Forside:Sørsamisk historie og kultur

URFOLK OG NASJONALE MINORITETER • NYERE MINORITETER
samisk • skogfinsk • kvensk • rom • romani • jødisk
sørsamisk • umesamisk • pitesamisk • lulesamisk • nordsamisk • austsamisk
språk • byggeskikk • rein • mat • religion/livssyn

Om Sørsamisk historie og kultur
Viehtjere (‘runebommehammar’) frå Rendalen i Østerdalen, datert til kring 1160–1260 evt.
Sørsamane er den gruppa av samar som tradisjonelt bur lengst i sørvest av dei samiske folka. I vidare forstand er ofte umesamane inkludert, og gruppa inkluderer da så å seie alle samar som tradisjonelt har budd sør for Saltfjellet i Norge og sør for Arjeplog i Sverige. Språklig sett viser sørsamisk arkaiske trekk. Det finst to motstridande ytterpunkt i synet på sørsamisk historie: det tradisjonelle synet, som er at samane har vore til stades i området i uminnelige tider og representerer urbefolkninga i Skandinavia; og Yngvar Nielsen sin framrykkingsteori, som seier at mangelen på historiske kjelder om samisk nærvere i Midt- og Sør-Norge beviser ex silentio at samane har rykka inn frå nord og at dette ikkje skjedde før på 1700- og 1800-talet. Ei etter kvart svært fyldig liste over historiske kjelder — i form av både skriftlige dokument og arkeologiske funn — har ført til at forsvaret for framrykkingsteorien har meir eller mindre stilna sidan 1990-åra.   Les mer ...
 
Smakebitar
Ellinor Marita Jåma.
Foto: Kenneth Hætta / Sametinget

Ellinor Marita Jåma (født 8. august 1979 i Røyrvik) er politiker. Hun representerer Åarjel-Saemiej Gielh]] (Sørsamiske Røster) i Sametinget i periodene 2009–2013, 2013–2017 og 2017–21. Hun var i den første perioden ett av fem medlemmer i Sametingsrådet, som er Sametingets styrende råd. I tillegg er hun leder i oppvekst-, utdanning- og omsorgskomiteen samt varamedlem i Samisk Parlamentarisk råd.

Ved sametingsvalget 2009 ble hun valgt inn på Sametinget for perioden 2009–2013, men den 25. februar 2010 besluttet Sametingets plenumsmøte at sametingsrådets medlemmer skal tre ut av Sametingets plenum, og bli erstattet av sine varamedlemmer. [[Ida Marie Bransfjell overtok da Ellinor Jåmas plass som sametingsrepresentant.

Hun har bakgrunn som bl.a. lærervikar, praktikant ved Grong lensmannskontor, samisk veiviser ved Samisk høyskole, læringsassistent hos Eksperter i Team ved NTNU i Trondheim og prosjektleder i Grong kommune. Som utdanning har hun grunnfag i både psykologi]] og kriminologi, bachelorfordypning i arbeids- og organisasjonspsykologi og en mastergrad i sosial- og samfunnspsykologi fra NTNU. Mastergradsoppgaven hennes handlet om «Videregående elevers kunnskap og forståelse av samisk kultur». Hun har også tatt Formidling av samisk kultur og samfunn ved Samisk høgskole.   Les mer …

Marie Finnskog deltok under Samemøtet i 1917, hvor hun blant annet sa at «retten til å eie landet og beitestrækningerne tilhørte lapperne som var landets første folk.»Hun har på seg en sørsamisk gåptoe, med tjurrie-tjohpe – den karakteristiske kamformede lua som bare brukes i det rørossamiske området.
Marie Finnskog (født 3. mai 1851 i Røros; død på Glemmen pleiehjem i Fredrikstad 7. juni 1927) var en sørsamisk emissær, sangevangelist og folketaler som fra ca 1890 til 1920-årene holdt møter over store deler av Norge. Hun deltok på samemøtet i 1917 og samemøtet i 1921. Hun brukte også navneformene Marie Finskog og Maria Finnskog, og som ugift Maria Kjelsberg og Marie Stengel. Hennes foredrag var dels kristelige, dels om avholdssaken, dels om samisk kultur, og dels mer politisk om «lappernes fortrykte stilling». Hun kan ha vært en av de første samer som talte offentlig om dette. I en redegjørelse for sin virksomhet i 1916 sa hun at hun hadde vært forkynner i 25 år, og talt samenes sak i 15 år.   Les mer …

Torspråklig sørsamisk/norsk skilt på biblioteket i Snåsa kommune.
Foto: Olve Utne
Sørsamisk (sørsamisk åarjelsaemien gïele, åarjelsaemien) er eit samisk språk med tre nolevande hovuddialektar som blir snakka blant sørsamar. Det tradisjonelle utbreiingsområdet til sørsamisk er sørom Korgen i Noreg og Umeälven i Sverige. Hovuddialektane av sørsamisk er vefsnsamisk (i Sverige: vilhelminasamiska), jamtlandssamisk og rørossamisk (i Sverige: härjedalssamiska eller sydlig jämtlandssamiska). Umesamisk blir òg ofte rekna til sørsamisk, men ligg med sin kombinasjon av omlyd og stadieveksling nært opp til pitesamisk. I Noreg blir samiske stadnamn i det tradisjonelt umesamiske området offisielt normert til sørsamisk.   Les mer …

Satellittbilde av storparten av Nordmøre og Sør-Fosen med «finn»-namn markert.
Det finst fleire stadnamn på «finn-» i Romsdal, på Nordmøre og i Sør-Fosen. Finn-namna har i alle fall fire etablerte hovudetymologiar: (1) Dei kan vise til ei landskapsform; (2) dei kan vise til ymse spesifikke typar vegetasjon; (3) dei kan vise til dei norrøne mannsnamna Finnr og Finni; og (4) dei kan vise til folkenamnet finn. Olav Rygh sett generelt slike namn i samband med dei lite bruka norrøne mannsnamna Finnr og Finni, men i seinare tid har det vorte vanligare å sjå ein del av desse namna i samband med samisk nærvere. Det siste er særlig tydelig i namn som «Finnhøtthaugen», der «finnhøtt-» viser til kåter eller gammar.   Les mer …

Rørossamisk, òg kjent som herjedalssamisk eller sørlig jämtlandssamisk, er den sørligaste av dei tre overlevande hovuddialektane av sørsamisk — og den sørligaste av alle dei nolevande samiske dialektane. I Noreg blir rørossamisk tradisjonelt snakka i området frå Nord-Østerdalen og Trollheimen i sør til Tydalsområdet i nordaust, og i Sverige blir han snakka så langt sør som i Idre og Särna. Blant dei mest kjennspake trekka kan nemnast bevart m i endingar der nordligare dialektar har svekking til b, så vel som mykje overgang frå -oe til -a i endingar. Andre viktige trekk er gjennomgripande palatalisering av s til sj føre fremre vokal (goåssjie (gåessie)); hyppig overgang a > sj føre n (Nörjisjn (Nöörjesne), sjeæterisjnie (seaterisnie)) og t (Sjtaala (Staaloe), sjisjtie (sistie)); så vel som ein del apokope av korte vokalar.   Les mer …

Foto: Erlend Leirdal
Den samiske historiaNordmøre (inkludert Sunndalsfjella/Dovre) og i Sør-Fosen (i tydinga Agdenes/Snillfjord/Hemne-området og øyane utanfor) er foreløpig lite kartlagt. I 2006 vart det funne fire aernieh (sørsamiske eldstader) med tilhørande båassjoeh, så vel som bl.a. mange fangstgroper for rein ved Aursjøen i fjella mellom Sunndal og Lesja. Ulike skikt av trekolet i eldstadene er datert til ymse tidspunkt i perioden frå 600-talet til kring begynnelsen av 900-talet. Vi veit at det har vore sørsamisk reindrift i Trollheimen og på Fosenhalvøya i lange tider, og det har òg vore reindrift kring Hemnkjølen og så langt vest som fjellområda mellom Valsøyfjorden i Halsa kommune og Bøverdalen i Surnadal kommune heilt fram til 1980. I Aure og Smøla kommunar er det først og fremst i stadnamna at den samiske delen av lokalhistoria kjem til synes. På Veiholmen er det òg gjort éit vesentleg arkeologisk funn: ein gjenstand som vart tolka som ein vevspjelk eller vevkam i horn med typisk sørsamisk ornamentikk, stildatert til kring 1200—1500 evt.   Les mer …
 
Kategoriar for Sørsamisk historie og kultur
 
Andre artiklar