Forside:Notlag og notbruk

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 8. jul. 2015 kl. 09:49 av Marianne Wiig (samtale | bidrag) (kat.)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Notlag og notbruk
Holsvik notlag med Storenota, Follabugen ca. 1910
Notlag er opp gjenom tidene brukt som felles omgrep/begrep for eigarskap til not og driftsmidlar for å bruke nota.

Eigarskapen kan vere eine-eigarar, men det vanlegaste var nok parts-eigarskap/lut-lag. I lut-lag var det frå gammalt vanleg med "bolkenøter", at kvar part eigde og heldt vedlike ein på førehand bestemt bolk/lut/del av ei not. Bolkane var merka og rettar og plikter i høve til eigarskap var regulert etter den gamle notlova langt bakover i tid. Fram til om lag 1930 var det vanleg med heil- og halve-lutar. Heil lut hadde to mann (personar) oppmøte og halv lut ein mann.   Les mer ...

 
Smakebiter
Holsvikholmen med båtar i bøye rundt 1960
Holsvik notlag og kalla Holmenotalaget, var eit av fleire notlag i Austefjorden eigd av gardane Holsvik, Sundalsås, Skare, Åslid, begge bruka i Djuvika, Skinvika (Høgset) og begge bruka på Løfolla då det vart avvikla på 1960-talet. Skriftleg informasjon fortel ein heil del om tida då Østefjordens Notlag byter namn til Holsvik Notlag. Stykket er frå 1890 til avvikling i hovedsak basert på det etterkomarane av siste eigarane av det no nedlagde notlaget kan hugse. Holsvik notlag hadde i lang tid to notbruk med litt ulik partseigarskap: Lissjenota åtte partar; Holsvik, Sundalsåsen, Skare, Åslid, begge bruk Djuvik, Skinvik (Høgset, etter at Skinvika var delt i to bruk i 1952) og Løfoll brn 1. Storenota hadde ti partar, her var Løfoll bruk 2 og Sundalsfoll bruk 1 med i tillegg til eigarane i Lissjenota. Dette med ti mann vart nytta til namn på gavlbåten «Timann» M 46 VA då den vart kjøpt etter krigen.   Les mer …

Årset notlag, og kalla Årsetnotalaget, var eit av fleire notlag i Austefjorden eigd av gardane Årset, Årsetøya, Aurstad og Skjeret då det vart avvikla i 1963. Notlaget vart delt 1932. Dei som gjekk ut og danna Håvik notlag var fire bruk i Håvika, to bruk i Hamre. Vikestranda gjekk over frå Årset til Håvik notlag 6. juli 1946. Skjæret kjøpte seg inn i Årset notlag på dette tidspunktet.

Notlaget hadde hus til båt og bruk på Årset. Då det vart investert i endesnurpe i 1951, måtte ein også investere i nytt nothengje. Nytt nothengje på Laberget på Aurstad vart teke i bruk i 1952. Naust til båtane med halvetak på vestsida av nothengjet var ferdig i 1953. Medan Årset notlag byggde hengje turka dei not på nothengjet til Holsvik notlag.

Laget dreiv med sekkjenot og landnot i Austefjorden. Då Austefjordingane sette motor i fiskebåtane sine leigde Årset notlag motorbåt til sleping og då vart området å drive i utvida. "Litleveiren" vart kjøpt i 1937, nota vart heitande Landnota og brukt frå den nye båten. Ved kjøp av brukt øyresnurpe/snurpenot på Bergenskanten i 1951 vart denne brukt på sunnmørsfjordane med notbåt, øyrebåt, slepebåt og loddebåt / lettbåt.

Setjing av Storenota
Årset notlag brukte not for siste gong sommaren 1963. Deretter vart brukbart utstyr selt, området på Aurstad rydda og laget avvikla som dei fleste andre store notlag langs fjordane her.

Årset notlag er godt dokumentert gjennom notat og rekneskap tilbake til 1870-talet. Andreas Årsetøy f. 1902 har dokumentert drifta med:

  • Modellar om båtar, hus og nøter utstilt i Austefjord Museum.
  • Film, 8 mm, frå 1950-talet.
  • Stykke i Kjeldearkiv:Om Aarset notlag Årbok 1976 Sunnmøre Museum: Notlaget frå Austefjorden.
Båtsamlinga til Sunnmøre Museum har to båtar frå dette laget: "Storenotabåten" (brukt til «Lissjeveren» overtok nota 1937) og den gamle spelbåten, brukt til 1951. Desse syner korleis notbåt og spelbåt såg ut så lenge det var robåtar.   Les mer …

Holsvik notlag med Storenota, Follabugen ca. 1910

Notaseta eller notakasta var noko som notbasane på landnot måtte kunne elles så vart det unødig mykje reparasjonar av nøtene. Stein, trerøter og anna rusk på botnen vart kalla «hengje». Notakarane visste om hengja var lette eller vanskelege å hanskast med. Kor rein ein kan rekne sjøbotnen heng saman med kor djup nota er.

Desse landnotseta er kjende i Austefjordområdet og brukte av dei lokale notlaga og tilreisande notlag.

Det er rimeleg å tru at landnota vart sett slik at «dråttane» (nota sine lange endetau) nådde i land når fisken var lageleg til på ein av kasteplassane. Det var ikkje alltid tilfelle. Det vart av og til kasta «mi-fjårs»   Les mer …

Del av Knut si handskriva bok
Foto: Stein Høydalsvik

Brislingåret 1928 er historia om korleis ti-åringen Knut Høydalsvik opplevde fisket i Høydalen i Volda. Han fortel sjølv:

Her i bygda var det eit stort notlag. Det var 14 partar. Alle so nær som Dalingane var med. Han far var notbas ei årrekke. Eg var vel 10 år då denne hendinga var.

Han far var ein morgonfugl, og det var ganske vanleg at han tok ein tur om morgonen i 5-tida inn på Rabben for å sjå etter bronkar. Når silda stod høgt i sjøen, var sjøen litt myrkare der silda var. Denne dagen såg han ein sildebronke inn på Bugane. Han gjorde laust som dei sa, bles i bukkehornet og sette upp «blikk» som var to båtebord i notahusgavlen. Og folka kom. Dei fyrste gjekk laus med ein gong på å tok nota inn i notabåten. So snart dei var ferdige og dei fleste var komne, var det å ro i full fart inn over mot Bugane. Det var notabåten med nota, spelbåten og elles ei drøss med færingar. Det var langt å ro, og årane var lange og tunge, men farta var ganske god. Alt dette tok sjølsagt tid og det var ikkje uvanleg, at ein etter ein slik manøver kom for seint, og at silda var vekk når ein kom fram.   Les mer …

MB «Litleveiren» M 20 VA. Bygd på Bjørkedalen til Årset notlag som eigde og brukte båten så lenge den varte.

Båten hadde krum stamn og stemne/stemnestykke (mellomstykke frå fremste ende av kjølen skråande opp i 2 fots lengde til bakkant av framstamnen på ein 30-foting).

MB Litleveiren set Landnota
MB Litleveiren M 20 VA slepar
Denne konstruksjonen, at stamnen starta langt bak under båten, var vanleg på gavlbåtar bygde til bruk med landnot. At kjølen vart kort gjorde båten rask å svinge/styre (når du jakta på fisk fylgde du ofte fjøra med lite klaring). Når du skulle drage fram nota var det viktig å kome godt fram i fjøra med båten slik at det vart lite klaring under nota for å berge fisk. Brukarane sa det ofte på denne måten: "Båten var god i fjøra". Ved bygging hadde den runde kjølforma den fordelen at det var lett å "få båten utyve", å gi den ein "rund bunkje" (rund i botnen med god berevne). Ulempa var at båten flaut så høgt i sjøen at den ikkje fekk "vatn på tvora (propellen)" når nota var i sjøen (lite last bak). Båtane var derfor ofte uberegnelege ved manøvrering utan last, propellen drog luft ved oppbakking og gikk i fjøra eller kaia med for stor fart. Var det fleire ombord samtidig såg ein ofte at ledige folk gjekk så langt bak på båten dei kunne når tida for oppbakking nerma seg for "å få vatn på tvora".   Les mer …

Notabåten Trollet.
Foto: Arne Høydal
Notbåten «Trollet» var kjøpt frå Årsheim notlag 25/9 1951. Prisen står i kassaboka for Høydal notlag 25/9 1951; «kjøpt ein gavlbåt Kr 3800,00». Den var registrert i Selje kommune med SF 113 S og hadde namnet «Drott». I Volda kommune kom denne båten ikkje med i det offisielle registeret over fiskebåtar. Dette kjem truleg av at seljar ikkje har meldt frå om at båten var seld. Men bilder viser at båten var registrert i Volda med M-9-VA. Det er ikkje klart kva namn båten vart registrert med i Volda kommune, men den vart i daglegtale kalla «Trollet», som vel er eit klengenamn. Båten var bygd som klinker med speiel. Det var lagt dekk med ca 45 cm høg ruff til atterkant rorhus. Tradisjonell innreiding av lugar framom maskinskottet. Lugarkappe framom rorhuset. Bak rorhuset var båten åpen med notrull bak på speielen. I notromet var bygt ei notkasse slik at når ein greidde inn nota kunne ein stå på utsida av kassa og slapp å trakke i nota, burtsett frå han som la «minot», midnot.   Les mer …
 
Kategorier for Notlag og notbruk
ingen underkategorier
 
Andre artikler