Kvitsøykrossen. Foto: Svein-Magne Tunli (2012)
Kvitsøykrossen, eller Steinkrossen på Kvitsøy, er ein skiferkross frå slutten av jarnalderen på Krossøy i Kvitsøy kommune. Han er lett synleg frå skipsleia, og har i mange hundre år vore eit kjend landemerke.
Ein veit ikkje sikkert kvifor det vart satt opp ein kross her, men berre kring 200 meter frå krossen finn ein ruinane av St. Klemens' kyrkje, først nemnd i 1146 og truleg noko eldre enn det. Krossen kan ha vore knytt til denne kyrkja, men han kan óg ha markert ein eldre heilag stad. Det er ikkje noko som tyder på at han er eit gravminne. Ein teori er at det var engelske misjonærar som sett han opp på 900-talet, men krossen kan óg vere eldre enn dette. Kvitsøykrossen kan altså godt ha stått der då Erling Skjalgsson og Olav Haraldsson inngjekk eit forlik på staden i 1016, men det er óg mogleg at han vart reist noko seinare. Les mer …
Wergelandsveien i Åbøbyen, Sauda. Foto: Kirsten Hellerdal Fosstveit (2014)
Åbøbyen er ein bydel i Sauda kommune, bygd ut hovudsakleg i første del av 1900-talet av dei amerikanske fabrikkeigarane.
Åbøbyen vart planlagt som ein hageby med flotte parkanlegg, storslåtte allear, velregulerte gater, tennisbanar, idrettsbane, bibliotek og butikk, skule og sjukehus. Sjølv om dei arkitektteikna husa hadde god standard etter den tids forhold, var det skilnad på folk: Gatene fortalde kven du var. Haakonsgaten er «paradegata» mellom direktørbustaden og fabrikkporten. Nedst i gata, nærast støy og støv frå fabrikken, budde arbeidarane med lågast status og minst ansiennitet. Vidare oppover i gata, med stadig finare hus og betre leiglegheiter, budde i rekkjefølgje formenn, lågare funksjonærar og høgare funksjonærar – i same gate som direktøren.
Liknande bustadområde kan ein finna på andre industristader, slik som Odda, Tyssedal, Jørpeland, Flørli, Glomfjord, Rjukan og Eydehavn. Les mer …
Ein av dei flotte vegkonstruksjonane på driftavegen i Viglesdalen. Foto: Njål Vadla
Driftavegen gjennom Viglesdalen i Hjelmeland kommune i Rogaland er ein gamal ferdselsveg som følger dalføret innover mot turisthytta Stakken og vidare til Nilsebuvatnet og Nilsebu. Vegen er ein del av nettverket av dei gamle ferdselsårene austover fjellet frå Ryfylke til Setesdal. Frå 2020 har ruta status som Historisk vandrerute
Fyrste del av turen er ein imponerande drifteveg som vart bygd av svenske rallarar i åra 1907-1912. Planen var truleg å bygge den vidare austover. Driftevegen går i et fantastisk kulturlandskap langs sørsida av Storånå frem til Viglesdalsvatnet. Ved enden av Viglesdalsvatnet ligg fjellgarden i Viglesdalen, med arkeologiske spor heilt tilbake til jernalder. Den historiske vandreruta fortsett vidare mot Stakken og Nilsebu. Frå Nilsebu kan ein gå ned til Lysestølane. Les mer …
Allmannajuvet i Sauda kommune, frå anlegget teikna av den sveitsiske arkitekten Peter Zumthor. Her ser ein galleriet. (2017)
Allmannajuvet i Sauda kommune var i åra frå 1882 til 1898 eit gruveområde der det vart henta ut malm. I dag er dei nedlagde malmgruvene omgjort til ein turistattraksjon som årleg tiltrekkjer seg tusenvis av besøkande. Det første registrerte funnet av malm i Sauda vart notert 2. oktober 1881. Fram til drifta vart nedlagd i 1898, vart det produsert 12 000 tonn malm i gruvene. Dei første åra vart malmen frakta med kløvhestar ned til fjorden. Hestane bar 100 kilo malm, mens mennene tok 25 kilo kvar. Malmen vart transportert vidare med dampbåt langs Saudafjorden og eksportert til utlandet.
Det var husmannen og ferjemannen Gregoirus Hansson Tengesdal som i 1881 gjorde eit funn som skulle bli starten for industristaden Sauda, og dermed føra arbeidarklassen, industri og utanlandsk kapital dit. Han fann nemleg hovudåra i eit belte av sinkblende. I det solfattige juvet 6-7 kilometer aust for Sauda fekk bygda si første industriverksemd, Sauda Grubekompani. Les mer …
Heia kvinneforening i Strand i Rogaland ble grunnlagt i 1879. Formålet var å støtte virksomheten til Det Norske Misjonsselskap.
Første kvittering for mottatt gave står i « Norsk Missionstidende, no. 22. November 1880. 35te Aarg.», under overskriften «Gavefortegnelse [...]. Til Stavangers Kredsbestyrelse indkommet i 3die Kvartal d. A.: [...] Heiens Kvf. i Strand ved Lisebet Helland [kr.] 9.60. [...] Stavanger den 1ste Oktober 1880. B. Bergesen, jr.» (s. 439-440). Les mer …
|