Utsyn over Nerskogen frå Skaret i Oppdal i 2010.
Nerskogen er i dag namnet på ei grend som ligg både i Rennebu kommune og Oppdal kommune. Frå Oppdalssida vart området elles kalla Skardalen, etter som ferdsla frå den sida gjekk opp frå Vognild, forbi Skarvatnet og over Skaret.
Nerskogen var inn til etter andre verdskrigen hovudsakleg eit rikt utmarksområde der gardane i Rennebu og Oppdal hadde setrar, dreiv markaslått og henta ved og tømmer heim til bygdene. Det har òg vore drive tjørebrenning i omfattande grad i området. Ein kan framleis sjå rester etter tjøremiler i myrer over heile Nerskogen, sjølv om den verksemda nok ikkje vart drive her etter 1890-åra. Les mer …
Kjerkjesteinen ved Solskjel. Foto: Olve Utne
Kjerkjesteinen (uttale /"çerʰçestɛ:’n/ ( nominativ/ akkusativ), /"çerʰçestɛ:na/ ( dativ)) er ein stor stein som ligg 90 meter nordom tunet på Solskjel, ved sørenden av ei opa slette, på Solskjelsøya i Aure kommune på Nordmøre. Tradisjonen seier at det var brukeleg å kvile der og skifte om til kyrkjeklede på veg ut mot Hamna (620 meter nordafor), der dei gikk ombord i båtane og tok seg over Edøyfjorden, ei fjordkryssing på 2,68 nautiske mil (4,96 km), til Edøykyrkja i eldre tid. I nyare tid har vestenden av steinen vorte bortsprengt for å gje meir plass til vegen, men størsteparten står enda på plass. Les mer …
Kornstad stavkyrkje i Averøy kommune var frå først av ei enkel stavkyrkje, som blei reven i 1871. Over kordøra stod namnet “Niels Hindricksøn”. Tyder dette “Niils Henrikson Gyldenløve til Østråt” (fru Ingers ektemake), kan vel kyrkja vera bygd av han mellom år 1510 og 1520, og kom da i lag med Giske-godset. Joh. Brodal meiner ho er eldre. Han fortel at ho vart laga til korskyrkje med to timbra sideskip i 1649. I 1665 var det fleire store reparasjonar i koret, i korset og i kyrkjestolane, og loft innlagt. Da Chr. Lossius 1725 kjøpte kyrkja, var ho forfalla. Han gjorde storflidnad, bygde tårn som fekk årstalet 1761 på spiren. Truleg var det da dei to galleri “for mandspersoner” vart bygde. På altertavla var måla: Jesus innset nattverden. Kring tavla var sett fem trefigurar, truleg Moses og dei fire evangelistar. Ei innskrift synte at altertavla var sælebotsgåve i 1638 av enkja etter kongeleg gastgjevar på Smørholmen, Ole Olsen Helt (“Jelt”), fødd 1571, død 1637. Nederst på altertavla var utskore ein smågut som kvilde på høgre hand og heldt eit timeglass i venstre. På austre vegg hang ei tavle med to felt. I øvste felt var bilete av Jesus på krossen og dei to røvarar. I nederste felt var Ole Helt sjølv teikna med langt kvitt skjegg mellom fem søner på den eine sida, og på den andre sida var enkja Marit Svendsdotter avbilda med sine fem døtre. Denne tavla var og forært av “Oluf Heltis efterleverske” anno 1638. Les mer …
Stormolta, lokal uttale (Stor-)Moltå ( nominativ/akkusativ) / (Stor-)Moltånn ( dativ), er ein kring 300 m lang og 100 m brei, låg og furut holme med god jord i furene. Han ligg i Nordheimsundet (tidlegare kalla Nautsundet), mellom Stabblandet i sør og Solskjelsøya i nord. Både Stormolta og den mykje mindre holmen Litlmolta rett austom ligg til bnr. 1 av Solskjeløygarden. Tradisjonelt vart heile holmen avsvidd kvar vår, slik at det voks opp godt og saftig gras utover sommaren. Om somrane har holmen vore bruka til bekrehamning. Kring 10 m over flomålet lengst nord på øya ligg det mulige restar av ei rundrøys med truleg diameter på 5–6 m og ei høgd på kring halvmeteren. Les mer …
|