Forside:Rogaland fylke

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 14. des. 2010 kl. 00:33 av Dena Utne (Samtale | bidrag)

(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til: navigasjon, søk

ØSTLANDET • SØRLANDET • VESTLANDET • MIDT-NORGE • NORD-NORGE
Rogaland • Hordaland • Sogn og Fjordane • Møre og Romsdal
Dalane • Jæren • Ryfylke • Haugalandet
Eigersund • Sokndal • Lund • Bjerkreim • Stavanger • Sandnes •  • Klepp • Time • Gjesdal • Sola • Randaberg • Forsand • Strand • Hjelmeland • Suldal • Sauda • Finnøy • Rennesøy • Kvitsøy • Haugesund • Bokn • Tysvær • Karmøy • Utsira • Vindafjord

Om Rogaland fylke
11 Rogaland vapen.png
Rogaland er et fylke på Vestlandet. Det grenser mot Hordaland, Telemark, Aust-Agder og Vest-Agder. Administrasjonssenteret er Stavanger.

Fylket ble opprettet i 1919 da Stavanger amt ble omdefinert.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Byste av Ole Nielsen, reist i 1920 ved Storahuset på Ålgård. Kunstnar: Jo Visdal.
Foto: Rune Sattler/Wikimedia Commons.
Ole Nielsen (fødd i Hjelmeland 12. januar 1827, død i Sandnes 23. april 1915) var utlærd handverkar (fargar), og er mest kjend som industrigründar og fabrikkeigar. Han var ein viktig pioner i det som har vore kalla «industrieventyret på Jæren», og representerer i eigen person ei illustrerande utviklingslinje frå handverksbasert protoindustriell verksemd til moderne storindustri innan tekstilbransjen. Han kan også sjåast som ein eksponent for den arbeidsetikken og entreprenørånd som prega det haugianske miljøet som han tilhøyrde, enda om det er litt omdiskutert kor vidt han personleg skal oppfattast som haugianar. Nielsen vart tildelt Oscar IIs fortenestemedalje i 1887, og utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1903. Da hadde han gått ein lang og suksessrik veg frå dei smålåtne kår han var fødd inn i.   Les mer …

Olavskyrkja på Avaldsnes.
Foto: Christian Bickel
Avaldsnes ligg i Karmøy kommune. Førstelekken i namnet blir vanlegvis sett i samanheng med mannsnamnet Augvald. Denne Augvald er ein av kongane som skal ha budd på neset i førhistorisk tid. Karmsundet er trongt ved Avaldsnes, og kontroll over ferdselen langs hovudleia gav dei som sat her ei sterk maktstilling. Velstanden til Avaldsnes-herskarane i bronsealder og jernalder kom til uttrykk i ei rekkje høgstatusgraver. Innanfor eit lite område som omfattar prestegarden Avaldsnes og nokre av nabogardane, er det dokumentert ein konsentrasjon av elitegravleggingar som knapt nokon annan stad i Skandinavia kan oppvisa maken til. Avaldsnes var Rogaland fylke sin tusenårsstad.   Les mer …

Årdal gamle kyrkje i Ryfylke.
Foto: Knut Rage (2013)

Den gamle kyrkja i Årdal, Hjelmeland i Ryfylke, vert rekna som ei av dei mest særprega renessansekyrkjene på Vestlandet. Kyrkja ligg i Årdal sokn i Søre Ryfylke prosti. Kyrkja har langplan og 175 sitjeplassar, og har vernestatus som freda.

Bygginga tok til i 1619, då vart skipet bygd, så kom tårnet på plass i 1623 og koret stod ferdig i 1626. Ettersom folketalet i bygda auka utetter 1600-talet vart det bygd på endå eit korparti i åra mellom 1707 og 1709. Kyrkja vart altså utvida to gongar, og det er dette som har gjeve kyrkja den særeigne forma og kallenamnet "kyrkja under tre tak". Kyrkja er kanskje vel så kjend for sine frodige dekorasjonar.

Tårnet viste seg å vera lite motstandsdyktig mot ver og vind. I 1670 vart det tilrådd å riva tårnet og byggja eit nytt. Men det skulle koma til å gå nokre år før det skjedde. Først då kyrkja vart utvida i åra 1707-1709 kom det nye tårnet på plass. Det er det same tårnet som framleis står i dag.   Les mer …

Kvekergravplassen på Storhaug i Stavanger er omgitt av høye murer og stengt med en låst port.
Foto: Knut Rage (2011)

Storhaug i Stavanger finnes det en gravplass av en ganske spesiell karakter, omgitt av høye murer og stengt med en låst smijernsport - det siste hvilestedet for mer enn 250 kvekere. Gravplassen ble etablert i 1854 og er unik - ikke bare i norsk, men også i europeisk sammenheng. At den finnes nettopp i Stavanger, har sin årsak i at byen var det største nedslagsfeltet for kvekerdommen her i landet.

I dag er det få kvekere igjen, ikke bare i Norge, men også på verdensbasis. Slik var det ikke på slutten av 1600-tallet, da kvekerbevegelsen oppsto i England og bredte seg raskt fra land til land - ja, i den grad at en egen stat i USA ble fullstendig preget av bevegelsen, kvekerstaten Pennsylvania som ble opprettet i 1681.   Les mer …

Kvitsøy fyr i 2004.
Foto: Roar Johansen

Kvitsøy fyr ligg i Kvitsøy kommune. Det blei etablert i 1700 og er såleis eit av dei eldste fyra i landet.

I følgje lokal tradisjon skal det liggja ei dramatisk hending bak opprettinga av Kvitsøy fyr. Ei vinternatt i året 1700 kjempa eit skip seg innover mot Stavanger i ein forrykande storm. Fartøyet unngjekk såvidt dei farlege skjera ved Kvitsøy. Ombord var Henrik Petersen Ystad. Han hadde rundt 1690 etablert seg som skippar og skipsreiar i Stavanger. Henrik skal medan stormen rasa, ha lova Vårherre at dersom dei kom trygt fram til Stavanger, skulle han sørgja for å få reist fyr på Kvitsøy og ved Karmsundet. Ein meir dramatisk variant av denne historia går ut på at skipet forliste og Henrik hamna i sjøen. Der skal han så ha gjeve lovnaden om å bli fyrbyggjar, viss han vart berga.   Les mer …

Utstein kloster, 2006.
Foto: Frode Inge Helland
Utstein kloster ligg på Klosterøy, den vestlege delen av Mosterøy i Rennesøy kommune. Klosteret var for augustinarkannikar og vigd til St. Laurentius. Utstein er det best bevarte klosteret frå mellomalderen i Norge, men det har også mange trekk frå tida som herregard og frå restaureringsarbeid på 1900-talet. Staten kjøpte klosterkyrkja i 1899, og i 1935 overtok Nevnden for Utstein Klosters bevarelse (seinare Stiftelsen Utstein Kloster) heile klosteranlegget. Utstein kloster er eit mykje besøkt turistmål, og her vert ofte arrangert seminar, konferansar og konsertar.   Les mer …

Haraldshaugen fotografert på midten av 1900-tallet.
Haraldshaugen ligg på garden Gardå (Gard) i Haugesund kommune. I 1872, til 1000-års jubileet for slaget i Hafrsfjord, blei det på Haraldshaugen reist eit monument over Harald Hårfagre og rikssamlinga. I 1852 besøkte Ivar Aasen det folk antok var den gamle kongegrava på Gardå. Her vart han inspirert til å skriva om Haraldshaugen : Her ser eg Haralds haug fyre augom. Diktet stod på trykk både i Folkevennen, Illustreret Nyhedsblad og det kom med i P.A. Jensen si Læsebog for Folkeskolen og Folkehjemmet (1863). Dermed var Haraldshaugen sikra ein plass i den nasjonale mytologien som blomstra i denne nasjonsbyggingsfasen.   Les mer …

Det rekonstruerte bronsealderhuset i fortidslandsbyen på Forsandmoen. Huset har leirklinte, doble flettverksvegger og stråtak. Leirkliningen er ei blanding av blåleire, sand, finhakka malm og kumøk. Huset er bygd av rundtømmer som er hogd i Forsand og nabokommunane, og utan bruk av spiker.
Foto: Knut Rage (2013)
Forsandlandsbyen var ei busetjing på Forsandmoen i Forsand kommune i bronsealder og eldre jernalder. Dette er den første førhistoriske landsbyen som er undersøkt i Noreg. Studiar av stadnamna i området indikerer at namnet Landa blei nytta om busetjinga her. Fleire hus er rekonstruerte, og publikum kan besøka fortidslandsbyen Landa for å få inntrykk av korleis folk budde og skaffa seg det dei trong. Arkeologisk museum i Stavanger undersøkte i 1980 ei gravrøys på Forsandmoen. Det kom då for dagen busetjingsspor, noko som blei innleiinga til eit prosjekt som pågjekk fram til 1990 under leiing av arkeologen Trond Løken. For første gong blei flateavdekking nytta i stor skala ved arkeologiske granskingar her til lands. Metoden går ut på å fjerna dyrkingslaget med maskin for å kunna finna spor etter busetjing i undergrunnen.   Les mer …
 
Sjå óg
 
Eksterne ressursar
Forside:Rogaland fylke/Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Rogaland fylke
 
Andre artiklar