Forside:Oppdal kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 17. jan. 2011 kl. 14:45 av Olve Utne (Samtale | bidrag) (Ny side: {{Kommunemal |Flertall(er/ar) = ar |Distrikt = Orkdalen }})

(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til: navigasjon, søk

ØSTLANDET • SØRLANDET • VESTLANDET • MIDT-NORGE • NORD-NORGE
Møre og Romsdal • Trøndelag
(Sunnmøre) • Romsdal • Nordmøre • Fosen • Orkdalen • Strinda • Gauldalen • Stjørdalen • Innherad • Namdalen
OppdalRennebuMeldalOrkdalSkaun

Om Oppdal kommune
1634 Oppdal komm.png

Oppdal kommune er ein kommune lengst sørvest i Trøndelag fylke. Namnet er det gamle namnet på bygdeområdet Oppdal, som er særprega av at det er eit høgtliggjande dalområde ovom Rennebu og Sunndalen. Oppdal kommune grensar mot nordmørskommunane Sunndal, Surnadal og Rindal i Møre og Romsdal fylke; orkdalskommunen Rennebu i Trøndelag fylke; nordøsterdalskommunane Tynset og Folldal i Hedmark fylke; og gudbrandsdalskommunane Dovre og Lesja i Oppland fylke.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Ola J. Rise 1952
Foto: Cornelius Jacobsen.
Ola J. Rise (fødd i Oppdal 15. januar 1877, død same stad 26. august 1954) var redaktør, lokalhistorikar, bokhandlar, spelemann, skodespelar, ungdomslagsmann, målmann, politikar, fredsaktivist, fråhaldsmann, kooperatør, komponist, og utvandrar, men elles det ein med gode grunnar kan kalle ein samfunnsengasjert mann; i Amerika så vel som i Oppdal – i poesien så vel som i prosa. Han «sto som ein stolpe i alt kulturliv i Oppdal», da Olav Dalgard vaks opp. Ola var fødd på gardsbruket Nødder Søsto av Rise i Drivdalen. Foreldra var gardbrukarparet John (Jo) Evensen Mjøen (1837-1924) og Ragnhild Olsdotter Ekrann (1839-1910). Barndomsheimen låg nær Rise skyss-skifte, og det var venteleg her grunnlaget vart lagt for det vidsyn og menneskesyn som leidde til dei gode samkvem med andre han seinare skulle bli så kjend for. Faren Jo, som var frå Ner Oppesto Mjøa, var kjent som ein flink spelemann på fele. Han skal elles ha vore ein altmoglegmann, som aldri sto opprådd for noko i det han hadde føre seg. Mor Ragnhild var frå garden Ekrann, med slekt frå Vågå. Ho var som ei open bok for Ola-guten. Ho fortalde frå gamal tid, som igjen ga Ola kjelder å ausa frå når han vart vaksen.   Les mer …

Foto:Per Thoresen
Ole Olsen Moene (født 1839Moan i Oppdal, død 27. mai 1908 på Molund under Jamtseter samme sted) var en treskjærer og husmann med vel 1600 arbeider på samvittigheten. De fleste arbeidene var nips og pyntegjenstander, men han sto blant annet bak altertavla i Lønset kirke, noen større skrin og enkelte drikkehorn. Moene var kjent utover Norges grenser, og den store detaljrikdommen skåret på små gjenstander var en del av hans stil. Utskjæringene er så detaljerte at det i mange tilfeller er behov for lupe for å få et riktig inntrykk av dem.   Les mer …

Lasse Trædal.
Lasse Torkjellson Trædal (fødd 20. desember 1857 i Lavik, død same stad 14. oktober 1924) var lærar, folkehøgskulemann, målmann, skyttarlagsmann og Venstre-politikar. I Lavik var Trædal sentral i språkskiftet til nynorsk i kommuen, som valda lite strid. Han var formann i skulestyret då nynorsk vart innførd i skulane med skulestyrevedtak 31.12.1900, og han tok til å nytte nynorsk i saksførehavinga til skulestyret på same tid. Som nyvald ordførar tok han i februar 1905 til å føre møteboka for kommunestyret på nynorsk.   Les mer …

Wilhelm Andreas Wexelsen
Wilhelm Andreas Wexelsen (fødd 8. april 1828 i Ringsaker, død 1904 i Kristiania) var teolog, grundtvigianar og sokneprest i Eid og Oppdal. Han var farbror til den kjende statsråden og biskopen Vilhelm Andreas Wexelsen (1849-1909). Foreldra var Wexel Hansen Wexelsen (1784-1867), som var forvaltar ved Hadelands Glasværk, og Marie Lovise f. Wexels (1793-1873). Ho var syster til den kjende grundtvigianske presten Wilhelm Andreas Wexels, som Wilhelm Andreas Wexelsen var mykje hjå i studietida.   Les mer …

Nils Bakke ca. 1915-1920.
Nils Bakke (18871967) var ein felespelar av romanifolket og ein av dei viktigaste tradisjonsberarane av folkemusikken på Nordmøre kring midten av 1900-talet. Nils Fredriksen Bakke vart fødd på Oppdal i Sør-Trøndelag i 1887. Nils var god ven med Erik Almhjell og Magnhild Havdal Almhjell og spela mykje saman med Erik og med Hallvard Ørsal. I sine seinare år budde Nils i Kristiansund. NRK gjorde nokre få lydopptak av Nils Bakke, deriblant ein halling og ein springar.   Les mer …

Innsida av eit typisk avlettjønn frå Skjåk. Merk rutemønsteret, som er så karakteristisk for avlett- eller jønnbrødjønn i nyare tid.
Foto: Hans P. Hosar
Jønnbrød eller avlettor, òg kalla tynnbakels nokre stader, er ein type tynne og sprøe kaker laga av ei røre av vatn, fløyte/rømme og mjøl og blir i våre dagar ofte steikte i krumkakejarn — eller nokre stader i litt tjukkare utgåve i gorojarn. I tidlegare tider vart jønnbrøda steikte i grua, så dei riktig gamle jønnbrødjønna (avlettjarna, tynnbakelsjarna) har oftast svært lange skaft. I nyare tid har jønnbrødjønna vorte tilpassa kjøkenkomfyren, så dei nyare jarna ser ut på lag som vanlege krumkakejarn eller vaffeljarn utvendig.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Eksterne ressursar
Forside:Oppdal kommune/Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Oppdal kommune
ingen underkategorier
 
Andre artiklar