Olava Bertine Håland, fra Våre falne. Foto: Ukjent
Olava Bertine Håland f. Hauen (fødd 18. juli 1880 i Skudenes, død 28. november 1941 på Skudenesfjorden) var husmor. Ho var ei av de 33 som omkom då ruteskipet M/S «Vindafjord» vart senka av flybomber på Skudenesfjorden nord for Stavanger.
Olava Bertina, kalla «Lava», var dotter av Samuel Hauen (1848–1938) og Anna Serine Hauen (1852–1928).
I 1905 vart ho gift i USA med Børre Kristian Håland (1872–1959). Dei busette seg på heimstaden hans, bruket Håland i Kvitsøy kommune. Han hadde teke over det vesle bruket då faren vart sjuk. I 1905 var han på vitjing i USA, der han traff Lava i Sioux City. Den første dottera, Bertha Malene, vart fødd der i 1906. Dei fekk seks born til; yngstemann Peder Elin vart fødd i 1923. Det vesle våningshuset på Håland vart for lite for familien, og i 1925 bygde dei seg eit nytt hus der. Les mer …
Wergelandsveien i Åbøbyen, Sauda. Foto: Kirsten Hellerdal Fosstveit (2014)
Åbøbyen er ein bydel i Sauda kommune, bygd ut hovudsakleg i første del av 1900-talet av dei amerikanske fabrikkeigarane.
Åbøbyen vart planlagt som ein hageby med flotte parkanlegg, storslåtte allear, velregulerte gater, tennisbanar, idrettsbane, bibliotek og butikk, skule og sjukehus. Sjølv om dei arkitektteikna husa hadde god standard etter den tids forhold, var det skilnad på folk: Gatene fortalde kven du var. Haakonsgaten er «paradegata» mellom direktørbustaden og fabrikkporten. Nedst i gata, nærast støy og støv frå fabrikken, budde arbeidarane med lågast status og minst ansiennitet. Vidare oppover i gata, med stadig finare hus og betre leiglegheiter, budde i rekkjefølgje formenn, lågare funksjonærar og høgare funksjonærar – i same gate som direktøren.
Liknande bustadområde kan ein finna på andre industristader, slik som Odda, Tyssedal, Jørpeland, Flørli, Glomfjord, Rjukan og Eydehavn. Les mer …
Kraftstasjonen Sauda III stod ferdig i 1930. Arkitektane Bjercke og Eliassen stod for utforminga av stasjonen, og det var det lokale kraftselskapet A/S Saudefaldene som var utbyggjar. (2016)
Kraftstasjonen Sauda III ligg som eit landemerke, sentralt i Sauda, og godt synleg når ein kjem inn fjorden. Vasskrafta var grunnlaget for industrireisinga i Sauda, og det var A/S Saudefaldene som stod for utbygginga. Kraftutbygginga med Sauda I-IV skjedde i ein femtiårsperiode frå 1919 (Sauda I) til 1967 (Sauda IV). Kraftstasjonen Sauda III starta å produsera kraft 15. februar 1931, og heldt det gåande fram til aggregata blei slått av for godt i 2008. Sauda III vart då erstatta av det nybygde Sønnå kraftverk.
Utbygginga Sauda III, med kraftstasjonen, røyrgata og dammen ved Storlivatnet, har nokre særeigne og særskilde løysingar som er verdt å ta vare på. Mellom anna er dammen ved Storlivatnet rekna som eit pionerarbeid innan norsk dambygging. Dammen vart planlagt av den kjende dameksperten og ingeniøren Christian Fredrik Grøner. Arbeidet og planlegginga av sjølve kraftstasjonen stod dei like kjende arkitektane Andreas Bjercke og Georg Eliassen for. Les mer …
Vidvei ved Suldalseidet. Foto: Ekrheim (2008)
Vidvei er ein gard og ei grend i Suldal kommune i Rogaland. Garden ligg sør for Suldalseidet, og har gardsnummer 16. I dag blir namnet særleg nytta om bruket 16/13, men eit langt større område ved eidet tilhøyrde garden.
Oluf Rygh forklarar namnet som norrønt víðr, «vidstrakt» og eið, «eid». Dette har omsyn til eidet over frå Hylsfjorden til nedre del av Suldal. Den eldste kjende forma av namnet er Vidueidh i 1455, og Rygh meinar at dette kan vere ei gamal fleirtalsform Víðu-eið(ar). Det kan ut frå dette tidleg ha vore fleire bruk på garden. Andre kjende namneformaer er Weduiig (1567), Miduei (1606), Wediei (1610), Wedey (1661) og Wedweye (1723). Godkjend skrivemåte i dag er Vidvei. Les mer …
Kvalvåg kinamisjonslag i Strand kommune ble dannet i 1913. Norsk Luthersk Kinamisjonsforbund (NLM) hadde vært i drift i mange år da misjonslaget i Kvalvåg ble stiftet.
Lengst sør i Strand kommune ligger gården Kvalvåg. Til sammen er det 10 bruk som hører til i «Kvellvågkretsen». Bygda var tidligere veiløs, men ikke isolert, all ferdsel gikk sjøveien. I Kvalvåg ble det bygget en liten skole rundt 1911, den ble et naturlig samlingspunkt i bygda. Til dette området var det Sven Foldøen kom i 1911 og startet sin vekkelse.
Her bergtok Foldøen folket med sine talegaver og mange bøyde kne og ble frelst. Kvalvåg Misjonslags spede begynnelse startet etter at emissær Svend Foldøen hadde holdt flere vekkelsesmøter. Da ble Selius frelst. Han er den første navngitte person vi kjenner til som var med i Kvalvåg Kinamisjonslag fra starten i 1913. Les mer …
|