Forside:Nordmøre: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Erstatter sida med «{{Distriktsmal |Flertall(er/ar) = ar }}»)
Ingen redigeringsforklaring
 
(3 mellomliggende revisjoner av samme bruker vises ikke)

Nåværende revisjon fra 16. nov. 2010 kl. 13:46

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Trøndelag
DISTRIKT: Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre • Fosen • Orkdalen • Strinda • Gauldalen • Stjørdalen • Innherad • Namdalen
KOMMUNE: HustadvikaSunndalTingvollGjemnesAverøyKristiansundSurnadalSmølaAureHeimRindal

Om Nordmøre
Kart over Midt-Noreg med det noverande Nordmøre markert i grønt.

Nordmør (eldre namneform) eller Nordmøre (den vanlegaste namneforma i dag) er eit historisk landskap og ein region i Midt-Noreg. I nyare tid blir Nordmøre vanlegvis definert som dei noverande kommunane Aure, Averøy, Eide, Gjemnes, Kristiansund, Smøla, Sunndal, Surnadal og Tingvoll i Møre og Romsdal samt Rindal og delar av Heim i Trøndelag.

Historisk sett har Nordmøre lege under Frostating lagdømme (til dags dato) og Nidaros bispedømme (til Møre bispedømme vart oppretta i 1982). Frå 1500-talet til i dag har Nordmøre sortert under Trondheims len (til 1662), Trondhjems stiftsamt (til amtssystemet vart avvikla først på 1900-talet. Lokalt har Nordmøre vore eige futedømme (fogderi), og frå 1662 av har landskapet sortert under Romsdals amt, som frå 1689 av har inkludert Sunnmøre òg. Frå 1919 av har nordmørskommunane utgjort dei nordaustlegaste 40 % av Møre fylke, no Møre og Romsdal fylke. Av desse gikk Rindal kommune over til Trøndelag den 1. januar 2019.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
1613 Snillfjord komm.png
Snillfjord (uttale ["sniʎ.ˌfjɷ:ɽ] el. ["sniʎ.ˌfjɷ:ɾ]), oftast kalla Snillfjorden (uttale ["sniʎ.ˌfjɷ:’ṇ] (nominativ/akkusativ), ["sniʎ.ˌfjɷ:ɽa] (dativ)) er ein tidligare kommune i det tidlegare Fosen futedømme i Trøndelag fylke. Kommunen grensa til Agdenes i nordaust, til Orkdal i søraust og til Hemne i vest; og på nordsida av Trondheimsleia grensa Snillfjord til Hitra. Snillfjord var opprinnelig del av Hemne kommune, men vart utskilt som eigen kommune i 1923. I 1964 vart den austlige delen av Heim kommune og ein del av Agdenes lagt til Snillfjord. Kommunen vart oppløyst den 1. januar 2020, da Ytre Snillfjord vart lagt til nye Heim kommune, Sundan (Sunde) vart lagt til Hitra kommune, og Krokstadøra inkludert Vuttudalen, vart lagt til nye Orkland kommune.   Les mer …

Ungdomshuset Strandtun.
Foto: I. Bakk, 2012
Ungdomshuset Strandtun er eit forsamlingshus på Lesund i Aure kommune. Huset var opprinneleg soldatheim på det tyske festningsanlegget Melland fort. I mai 1946 gjorde UL Havsus og Lesund skyttarlag vedtak om at styra i dei to laga skulle gå saman og utarbeida eit framlegg for å skaffa eit forsamlingshus. Etter kvart vart det m.a. nedsett eit husstyre. Dei to laga fekk overta den tidlegare soldatheimen frå staten. Men det var vanskeleg å finna tomt til huset. Etter kvart løyste dette seg ved at Sivert Ødegård selde tomt der huset står i dag, sentralt og like ved sjøen. Demonteringa av soldatheimen starta truleg sommaren/hausten 1947. Sentralt i flyttinga av huset stod jernbaneanlegget som tyskarane hadde bygd opp kring festninga.   Les mer …

Inni Den hellige Birgittas kapell.
Foto: Olve Utne
Den hellige Birgittas kapell er eit katolsk kapell vigd til St. Birgitta av Vadstena i JørenvågenTustna i Aure kommuneNordmøre. Kapellet, som er tilknytt Villa Humaniora / LS Holst–NK Larsens Bureau og ligg under St. Eystein meinigheit i Kristiansund, er lafta og vart innvigd av pater Alexandre Semajangwe Polepole den 4. juli 2007. Det er berre plass til kring tolv stolar inne, men etter inspirasjon frå det litle St. Georgskapellet i Neiden er det lagt opp til bruk av området utafor kapelldøra òg.   Les mer …

Frå 1952 til butikken vart nedlagt låg han i sokkeletasjen i dette huset.
Foto: Olve Utne
Soleimsund Handel, først driven under namnet Fr. Marit Halsnes, var ein butikk på HalsTustna som vart driven frå 1947 til 1982. Butikken var heile tida ein typisk landhandel med variert utval. Frå butikken vart etablert og heilt fram til ferjeruta Kristiansund–Tømmervåg vart opna i 1960 vart det meste av varene levert til butikken med båten MB «Vega» til Innerseterkaia, og derifrå gjerne med mindre båt direkte til bryggja i Stranda, som fungerte som hovudlager dei første åra. Marit K. Halsnes (1916–200?) begynte med butikkdrift i eine stua i Stranda under Hals i 1947. Da ho vart gift med radiotelegrafisten Einar Widding (19162007) i 1950, vart han òg med på drifta.   Les mer …

Stormoltå sett frå Kalvika.
Foto: Olve Utne
Stormolta, lokal uttale (Stor-)Moltå (nominativ/akkusativ) / (Stor-)Moltånn (dativ), er ein kring 300 m lang og 100 m brei, låg og furut holme med god jord i furene. Han ligg i Nordheimsundet (tidlegare kalla Nautsundet), mellom Stabblandet i sør og Solskjelsøya i nord. Både Stormolta og den mykje mindre holmen Litlmolta rett austom ligg til bnr. 1 av Solskjeløygarden. Tradisjonelt vart heile holmen avsvidd kvar vår, slik at det voks opp godt og saftig gras utover sommaren. Om somrane har holmen vore bruka til bekrehamning. Kring 10 m over flomålet lengst nord på øya ligg det mulige restar av ei rundrøys med truleg diameter på 5–6 m og ei høgd på kring halvmeteren.   Les mer …

Johan Olsen Aarø var den som først lykkes med ordinær rutebilkjøring i Norge, her med sin 1907 UNIC, fotografert i Kristiania før turen til Møre og Romsdal.
Foto: Eivind Enger, Kristiania
(1908)
Norges første bussrute trafikkerte strekningen mellom Molde og Batnfjorden. Den startet 12. mai 1908 og gikk den 36 kilometer lange veien fra Molde over Fursetfjellet til Batnfjordsøra. I dag er denne veistrekningen en etappe av E39. Bussruten var et framskritt fordi passasjerer som ønsket å unngå den værharde Hustadvika, kunne ta dette stykket av reisen over land. Bussruten ble kjørt med en nyinnkjøpt seks-seters UNIC 1907-modell, med 18 hestekrefter. Bilen var franskprodusert, med karosseripåbygg fra Norge. Den er bevart på Romsdalsmuseet.   Les mer …
 
 
Kategoriar for Nordmøre
 
Andre artiklar