Visegruppa Skuggsjå vart starta i 1979 av Kolbjørn Botten frå Valsøyfjord i Halsa kommune. Gruppa hadde medlemmer frå Halsa, Surnadal og Rindal kommunar. Songrepertoaret var i stor grad basert på gamal historie og segner frå Nordmøre. Bandet gav ut to LP-plater og heldt ein god del konsertar, før det vart oppløyst ein gong i 1980-åra. Desse var med i Skuggsjå, for kortare eller lengre tid: Kolbjørn Botten: song, Gerd Foros: song, Ole Johan Botten: bass, Eistein Bæverfjord: trekkspel, Bernt Bøe: blokkfløyte, Solveig Johansson Grytbakk: fløyte, Jostein Dønnem: gitar og Karstein Svendsli: fiolin. I 1981 gav Skuggsjå ut si første LP-plate: På gamle tufter. Denne plata vart innspela i Viking Studio A/S i Øksendal i Sunndal kommune. Den andre plata kom i 1983, og hadde tittelen Skuggsjå. Innspelinga av denne plata vart gjort i Nidaros Lydstudio AS i Trondheim. Visene som Skuggsjå bruka var forfatta av lokale diktarar frå Nordmøre, til dømes Hans Hyldbakk og Jørgen A. Gravvold, begge frå Surnadal kommune. Les mer …
Hemne meieri var et andels meieri på Kyrksæterøra i Hemne kommune. Det ble opprettet i 1953, og var fra starten ment å være et smør- og geitostmeieri, men mangel på geitemelk gjorde at det bare ble produsert smør inntil hvitostproduksjonen begynte i 1956. Meieriet innstilte driften i 2001. Etableringen av meieri bidro til utviklingen av båtruter, bilruter og vannverk i Hemne. Meieriet drev både slakteri, butikk og innkjøpslag. Les mer …
Markus Elias Schmedling (fødd 3. mai 1853 i Nesset kommune, død 1912) var son av den danskfødde byggmeisteren Frants Ferdinand Schmedling. Markus Elias Schmedling dreiv som bokbindar og fotograf, og han signerte bilda sine både med Kristiansund og med "Atelier ved Kristiansund". Han bruka òg signaturen "Schmedling & Co.". I Aalesunds Museums bildearkiv finst eit par portrett i visittkortformat med namnet åt Schmedling kartongbaksida. Utvandra til USA i 1880 og dreiv som fotograf i Chattanoga i Tennessee. Han reiste heim att og bygde huset "Lokaut" ved Flatsetsundet på Frei. Les mer …
Nybygd aurgjeldsfyring. Foto: Olve Utne (2017)
Aurgjeldsgeit eller aurgjeldgeit, òg kalla aurgjeldsbåt og rett og slett aurgjelding, er den nordligaste av dei tre geografiske hovudtypane av geitbåtane. Dei skil seg ut frå dei to andre hovudtypane ved at dei er noko smalare; dei har lengre kjøl og brattare stamnar; og dei er rigga enten med symmetrisk råsegl eller med lårsegl («geitbåtsegl»), i motsetning til søfjordingen og romsdalsgeita, som normalt allveg er rigga med lårsegl. Med unntak av dei mest alderdommelige båtane har dei gjerne fleire trekk frå dei nyare åfjordsbåtane enn andre geitbåtar har, inkludert vaterbord, rorkult (i staden for styrvol) og festbetar. I nyare tid er aurgjeldsgeita typisk for det gamle Aure prestegjeld, inkludert Rodal og Engdal og Stemshaug, så vel som Vinjefjorden innover mot Vinjeøra i Heim kommune, men i eldre tider (føre kring 1800) ser dette ut til å ha vore den tradisjonelle båttypen i store delar av Trøndelag òg. Les mer …
|