Forside:Rennesøy

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland (Distrikt: Jæren • Ryfylke • Haugalandet) • Vestland
KOMMUNE: Bjerkreim • Bokn • Eigersund • Gjesdal • Haugesund • Hjelmeland •  • Karmøy • Klepp • Kvitsøy • Lund • Randaberg • Sandnes • Sauda • Sokndal • Sola • Stavanger • Strand • Suldal • Time • Tysvær • Vindafjord • Utsira
TIDLIGERE KOMMUNE: Finnøy • Rennesøy

Om Rennesøy
Rennesøy   Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Lars Andreas Oftedahl, posthumt portrett av Hedevig Lund.

Lars Andreas Oftedahl (fødd i København 13. el. 19. mai 1781, død i Eiker 17. mars 1843), var teolog (sokneprest og prost), lærar og eidsvollsmann. På Eidsvoll vart han rekna til Unionspartiet. Han var ein utprega opplysningsprest, rasjonalistisk i teologien og orientert mot praktiske reformer i samfunns- og produksjonsliv. Førenamnet blir også ofte skrive Laurentius.

I Rennesøy gjorde Oftedahl seg til talsmann for å starte opp igjen og vidareutvikle hummarfiske i sjøen der, som hadde vore drive i eit visst omfang tidlegare, men som hadde lege nede i mange år. Frå ca. 1814 tok det seg opp att, og soknepresten arbeidde ivrig for at dette skulle bli ei næring til beste for bygda, ikkje minst for dei mindre velståande strandsitjarane, husmenn og andre fattigfolk.

Han arbeidde elles hardt for å betre skulestellet i bygda, mellom anna ved å gje systematisk undervisning av ungdomar som skulle bli lærarar der. I 1813 fekk han i gang ein fastskule i Rennesøy i eit hus som han fekk bygd for føremålet. Det var ein framhaldsskule, dvs eit påbygg på allmugeskulen. Den var berre for gutar, som fekk undervisning i naturkunnskap, historie, morsmål og rekning. Skulesesongen vara frå mai til september. Elevar som ikkje hadde heime i nærleiken, budde i andre etasjen i skulehuset eller leigde seg inn hjå familiar i grannelaget. Skulen var i verksemd til 1821, da læraren der døydde.   Les mer …

Utstein kloster, 2006.
Foto: Frode Inge Helland
Utstein kloster ligg på Klosterøy, den vestlege delen av Mosterøy i Stavanger kommune. Klosteret var for augustinarkannikar og vigd til St. Laurentius. Utstein er det best bevarte klosteret frå mellomalderen i Norge, men det har også mange trekk frå tida som herregard og frå restaureringsarbeid på 1900-talet. Staten kjøpte klosterkyrkja i 1899, og i 1935 overtok Nevnden for Utstein Klosters bevarelse (seinare Stiftelsen Utstein Kloster) heile klosteranlegget. Utstein kloster er eit mykje besøkt turistmål, og her vert ofte arrangert seminar, konferansar og konsertar.   Les mer …

 
Sjå òg


 
Kategoriar for Rennesøy
ingen underkategorier
 
Andre artiklar