Forside:Randaberg kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland (Distrikt: Jæren • Ryfylke • Haugalandet) • Vestland
KOMMUNE: Bjerkreim • Bokn • Eigersund • Gjesdal • Haugesund • Hjelmeland •  • Karmøy • Klepp • Kvitsøy • Lund • Randaberg • Sandnes • Sauda • Sokndal • Sola • Stavanger • Strand • Suldal • Time • Tysvær • Vindafjord • Utsira

Om Randaberg kommune
1127 Randaberg komm.png
Randaberg er den nordlegaste kommunen på Jæren i Rogaland fylke. I sør grensar Randaberg til Stavanger og Sola. Randaberg vart i 1922 skild ut frå Hetland som eigen kommune. Ved inngangen til 2008 hadde Randaberg 9622 innbyggjarar. Frå gammalt har Randaberg vore ei jordbruksbygd. Åkerbruk og husdyrhald, gjerne kombinert med noko fiske, var den dominerande levevegen heilt frå førhistorisk tid og fram til etterkrigstida. Stavanger utgjorde ein viktig marknad for omsetning av til dømes poteter, mjølk og slakt. Randaberg er kjent for sine tidlegpoteter. Sentrum, om lag midt i kommunen, er det eldste senteret i bygda. Her ble kyrkja bygd i 1845, seinare kom handelslag, skule og bedehus til. Frå midten av 1960-åra auka tilflyttinga, og det oppstod tettstader med bustadfelt. Særleg Sentrum, med det fyrste bustadfeltet i Goadalen, Vestre-Goa fekk eit stort bustadfelt(Viste-Hageby 1964-1974) og frå 1974 ble det satt i gang eit nytt bustadfelt på Grødem.

Industrien i kommunen er i stor grad blitt samla i Dusavika og Mekjarvik. Mange av bedriftene her er oljerelaterte.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Christiane Fugellie, fødd Heede, var fødd i Hundborg herred i Thisted amtJylland 8. januar 1792, og døydde i Hetland (nå Stavanger kommune) 31. mars 1869. Ho var den fyrste styraren for Stavanger barneasyl frå 1843. Der starta ho salsproduksjon av sydvestar, ei verksemd som sonen Johan Peter Fugellie utvikla til ei stor protoindustriell bedrift i andre halvparten av 1800-talet. På sine eldre dagar slutta Christiane seg til kvekarsamfunnet i Stavanger.   Les mer …

Kvitsøygt. 18 i Stavanger. Bygd som fabrikklokale og bustad for familien Fugellie ca. 1868.
Foto: Erling Jensen 2012.
Johan Peter Fugellie, også omtala som Petter Fugellie, (fødd i Kristiansand 26. november 1829, død i Stavanger 20. juli 1908) var gardbrukar og fabrikkgründar. Særleg er han kjend for sydvest- og oljehyreproduksjon som han og mor hans, Christiane Heede Fugellie, så smått byrja med på 1850-talet, og som var blitt ei betydeleg protoindustriell verksemd da Fugellie måtte gje tapt i konkurransen mot nye materialar og metodar i 1898. Eilert Sundt omtalar Fugellie i sin rapport om husfliden i Norge frå 1867, og gjev han følgjande attest: «Manden er en af disse driftige folk, om hvem det heder: ‘Sæt ham paa et bart Fjeld, og han vil faa noget ud deraf’». Fugellie slutta seg til kvekarsamfunnet og var aktiv i det organiserte fredsarbeidet.   Les mer …

Hurdal Verk folkehøgskole, der Aanestad ble ansatt som skolestyrer i 1945.
Lars Aanestad (født 16. september 1893 i nåværende Randaberg kommuneJæren, død 20. mai 1984) var lærer og bestyrer ved Kinaforbundets skoler. Aannestad, som også var lærer og herredskasserer i Randaberg, er særlig kjent for sin innsats for kristne sanger og salmer. 1. juli 1958 ble han tildelt Kongens fortjenstmedalje i gull. I perioden 1915-25 var han lærer i Randaberg, og 1918-25 var han også herredskasserer. I 1925 ble han ansatt som lærer ved Kinaforbundets skoler på Fjellhaug, Østre Aker ved Oslo. Høsten 1945 ble Aanestad bestyrer ved forbundets nye ungdomsskole i Hurdal, der han ble til han gikk av med pensjon.   Les mer …

Vistnestunet ligg på garden Vistnes i Randaberg kommune. Det var Artur Vistnes som i 1967 gav husa på bruk nr. 7 til Randaberg Bygdemuseum. Vistnestunet er no museum og besøksgard med dyr, og er organisert som ein avdeling av Jærmuseet. Bruk nr. 7 blei skilt ut i 1871. Våningshus og løe vart bygt i åra 1874-76, eldhuset noko seinare. Våningshuset, eller "heimahuset" som er den lokale nemninga, og løa ligg parallelt med gavlane mot nordvest og søraust. Eldhuset fyller ut opninga mellom desse husa mot sør. Tunet er dermed godt skjerma mot vinden som tek hardt i det flate jærlandskapet.   Les mer …

Tungenes fyr i 2006.
Foto: Roar Johansen

Tungenes fyr ligg på garden Tunge i Randaberg kommune. Det var fjerde fyret som blei bygt i Rogaland. Privatpersonar i Stavanger stod bak opprettinga i 1828. Det dreidde seg om talglys som var plasserte i eit hus i tunet på Tunge. Etableringa av eit fyr på nordspissen av Jæren må sjåast i samanheng med det rike sildefisket på denne tida. Fisket og sildehandelen auka behovet for ei sikrare innsegling til Stavanger.

Fyrvesenet overtok ansvar for drifta i 1862. Fyret blei då flytta til sin noverande plass på Tungeneset. I 1898 skjedde ei utbygging av fyret, mellom anna med nytt tårn. Elektrisk lys kom på plass i 1932, noko som medførte at sjølve fyret kunne forsterkast. Det fekk også nautofon (tåkelur), som framleis er inntakt. Ein ny fyrvaktarbustad blei reist i 1937. På skjeret Brakjen utanfor Tungeneset kom ei lykt i 1932.   Les mer …

Vistehola i 2007
Vistehola ligg på garden Viste i Randaberg kommune. Dei gode bevaringstilhøva for organisk materiale i denne hola har avslørt meny og levevis hos steinaldermenneska på Sørvestlandet. Vistehola høyrer såleis med til dei klassiske lokalitetane i norsk arkeologi.Hola er 8-9 meter djup og 5-6 meter vid. Ho ligg godt skjerma ved foten av ein bratt knaus med fritt utsyn mot sjøen. Landhevinga har medført at avstanden til stranda i Vistevika i dag er eit par hundre meter, men i steinalderen låg hola nær sjøen. Opphavleg var namnet "Svartehålå" på lokaldialekten, noko som nok hang saman med at hola på avstand verka djup og mørk. Etter at interessante arkeologiske funn byrja å koma for dagen, skifta namnet til "Vistehålå". Det var ein lokal randabergbu som i 1900 oppdaga mellom anna flint, dyrebein og trekol i hola. Konservator T. Helliesen frå Stavanger Museum gjennomførte i 1907 ein mindre gransking. Den kjende arkeologen A.W. Brøgger heldt fram arbeidet i 1907 og 1910. Endeleg stod H. Egenæs Lund for utgravingar i 1939 og 1941.   Les mer …
 
Sjå òg


 
Kategoriar for Randaberg kommune
ingen underkategorier
 
Andre artiklar