han grensa til Gloppen i nord, Jølster i aust, Førde i søraust og Flora i vest. Administrasjonssenteret var tettstaden Naustdal.

I samband med Kommunereforma 2014-2018 vedtok kommunane Førde, Naustdal, Jølster og Gaular i 2016 å slå seg saman til Sunnfjord kommune, med verknad frå 1. januar 2020.

Naustdal var ein landbrukskommune, med særleg vekt på husdyrhald. I 2010-åra hadde nær seksti prosent av arbeidsstokken arbeid utanfor kommunen, særleg i Førde.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Kåre Lunden på trappa til barndomsheimen i Naustdal.
Foto: Odd Byrkjeflot
(2010)

Kåre Lunden (fødd 8. april 1930 i Naustdal, død 18. juli 2013 i Oslo) var blant etterkrigstidas mest innflytelsesrike historikarar i Noreg. Han vart tidleg i karrieren kjend for sin vilje til å snu om på aksepterte teoriar, og til å stå på sitt i debatten som følgde. Ikkje minst vart han kjend for på fruktbart vis å integrere teori og tenkjemåtar frå andre samfunns- og kulturfag, særleg sosialantropologien, i studiane av det gamle samfunn.

Kåre Lunden hadde eit sterkt samfunnsengasjement. Både i historieforskinga og elles hadde han eit grunnsyn som kan seiast å vere nasjonalt, folkeleg og demokratisk.Lunden var son av småbrukar og anleggsarbeidar Ludvik Kristoffersen Lunden og Hilda Simonsdotter Indrekvam. Kåre var nest eldst av fem søsken. Yngste søstera Eldrid Lunden har markert seg som ein nyskapande lyrikar, medan broren Olav Lunden (1937-2011) var lektor. Kåre Lunden vart i 1959 gift med Reidun Tordis Renaas, som var apotekar   Les mer …

Harald J. Aarseth
Foto: Norske skolefolk (1952)
Harald J. Aarseth (fødd 28. juni 1898 i Vevring i Sunnfjord, død 23. juni 1974) var lærar.

Han var son av Jakob M. Aarseth og Olina Johnstad. Som toåring vart han i folketeljinga 1900 ført på Solberg i Vevring. I 1910 finn vi så familien i Strandgaten 154 i Bergen, der faren var kolformann sjå Nordre Bergenhus Amts Dampskibsselskab.

Etter lærareksamen var han vikar i krinsane Skorven og Rørvik (1927-28). Frå 1929 var Aarseth tilsett ved skulane Grytten og Steindal i heimbygda Vevring, i noverande Sunnfjord kommune.   Les mer …

Annonse i boka om Florøs 75-årsjubileum: Florø og litt om Sunnfjord, Florø 1935.
Foto: Skannet av Gunnar E. Kristiansen

Olai Fauske (født 20. november 1887 i Ervik i Selje, død 3. mars 1944) var fotograf.

Han gikk i lære i Bergen i 1905 og begynte som fotograf i Naustdal i Sogn og Fjordane. Reiste mye rundt og fotograferte i hjembygda, mest prospektkort. Etablerte seg etter hvert med atelier i Førde. I 1912 grunnla han firmaet O. Fauske, som etter hans død ca. 1943/44 ble overtatt av Tom Vassdal. Denne sluttet i 1946 for å dra til Amerika, og firmaet ble da overtatt av Fauskes brordatter Ingrid Fauske Grov og ektefellen John Grov. De forandret firmanavnet til Førde Fotoatelier, og drev det til 1961.   Les mer …

Vevring kommune i Sogn og Fjordane vart oppretta i 1838, og omfatta område på både sider av Førdefjorden.

I 1964 vart kommunen delt. Området nord for fjorden vart delt mellom Naustdal kommune og Flora kommune, medan området sør for fjorden vart innlemma i Askvoll kommune. Ved delinga hadde Vevring eit areal på 120 km².

Vevring sokn svarar til den delen av kommunen som vart overført til Naustdal.   Les mer …

 
Sjå òg


 
Kategoriar for Naustdal
ingen underkategorier
 
Andre artiklar