Forside:Sørsamisk historie og kultur

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 13. jun. 2013 kl. 11:54 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Erstatter sida med «{{Forside Samer}} {{Emnemal|Flertall(er/ar)=ar}}»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Forside Samer

Om Sørsamisk historie og kultur
Viehtjere (‘runebommehammar’) frå Rendalen i Østerdalen, datert til kring 1160–1260 evt.
Sørsamane er den gruppa av samar som tradisjonelt bur lengst i sørvest av dei samiske folka. I vidare forstand er ofte umesamane inkludert, og gruppa inkluderer da så å seie alle samar som tradisjonelt har budd sør for Saltfjellet i Norge og sør for Arjeplog i Sverige. Språklig sett viser sørsamisk arkaiske trekk. Det finst to motstridande ytterpunkt i synet på sørsamisk historie: det tradisjonelle synet, som er at samane har vore til stades i området i uminnelige tider og representerer urbefolkninga i Skandinavia; og Yngvar Nielsen sin framrykkingsteori, som seier at mangelen på historiske kjelder om samisk nærvere i Midt- og Sør-Norge beviser ex silentio at samane har rykka inn frå nord og at dette ikkje skjedde før på 1700- og 1800-talet. Ei etter kvart svært fyldig liste over historiske kjelder — i form av både skriftlige dokument og arkeologiske funn — har ført til at forsvaret for framrykkingsteorien har meir eller mindre stilna sidan 1990-åra.   Les mer ...
 
Smakebitar
Marie Finnskog deltok under Samemøtet i 1917, hvor hun blant annet sa at «retten til å eie landet og beitestrækningerne tilhørte lapperne som var landets første folk.»Hun har på seg en sørsamisk gåptoe, med tjurrie-tjohpe – den karakteristiske kamformede lua som bare brukes i det rørossamiske området.
Marie Finnskog (født 3. mai 1851 i Røros; død på Glemmen pleiehjem i Fredrikstad 7. juni 1927) var en sørsamisk emissær, sangevangelist og folketaler som fra ca 1890 til 1920-årene holdt møter over store deler av Norge. Hun deltok på samemøtet i 1917 og samemøtet i 1921. Hun brukte også navneformene Marie Finskog og Maria Finnskog, og som ugift Maria Kjelsberg og Marie Stengel. Hennes foredrag var dels kristelige, dels om avholdssaken, dels om samisk kultur, og dels mer politisk om «lappernes fortrykte stilling». Hun kan ha vært en av de første samer som talte offentlig om dette. I en redegjørelse for sin virksomhet i 1916 sa hun at hun hadde vært forkynner i 25 år, og talt samenes sak i 15 år.   Les mer …

Torspråklig sørsamisk/norsk skilt på biblioteket i Snåsa kommune.
Foto: Olve Utne
Sørsamisk (sørsamisk åarjelsaemien gïele, åarjelsaemien) er eit samisk språk med tre nolevande hovuddialektar som blir snakka blant sørsamar. Det tradisjonelle utbreiingsområdet til sørsamisk er sørom Korgen i Noreg og Umeälven i Sverige. Hovuddialektane av sørsamisk er vefsnsamisk (i Sverige: vilhelminasamiska), jamtlandssamisk og rørossamisk (i Sverige: härjedalssamiska eller sydlig jämtlandssamiska). Umesamisk blir òg ofte rekna til sørsamisk, men ligg med sin kombinasjon av omlyd og stadieveksling nært opp til pitesamisk. I Noreg blir samiske stadnamn i det tradisjonelt umesamiske området offisielt normert til sørsamisk.   Les mer …

Satellittbilde av storparten av Nordmøre og Sør-Fosen med «finn»-namn markert.
Det finst fleire stadnamn på «finn-» i Romsdal, på Nordmøre og i Sør-Fosen. Finn-namna har i alle fall fire etablerte hovudetymologiar: (1) Dei kan vise til ei landskapsform; (2) dei kan vise til ymse spesifikke typar vegetasjon; (3) dei kan vise til dei norrøne mannsnamna Finnr og Finni; og (4) dei kan vise til folkenamnet finn. Olav Rygh sett generelt slike namn i samband med dei lite bruka norrøne mannsnamna Finnr og Finni, men i seinare tid har det vorte vanligare å sjå ein del av desse namna i samband med samisk nærvere. Det siste er særlig tydelig i namn som «Finnhøtthaugen», der «finnhøtt-» viser til kåter eller gammar.   Les mer …

Rørossamisk, òg kjent som herjedalssamisk eller sørlig jämtlandssamisk, er den sørligaste av dei tre overlevande hovuddialektane av sørsamisk — og den sørligaste av alle dei nolevande samiske dialektane. I Noreg blir rørossamisk tradisjonelt snakka i området frå Nord-Østerdalen og Trollheimen i sør til Tydalsområdet i nordaust, og i Sverige blir han snakka så langt sør som i Idre og Särna. Blant dei mest kjennspake trekka kan nemnast bevart m i endingar der nordligare dialektar har svekking til b, så vel som mykje overgang frå -oe til -a i endingar. Andre viktige trekk er gjennomgripande palatalisering av s til sj føre fremre vokal (goåssjie (gåessie)); hyppig overgang a > sj føre n (Nörjisjn (Nöörjesne), sjeæterisjnie (seaterisnie)) og t (Sjtaala (Staaloe), sjisjtie (sistie)); så vel som ein del apokope av korte vokalar.   Les mer …

Elsa Laula (trulig ca. 1900).
Elsa Laula Renberg (f. 29. november 1877 i Vilhelmina eller Susendalen, d. 22. juli 1931 i Brønnøy) var ein sørsamisk politisk aktivist. Ho er særlig kjent som forfattaren til skriftet Inför lif och död: Sanningsord i de lapska förhållandena (1901) og som hovudarrangør av det aller første samiske landsmøtet, som vart heldt i Trondheim den 6.9. februar 1917. Elsa Kristina Larsdotter Laula vart fødd den 29. november 1877Gardfjäll ved grensa mellom Vilhelmina kommun og Storumans kommun av mora Kristina Josefina Larsdotter (1847–1912) og faren Lars Thomasson Laula (1846–1899, frå Susendalen i Hattfjelldal). Ho voks opp i Suofo (Såafoe) ved Dikanäs i Vilhelmina kommun. Av Folkräkningen 1890 går det fram at Elsa Stina hadde ein eldre bror (Tomas Leonard, f. 1874) og fire yngre søsken (Jonas Petter Ture (f. 1880), Maria Katarina (f. 1882), Klemet Eugénius (f. 1886) og Kristofer Damanius (f. 1887)). Som heimstad er oppgjeve Lappska allmogen. I 1891 fikk ho ein bror til, Mattias Larsson Laula. Mattias og faren drukna i 1899. Elsa begynte på jordmorutdaninga ved Södra barnbördshuset i Stockholm, men fullførte av ukjente grunnar aldri den utdaninga. Derimot vart ho kjent for foredraga sine i Stockholm.   Les mer …

Saemien Sijte.
Foto: Olve Utne (2011)

Saemien Sijte - sørsamisk museum og kultursenter i Snåsa er et sørsamisk spesialmuseum med samlinger som dekker distriktene fra Femunden til Saltfjellet, inkludert sørsamisk kultur i snevrere forstand så vel som tidligere umesamisk kultur. Organisasjonen Saemien Sijte ble etablert som en kulturforening i 1964, og hadde i startfasen som hovedmål å realisere planen om et samisk kulturhus med en samling av bruksting, samiske bygninger/husvær og andre ting av kulturell og historisk interesse som kunne gi et bilde av sørsamisk liv og historie. Byggeprosessen tok lang tid, men dagens lokaler ble endelig ferdigstilt i 1979 og offisielt innviet den 3. november 1980. Det viste seg snart at plassbehovet i praksis var større enn det bygningen kunne romme, bl.a. på grunn av behov for flere faglige ansatte. I statsbudsjettet for 2019 er det etter mange års arbeid satt av midler til nybygg.

Museet driver systematiske registreringer av faste kulturminner og innsamling av foto. Katalogen over gjenstandene er ordnet kronologisk. Materialet fra registreringen av faste kulturminner er behandlet elektronisk, og en kan søke ut opplysninger på flere stikkord. Kopier av materialet er tilgjengelig. Museet har fotosamling som består av ca. 1200 bilder tatt fra slutten av 1800-tallet og fram til i dag. Motivene omfatter sørsamisk kultur, reindrift, landskap og portretter, og gjelder det sørsamiske området fra Saltfjellet i nord til Engerdal i sør og tilsvarende områder på svensk side. Materialet er systematisk ordnet. Filmene kan lånes ut.   Les mer …
 
Kategoriar for Sørsamisk historie og kultur
 
Andre artiklar